Lærerveiledning
Lærarrettleiing - Straffespark
Om oppgåva
I denne oppgåva skal elevane lage eit enkelt fotballspel, der dei skal pråve å score på så mange straffespark som mogleg. Denne oppgåva eignar seg godt som ein fyrste introduksjon til Scratch.

Oppgåva passar til:
Fag: Matematikk, programmering.
Anbefalte trinn: 3.-10. trinn.
Tema: Koordinatar, objektorientert programmering, løkker, variablar, testar.
Tidsbruk: Dobbelttime eller meir.
Kompetansemål
Forslag til læringsmål
Forslag til vurderingskriterium
Føresetnader og utstyr
Framgangsmåte
Her finn du tips, erfaringar og utfordringar til dei ulike stega i oppgåva. Klikk her for å sjå oppgåveteksten.
Generelt
Steg 2: Me sparkar ballen
Steg 4: Målmannen reddar!
Steg 5: Fyrstemann til 10!
-
Viss elevane vill at
BallellerMålmannskal seie noko kan det vere utfordrande på grunn avstopp-klossen. Ei mogleg løysing er som følgjer:når eg får meldinga [Redning v] sei [Hurra, eg redda!] stopp [andre skript i figuren v] :: control
Det er viktig å ikkje bruke
sei [Hallo!] i (2) sekundsidan klossen vil gjere atBallellerMålmannikkje sluttar å bevege seg før etter 2 sekund. For at snakkebobla skal bli borte kan ein bruke einsei []-kloss (utan tekst). Den kan bli lagt øvst inår @greenFlag vert trykt på- ellernår eg får meldinga [Nytt spark v]-skriptet.
Variasjonar
Viss elevane allereie er komfortable med Scratch er dette prosjektet eit godt høve til å prate om korleis ein gir ulike figurar unik oppførsel ved å gi dei ulike skript.
Eit viktig konsept i Scratch er at ein koder ved å beskrive eigenskapane (utsjånad, posisjon, retning osb.) og oppførselen (skript) til figurar. På fagspråket kallar me det objektorientert programmering (meir presist er Scratch prototypeorientert programmering, men skilnaden er ikkje relevant her). Dette virkar så naturleg at elevane sjeldan bevisst tenker på det, og samstundes skapar det sjeldan problem.
Dette er eit introduksjonsprosjekt, og elevane blir leia ganske detaljert gjennom korleis spelet programmerast. Det er framleis rom for ein del kreativitet. Elevane kan gjerne oppfordrast til å
-
-
gjenta for alltid peik mot [Bat1 v] gå (10) steg slutt -
Det er mange måter å skrive kode for at flaggermusa rømmer. Det følgjande er eit døme (hugs at koden høyrer til flaggermusa):
gjenta for alltid vent til <rører [Sprite1 v]> gli (0.2) sekund til x: (tilfeldig tal frå (-240) til (240)) y: (tilfeldig tal frå (-180) til (180)) slutt -
Eitt døme på ein anna type programmering er imperativ programmering der programma blir skrive som ein serie kommandoar utan at me skil mellom kva figur som får kommandoen. I eit slikt språk ville dei to skripta over bli skrive som eitt skript om lag som dette (alle desse klossane eksisterer ikkje i Scratch):
gjenta for alltid flytt [katten v] mot [flaggermusa v] :: motion viss <[katten v] rører [flaggermusa v] :: sensing> flytt [flaggermusa v] til x: (tilfeldig tal frå (-240) til (240)) y: (tilfeldig tal frå (-180) til (180)) :: motion slutt sluttDu kan gjerne vise koden til elevane. I tillegg til at det berre er eitt skript, kva andre skilnader ser dei? Den andre store skilnaden er at ein alltid må fortelje kva figur som skal utføre kommandoane. Det er underforstått i Scratch.