HTML: Mi første nettside
Introduksjon
I denne oppgåva lagar du ei nettside om noko du likar: eit dyr, ein hobby, eit spel eller ei bok. Undervegs lærer du dei viktigaste HTML-taggane: overskrifter, avsnitt, lister, bilete og lenkjer. Til slutt pyntar du sida med litt CSS.

Har du ikkje gjort Kva er ei nettside?, er det lurt å starte der.
Steg 1: Vel eit tema
Bestem deg for kva sida skal handle om. I døma bruker vi pandaer, men du skal byte det ut med ditt eige tema.
<!DOCTYPE html>
<html lang="no">
<head>
<meta charset="utf-8">
<title>Alt om pandaer</title>
</head>
<body>
<h1>Alt om pandaer</h1>
<p>Pandaer bor i fjellskoger i Kina og spiser nesten bare bambus.</p>
</body>
</html>
Sjekkliste
Tips
Du kan også skrive koden i VS Code. Trykk Last ned som fil under dømet, eller lag ei ny fil. Sjå oppgåva VS Code. I VS Code blir arbeidet ditt lagra som ei fil du kan opne igjen seinare.
Steg 2: Fleire overskrifter
HTML har seks nivå av overskrifter, frå <h1> (størst) til <h6> (minst). Bruk
dei som kapittel og underkapittel i ei bok. Ei side bør ha éin <h1>.
Sjekkliste
-
<h2>Hva spiser pandaen?</h2> <p>En voksen panda kan spise over 12 kilo bambus om dagen.</p>
Steg 3: Lister
Lister passar når du har fleire ting som høyrer saman. <ul> lagar ei liste med
prikkar, og <ol> lagar ei nummerert liste. Kvart punkt står i <li>.
Sjekkliste
-
<h2>Fakta</h2> <ul> <li>Pandaen er en bjørn.</li> <li>Den kan bli over 20 år gammel.</li> <li>En nyfødt panda er mindre enn en mus.</li> </ul>
Steg 4: Bilete
Eit bilete legg vi inn med <img>. Han har ingen slutt-tagg. I staden fortel vi
alt i attributt:
<img src="panda.svg" alt="Tegning av en panda som tygger på bambus">
-
srcer namnet på biletfila. -
alter ei skildring av biletet. Ho blir lesen opp for blinde og svaksynte, og ho blir vist viss biletet ikkje finst.
Sjekkliste
Bilete frå eiga maskin
Prøv selv-boksen kan berre vise bilete som ligg på nettet, slik som panda.svg
her. Vil du bruke dine eigne bilete, må du jobbe i VS Code. Legg biletet i same
mappe som index.html, og skriv filnamnet i src, til dømes
src="hunden-min.jpg". Bruk bilete du har teke sjølv, eller bilete du har lov
til å bruke.
Tek du med pandasida over i VS Code, må du også lagre panda.svg i
same mappe som index.html.
Steg 5: Lenkjer
Lenkjer er det som bind nettet saman. Ei lenkje lagar vi med <a>:
<a href="https://no.wikipedia.org/wiki/Kjempepanda">Les mer på Wikipedia</a>
href er adressa lenkja går til. Teksten mellom <a> og </a> er det du
klikkar på.
Sjekkliste
Steg 6: Pynt med CSS
No har sida innhald. La oss gi henne litt stil. Her er heile pandasida med CSS.
Bruk henne som døme, eller lim inn <style>-delen i di eiga side.
<!DOCTYPE html>
<html lang="no">
<head>
<meta charset="utf-8">
<title>Alt om pandaer</title>
<style>
body {
font-family: sans-serif;
max-width: 40em;
margin: 0 auto;
padding: 1em;
background-color: #f4f8f2;
}
h1 {
color: #2e5e3a;
text-align: center;
}
h2 {
border-bottom: 2px solid #2e5e3a;
}
img {
max-width: 100%;
}
a {
color: #b3471d;
}
</style>
</head>
<body>
<h1>Alt om pandaer</h1>
<img src="panda.svg" alt="Tegning av en panda som tygger på bambus">
<p>Pandaer bor i fjellskoger i Kina og spiser nesten bare bambus.</p>
<h2>Hva spiser pandaen?</h2>
<p>En voksen panda kan spise over 12 kilo bambus om dagen.</p>
<h2>Fakta</h2>
<ul>
<li>Pandaen er en bjørn.</li>
<li>Den kan bli over 20 år gammel.</li>
<li>En nyfødt panda er mindre enn en mus.</li>
</ul>
<p>
<a href="https://no.wikipedia.org/wiki/Kjempepanda">
Les mer på Wikipedia
</a>
</p>
</body>
</html>
Sjekkliste
Lagre
Prøv selv-boksen hugsar koden din berre i denne nettlesaren på denne maskina.
Trykk Last ned som fil for å ta vare på han. Då får du fila index.html,
som du kan opne i nettlesaren eller jobbe vidare med i VS
Code.
