Nivå 1HTML: Kva er ei nettside?

Til lærerveiledningenOgså på:Bokmål

Åpne på mobilen

Skann koden med kameraet på mobilen. Avkrysningene dine blir med.

Introduksjon

Kvar dag opnar du nettsider: læringsplattforma på skulen, ein video, eit spel eller vêrmeldinga. I denne oppgåva finn du ut kva ei nettside eigentleg er laga av. Du får sjå korleis nettlesaren gjer om tekst til noko du kan sjå og klikke på, og du gjer dei første endringane dine på ei ekte nettside.

Du treng ikkje installere noko. Alt blir gjort i ein Prøv selv-boks rett her på sida.

Ein Prøv selv-boks med knappane Kjør, Tilbakestill og Last ned som fil. Til
venstre står HTML-koden under overskrifta Koden din, og til høgre viser Resultat
overskrifta "Hei, verden!" og eit avsnitt.

Steg 1: Frå adresse til ferdig side

Når du skriv ei adresse i nettlesaren, til dømes yr.no, skjer dette:

  1. Nettlesaren spør ein server om sida. Ein server er ei datamaskin som står ein stad i verda og ventar på slike spørsmål.

  2. Serveren svarar med nokre filer. Dei viktigaste er HTML, CSS og JavaScript. Bilete, lyd og video kjem i eigne filer.

  3. Nettlesaren les filene og teiknar sida på skjermen.

Dei tre språka har kvar sin jobb:

  • HTML seier kva som er på sida: overskrifter, avsnitt, bilete, lenkjer.

  • CSS seier korleis sida ser ut: fargar, skrift, storleikar og plassering.

  • JavaScript seier kva som skjer når du gjer noko: klikkar, skriv eller trykkjer på ein tast.

Sjekkliste

Steg 2: Den første HTML-en din

Under ser du ei heil nettside. I boksen står koden, og like ved blir resultatet vist, slik nettlesaren teiknar det.

<!DOCTYPE html>
<html lang="no">
  <head>
    <meta charset="utf-8">
    <title>Min side</title>
  </head>
  <body>
    <h1>Hei, verden!</h1>
    <p>Dette er min aller første nettside.</p>
  </body>
</html>

Sjekkliste

Forklaring

  • Orda i spisse klammer blir kalla taggar. <h1> tyder overskrift 1, og <p> tyder avsnitt (paragraph på engelsk).

  • Dei fleste taggane kjem i par. <p> startar avsnittet, og </p> med skråstrek avsluttar det.

  • <head> har informasjon om sida, til dømes tittelen som blir vist i fana. <body> har det som blir vist på sjølve sida.

  • Innrykka gjer koden lettare å lese. Nettlesaren bryr seg ikkje om dei.

Tips

Du kan også skrive koden i VS Code. Trykk Last ned som fil under dømet, eller lag ei ny fil. Sjå oppgåva VS Code.

Steg 3: Litt farge med CSS

No skal vi bestemme korleis sida ser ut. CSS skriv vi inne i <style> i <head>.

<!DOCTYPE html>
<html lang="no">
  <head>
    <meta charset="utf-8">
    <title>Min side</title>
    <style>
      body {
        background-color: lightyellow;
        font-family: sans-serif;
      }
      h1 {
        color: darkblue;
      }
    </style>
  </head>
  <body>
    <h1>Hei, verden!</h1>
    <p>Dette er min aller første nettside.</p>
  </body>
</html>

Sjekkliste

Forklaring

Ein CSS-regel består av ein veljar og nokre eigenskapar:

h1 {
  color: darkblue;
}
  • h1 er veljaren. Han bestemmer kva taggar regelen gjeld for.

  • color er eigenskapen, og darkblue er verdien.

  • Kvar linje sluttar med semikolon ;.

Steg 4: Få sida til å gjere noko med JavaScript

Til slutt legg vi til ein knapp. Når du klikkar på han, skal JavaScript endre teksten på sida.

<!DOCTYPE html>
<html lang="no">
  <head>
    <meta charset="utf-8">
    <title>Min side</title>
  </head>
  <body>
    <h1 id="overskrift">Hei, verden!</h1>
    <button id="knapp">Klikk meg</button>

    <script>
      const overskrift = document.querySelector('#overskrift');
      const knapp = document.querySelector('#knapp');

      knapp.addEventListener('click', () => {
        overskrift.textContent = 'Du klikket!';
        console.log('Knappen ble klikket');
      });
    </script>
  </body>
</html>

Sjekkliste

Forklaring

  • id="knapp" gir knappen eit namn, så JavaScript kan finne han.

  • document.querySelector('#knapp') hentar knappen frå sida. # tyder at vi leitar etter ein id.

  • addEventListener('click', ...) tyder: når nokon klikkar, gjer dette.

  • textContent er teksten inne i ein tagg.

Du treng ikkje forstå alt i JavaScript-koden no. Det viktige er at HTML, CSS og JavaScript jobbar saman i den same fila.

Utfordringar

  • document.body.style.backgroundColor = 'pink';