Nivå 3CSS: Gøym spøkelsa

Til lærerveiledningenOgså på:Bokmål

Åpne på mobilen

Skann koden med kameraet på mobilen. Avkrysningene dine blir med.

Introduksjon

Tre spøkelse har flytta inn i eit gammalt hus. Dei vil ikkje bli sett, så du skal hjelpe dei å gøyme seg bak skapet, sofaen og kassa. Etterpå gjer du rommet om til eit spel: ein venn klikkar på møblane og prøver å finne alle spøkelsa.

Undervegs lærer du å plassere ting akkurat der du vil på ei nettside med CSS: position, top, left, bottom, right og z-index.

Eit mørkt rom med eit skap, ein raud sofa og ei pappkasse. Skapet er
gjennomsiktig, og spøkelset som var bak, har flydd opp under taket. Over rommet
står det "Du har funnet 1 av 3 spøkelser".

Det er lurt å ha gjort Mi første nettside og Kva er ei nettside? først.

Steg 1: Rommet og det første spøkelset

Rommet er ein <div> med fast breidd og høgd. Spøkelset er ein emoji inne i ein eigen <div>.

<!DOCTYPE html>
<html lang="no">
  <head>
    <meta charset="utf-8">
    <title>Gjem spøkelsene</title>
    <style>
      #rom {
        position: relative;
        width: 360px;
        height: 240px;
        background-color: #3b3054;
        border-bottom: 40px solid #6b4a2b;
      }
      .spokelse {
        position: absolute;
        font-size: 40px;
      }
      #spokelse1 {
        top: 20px;
        left: 30px;
      }
    </style>
  </head>
  <body>
    <div id="rom">
      <div class="spokelse" id="spokelse1">👻</div>
    </div>
  </body>
</html>

Sjekkliste

Forklaring

  • position: absolute; tyder at du sjølv bestemmer nøyaktig kvar elementet skal stå, med top, left, bottom og right.

  • Avstanden blir målt frå kanten av den nærmaste forelderen som har position. Her er det #rom, fordi han har position: relative;. Utan han blir avstanden målt frå kanten av heile sida.

  • px tyder pikslar, dei små prikkane skjermen er bygd opp av. left: 30px; tyder 30 pikslar frå venstre kant.

  • Tenk på rommet som eit koordinatsystem der (0, 0) er øvst til venstre. left er x, og top er y. Legg merke til at y veks nedover.

Steg 2: Møblar å gøyme seg bak

No set vi inn eit skap, ein sofa og ei kasse. Alle møblane har klassen mobel, så dei deler nokre reglar. Kvart møbel har i tillegg sin eigen id med plassering og utsjånad.

<!DOCTYPE html>
<html lang="no">
  <head>
    <meta charset="utf-8">
    <title>Gjem spøkelsene</title>
    <style>
      #rom {
        position: relative;
        width: 360px;
        height: 240px;
        background-color: #3b3054;
        border-bottom: 40px solid #6b4a2b;
      }
      .spokelse {
        position: absolute;
        font-size: 40px;
      }
      #spokelse1 {
        top: 20px;
        left: 30px;
      }
      .mobel {
        position: absolute;
        bottom: 0;
      }
      #skap {
        left: 20px;
        width: 80px;
        height: 170px;
        background-color: #8b5a2b;
        border: 3px solid #5c3a1a;
      }
      #sofa {
        left: 130px;
        width: 130px;
        height: 70px;
        background-color: #c0392b;
        border-radius: 20px 20px 6px 6px;
      }
      #kasse {
        left: 270px;
        font-size: 72px;
        line-height: 1;
      }
    </style>
  </head>
  <body>
    <div id="rom">
      <div class="spokelse" id="spokelse1">👻</div>
      <div class="mobel" id="skap"></div>
      <div class="mobel" id="sofa"></div>
      <div class="mobel" id="kasse">📦</div>
    </div>
  </body>
</html>

Sjekkliste

Forklaring

  • bottom: 0; i .mobel set alle møblane på golvet. Då slepp vi å rekne ut top for kvart møbel.

  • Når to element står oppå kvarandre, teiknar nettlesaren det som kjem sist i HTML-en øvst. Difor forsvann spøkelset bak skapet då det stod først, og kom fram igjen då du flytta det etter skapet.

Steg 3: Bestem kven som er framme med z-index

Det er tungvint å flytte linjer i HTML-en for å bestemme kva som er framme. Med z-index seier vi det rett i CSS-en. Eit element med høgare z-index står framfor eit element med lågare.

