Nivå 2HTML: Video og lyd

Til lærerveiledningenOgså på:Bokmål

Åpne på mobilen

Skann koden med kameraet på mobilen. Avkrysningene dine blir med.

Introduksjon

Ei nettside kan ha meir enn tekst og bilete. I denne oppgåva legg du inn video og lyd med taggane <video> og <audio>. Du lærer også å lage teksting, slik at dei som ikkje høyrer lyden, eller sit ein stad der lyden må vere av, også kan følgje med.

Før du startar, bør du ha gjort Mi første nettside.

Videoane og lyden i døma er frå MDN Web Docs og er frie å bruke (CC0).

Steg 1: Ein video på sida

<!DOCTYPE html>
<html lang="no">
  <head>
    <meta charset="utf-8">
    <title>Video</title>
  </head>
  <body>
    <h1>En blomst</h1>
    <video
      src="https://interactive-examples.mdn.mozilla.net/media/cc0-videos/flower.mp4"
      controls
      width="400">
      Nettleseren din kan ikke vise denne videoen.
    </video>
  </body>
</html>

Sjekkliste

Forklaring

  • src er adressa til videofila.

  • controls viser knappane for start, pause, lyd og fullskjerm. Utan han har brukaren ingen måte å styre videoen på.

  • Teksten mellom <video> og </video> blir berre vist i nettlesarar som ikkje kan spele av video.

  • autoplay startar videoen av seg sjølv, men dei fleste nettlesarane tillèt det berre når videoen er dempa (muted). Video som startar av seg sjølv, er ofte irriterande, så bruk det lite.

Tips

Du kan også skrive koden i VS Code. Trykk Last ned som fil under dømet, eller lag ei ny fil. Sjå oppgåva VS Code.

Steg 2: Lyd

Lyd fungerer nesten likt, med taggen <audio>.

<!DOCTYPE html>
<html lang="no">
  <head>
    <meta charset="utf-8">
    <title>Lyd</title>
  </head>
  <body>
    <h1>Hør på dinosauren</h1>
    <audio
      src="https://interactive-examples.mdn.mozilla.net/media/cc0-audio/t-rex-roar.mp3"
      controls>
      Nettleseren din kan ikke spille av denne lyden.
    </audio>
  </body>
</html>

Sjekkliste

Steg 3: Teksting

Teksting legg vi i ei eiga fil med formatet WebVTT (filending .vtt). Fila seier kva tekst som skal visast, og når. Videoen blir kopla til fila med taggen <track>.

<!DOCTYPE html>
<html lang="no">
  <head>
    <meta charset="utf-8">
    <title>Teksting</title>
  </head>
  <body>
    <h1>Video med teksting</h1>
    <video
      src="https://interactive-examples.mdn.mozilla.net/media/cc0-videos/friday.mp4"
      controls
      width="400"
      crossorigin="anonymous">
      <track
        src="https://interactive-examples.mdn.mozilla.net/media/examples/friday.vtt"
        kind="captions"
        srclang="en"
        label="English"
        default>
    </video>
  </body>
</html>

Sjekkliste

  • Videoen med ein svart-kvitt-scene frå eit kontor. Nedst i biletet står
teksten "Somebody must've stolen the crown
jewels".

Forklaring

  • kind="captions" tyder teksting av alt som blir sagt og høyrt. subtitles blir brukt for omsetjing til eit anna språk.

  • srclang er språket i teksten, og label er namnet brukaren ser i menyen.

  • default gjer at teksten er på frå start.

  • crossorigin trengst her fordi video og tekst ligg på ei anna nettside enn di. Når filene ligg i di eiga mappe, kan du droppe han.

Steg 4: Lag di eiga teksting

No skal du lage teksting til din eigen video. Dette gjer du i VS Code, sidan du treng eigne filer.

Sjekkliste

  • WEBVTT
    
    00:00.000 --> 00:03.000
    Hei, og velkommen til filmen min!
    
    00:03.000 --> 00:06.000
    Her ser du hagen vår.
    
  • <video src="film.mp4" controls width="400">
      <track src="teksting.vtt" kind="captions" srclang="no" label="Norsk" default>
    </video>
    

Verkar ikkje tekstinga?

Opnar du index.html ved å dobbeltklikke på fila, viser mange nettlesarar ikkje teksten. Dei lastar berre .vtt-filer frå ein webserver. Bruk Live Preview, eller publiser sida.

Steg 5: Video frå YouTube

Videoar frå YouTube kan ikkje leggjast inn med <video>. I staden gir YouTube deg ein ferdig kode.

Sjekkliste

Utfordringar