Nivå 1Straffespark

Til lærerveiledningenOgså på:BokmålIslandskUkrainsk

Åpne på mobilen

Skann koden med kameraet på mobilen. Avkrysningene dine blir med.

Introduksjon

Me skal lage eit enkelt fotballspel der du skal prøve å score på så mange straffespark som mogleg.

Illustrasjon av eit ferdig straffespark-spel

Steg 1: Katten og fotballbanen

Me startar med å lage ein katt som kan bevege seg på ein fotballbane.

Sjekkliste

  • når denne figuren vert trykt på
    gå (10) steg
    

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Sjekkliste

  • når @greenFlag vert trykt på
    gå til x: (-180) y: (-30)
    

Lagre prosjektet

No har du skrive eit lite program! Scratch lagrar alt du gjer med jamne mellomrom. Det er likevel lurt å leggje seg til den gode vanen å lagre sjølv innimellom.

Steg 2: Me sparkar ballen

Det neste me treng i spelet vårt er ein ball!

Sjekkliste

  • øvst mot midten av vindauget. Så kan du trykke på ballen seks gonger.

  • når @greenFlag vert trykt på
    gå til x: (-125) y: (-60)
    vent til <rører [Leo v]?>
    gjenta for alltid
        gå (6) steg
    slutt
    

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Steg 3: Me treng ein målmann!

Me skal gjere spelet litt vanskelegare ved å programmere ein målmann.

Sjekkliste

  • Bilete av korleis snu figuren i Scratch
  • når @greenFlag vert trykt på
    gå til x: (100) y: (-50)
    peik i retning (0 v)
    gjenta for alltid
        gå (15) steg
        viss ved kant, sprett
    slutt
    

    Det er eit par nye klossar i dette skriptet. Les programmet nøye. Kva trur du dei klossane gjer?

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Sjekkliste

  • Legg inn klossen set storleik til (100)% i gjenta for alltid-løkka. No kan du eksperimentere med å endre 100% til eit anna tal til du får ein passe stor målmann. Viss du har brukt blekkspruten som Målmann passar 50% ganske bra. Prøv deg fram!

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Steg 4: Målmannen reddar!

No er det på tide at målmannen reddar ballen!

No skal me lage nokre testar som seier frå når målmannen reddar ballen, eller når ballen går i mål.

Sjekkliste

  • når @greenFlag vert trykt på
    gå til x: (-125) y: (-60)
    vent til <rører [Leo v]?>
    gjenta for alltid
        gå (6) steg
        viss <rører [Målmann v]?>
            send meldinga [Redning v]
        elles
        slutt
    slutt
    

    I klossen send meldinga [message1 v] må du velje Ny melding og så skrive inn Redning som meldingsnamn.

Meldingar er beskjedar som figurane i spelet sender til kvarandre utan at du kan sjå det. Desse gjer det lett for fleire figurar å reagere på ting som skjer.

  • blir redda. Legg til dette som eit nytt skript på både Ball og Målmann:

    når eg får meldinga [Redning v]
    stopp [andre skript i figuren v] :: control
    

    Eit triks er å fyrst skrive koden for Ball. Så kan du kopiere den til Målmann ved å dra koden til Målmann-figuren i figurvindauget nedst på skjermen.

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Sjekkliste

No skal me også sjekke om ballen har gått i mål. Det gjer me ved å undersøke kor langt til høgre på skjermen ballen har gått. Posisjonen til ein figur i Scratch er beskrive ved hjelp av koordinatar: (x-posisjon) seier kor ein figur er sidelengs på skjermen, medan (y-posisjon) seier kor langt opp eller ned på skjermen ein figur er. Rett under scena kan du sjå to tal merka x og y. Desse viser koordinatane til musepeikaren.

Bilete av kor x- og y-koordinatane visast i Scratch
  • når @greenFlag vert trykt på
    gå til x: (-125) y: (-60)
    vent til <rører [Leo v]?>
    gjenta for alltid
        gå (6) steg
        viss <rører [Målmann v]?>
            send meldinga [Redning v]
        elles
            viss <(x-posisjon) > [160]>
                send meldinga [Mål v]
            slutt
        slutt
    slutt
    
  • når eg får meldinga [Mål v]
    stopp [andre skript i figuren v] :: control
    
  • når eg får meldinga [Mål v]
    sei [Ja, det vart mål!!] i (2) sekund
    

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Endre farta

Du kan gjere spelet enklare eller vanskelegare ved å endre farta på ballen og kor fort målmannen beveger seg. Begge desse er bestemt av talet som står i gå () steg-klossane til høvesvis Ball og Målmann.

Prøv ulike tal for både fotballen og målmannen til du finn den kombinasjonen du likar best. Pass på at det blir litt vanskeleg, men ikkje umogleg.

Steg 5: Fyrstemann til 10!

Til slutt skal me sjå på korleis me kan telje kor mange mål som blir scora.

Sjekkliste

For å telje kor mange mål du har scora, og kor mange redningar Målmann har gjort, skal me bruke variablar.

  • når eg får meldinga [Mål v]
    endra [Mål v] med (1)
    
  • når eg får meldinga [Redning v]
    endra [Redningar v] med (1)
    

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Sjekkliste

Til slutt vil me leggje inn ein test på om Leo klarar å score 10 mål eller Målmann klarar å redde 10 gonger. Dette er litt omfattande.

  • når @greenFlag vert trykt på
    set [Mål v] til [0]
    set [Redningar v] til [0]
    byt bakgrunn til [goal1]
    send meldinga [Nytt spark v]
    
  • når @greenFlag vert trykt på
    

    med

    når eg får meldinga [Nytt spark v]
    

    på både Leo, Ball og Målmann. Til dømes blir skriptet på Leo sjåande slik ut:

    når eg får meldinga [Nytt spark v]
    gå til x: (-180) y: (-30)
    
  • når eg får meldinga [Mål v]
    endra [Mål v] med (1)
    vent (2) sekund
    viss <(Mål) < [10]>
        send meldinga [Nytt spark v]
    elles
        byt bakgrunn til [Siger v]
        stopp [alle v] :: control
    slutt
    
  • når eg får meldinga [Redning v]
    endra [Redningar v] med (1)
    vent (2) sekund
    viss <(Redningar) < [10]>
        send meldinga [Nytt spark v]
    elles
        byt bakgrunn til [Tap v]
        stopp [alle v] :: control
    slutt
    

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Lydeffektar

Du kan leggje til lydeffektar i spelet ditt ved å bruke klossane under Lyd-kategorien. Prøv til dømes å leggje på lydar når ballen blir sparka, når målmannen reddar, eller når det blir mål.

For å finne fleire lydar å bruke i spelet ditt kan du velje Lyder-fana. Her kan du hente fleire lydar frå Scratch-biblioteket, eller til og med ta opp eigne lydar! Eksperimenter og prøv deg fram!

Lagre spelet

Då er me ferdige med Straffespark! Viss du har idear til korleis du kan gjere spelet endå meir morosamt er det berre å prøve sjølv!

Viss du klikkar Legg ut vil prosjektet ditt bli lagt ut på Scratch-heimesida slik at andre kan spele det!