Hald fram i boksen frå steg 2.

Sjekkliste

  • <div class="spokelse" id="spokelse2">👻</div>
    <div class="spokelse" id="spokelse3">👻</div>
    

Forklaring

  • z-index verkar berre på element som har position.

  • Namnet kjem frå koordinatsystemet: left er x, top er y, og z er retninga rett ut av skjermen, mot deg.

  • Har to element same z-index, er det igjen rekkjefølgja i HTML-en som bestemmer.

Steg 4: Finn spøkelsa

No gjer vi rommet om til eit spel. Når du klikkar på eit møbel, blir det gjennomsiktig. Står det eit spøkelse bak, kan du klikke på spøkelset for å fange det. Ein teljar viser kor mange du har funne.

Her er heile spelet med tre gøymde spøkelse:

<!DOCTYPE html>
<html lang="no">
  <head>
    <meta charset="utf-8">
    <title>Gjem spøkelsene</title>
    <style>
      body {
        font-family: sans-serif;
      }
      #rom {
        position: relative;
        width: 360px;
        height: 240px;
        background-color: #3b3054;
        border-bottom: 40px solid #6b4a2b;
      }
      .spokelse {
        position: absolute;
        z-index: 1;
        font-size: 40px;
        cursor: pointer;
      }
      #spokelse1 {
        top: 120px;
        left: 35px;
      }
      #spokelse2 {
        top: 180px;
        left: 170px;
      }
      #spokelse3 {
        top: 176px;
        left: 292px;
      }
      .mobel {
        position: absolute;
        bottom: 0;
        z-index: 2;
        cursor: pointer;
        transition: opacity 0.5s;
      }
      #skap {
        left: 20px;
        width: 80px;
        height: 170px;
        background-color: #8b5a2b;
        border: 3px solid #5c3a1a;
      }
      #sofa {
        left: 130px;
        width: 130px;
        height: 70px;
        background-color: #c0392b;
        border-radius: 20px 20px 6px 6px;
      }
      #kasse {
        left: 270px;
        font-size: 72px;
        line-height: 1;
      }
      .flyttet {
        opacity: 0.3;
        pointer-events: none;
      }
      #rom .funnet {
        top: 10px;
      }
    </style>
  </head>
  <body>
    <p id="teller">Finn de 3 spøkelsene! Klikk på møblene.</p>
    <div id="rom">
      <div class="spokelse" id="spokelse1">👻</div>
      <div class="spokelse" id="spokelse2">👻</div>
      <div class="spokelse" id="spokelse3">👻</div>
      <div class="mobel" id="skap"></div>
      <div class="mobel" id="sofa"></div>
      <div class="mobel" id="kasse">📦</div>
    </div>

    <script>
      const teller = document.querySelector('#teller');
      let funnet = 0;

      for (const mobel of document.querySelectorAll('.mobel')) {
        mobel.addEventListener('click', () => {
          mobel.classList.add('flyttet');
        });
      }

      for (const spokelse of document.querySelectorAll('.spokelse')) {
        spokelse.addEventListener('click', () => {
          if (spokelse.classList.contains('funnet')) {
            return;
          }
          spokelse.classList.add('funnet');
          funnet = funnet + 1;
          teller.textContent = 'Du har funnet ' + funnet + ' av 3 spøkelser';
        });
      }
    </script>
  </body>
</html>

Sjekkliste

Forklaring

  • .flyttet er ein klasse som JavaScript legg på møbelet når du klikkar. opacity: 0.3; gjer møbelet nesten gjennomsiktig.

  • pointer-events: none; gjer at klikk går gjennom møbelet, til spøkelset som står bak.

  • #rom .funnet tyder element med klassen funnet inne i #rom. Regelen set top: 10px;, så spøkelset flyg opp under taket.

  • transition: opacity 0.5s; gjer at møbelet blekner sakte i staden for med ein gong.

Kvifor står det #rom framfor .funnet?

Prøv å endre #rom .funnet til berre .funnet. No flyg ikkje spøkelset lenger.

Ein regel med #id er sterkare enn ein regel med berre .klasse, same kvar reglane står. Difor vinn top: 120px; frå #spokelse1 over top: 10px; frå .funnet. Med #rom framfor har regelen både ein id og ein klasse, og då er han sterkare enn #spokelse1. Set #rom tilbake når du har prøvd.

Utfordringar

  • spokelse.style.left = Math.random() * 320 + 'px';