JS: Partikkel-animasjon
Introduction
I denne oppgåva skal me bruke JavaScript til å få figurar til å bevege seg. Me
skal altså lære å animere ved hjelp av JavaScript og noko som heiter Canvas.
Under ser du animasjonen me skal lage.
Oppgåva er den fyrste i ei lita serie av andre partikkel-oppgåver, difor er
det viktig å forstå det som skjer i denne oppgåva.
I denne oppgåva får du bruk for det du lærte i oppgåva Grunnleggjande JavaScript.
Steg 1: Canvas-elementet
I HTML brukar me <canvas> til å teikne figurar ved hjelp av JavaScript. Sjølve
<canvas>-elementet gjer ikkje så mykje nytte, så difor brukar me JavaScript
til å fortelje kva grafikk <canvas>-elementet skal innehalde. La oss skrive
det som trengst for å jobbe med canvas:
<!DOCTYPE html>
<html lang="no">
<head>
<meta charset="UTF-8">
<title>Partikkel-fest</title>
<style>
body {
background-color:#666;
}
#canvas {
background-color:#000;
margin-left:100px;
}
</style>
</head>
<body>
<canvas id="canvas" width="500" height="500"></canvas>
</body>
</html>
Tips
Du kan også skrive koden i VS Code. Trykk Last ned som fil under dømet, eller lag ei ny fil. Sjå oppgåva VS Code.
Forklaring: Canvas
-
<canvas id="canvas" width="500" height="500"></canvas>er sjølveCanvas-elementet. Den har ei gitt høgde og breidde500px x 500px. Me skal bruke JavaScript til å lage andre element inne icanvas-elementet. -
I CSS-en er det lagt til ei
gråbakgrunnsfarge til<body>og svart bakgrunnsfarge til<canvas>.
Steg 2: Teikne eit objekt
No som me veit korleis canvas ser ut er det på tide å prøve det ut:
let canvas;
let ctx;
window.addEventListener("load", function () {
canvas = document.getElementById("canvas");
ctx = canvas.getContext("2d");
});
No heldt canvas-variabelen på HTML-elementet vårt.
ctx-variabelen vil vere det grafiske elementet som blir lagt til canvas. Me
kan manipulere dette elementet ved hjelp av stil, som me snart skal sjå på.
For å kunne lage grafikk i canvas er dei to linjene over nødvendige. No som me
har dei på plass kan me starte å teikne!
Forklaring: Objekt
La oss lage eit objekt som skal teiknast. I JavaScript er eit objekt ein
variabel som kan halde på fleire verdiar eller variablar, som me ofte kallar
attributtar. La oss sjå på eit raskt døme med ein bil:
const bil = {
namn: "Volkswagen",
modell: "Golf",
antalSeter: 5,
farge: "Blå",
};
Det er enkelt å hente ut informasjonen me vil ha frå objektet ved å skrive følgjande:
console.log(bil.namn); // Skriv ut namnet på bilen: Volkswagen
console.log(bil.farge); // Skriv ut farga på bilen: Blå
For å endre på ein av attributtane gjer me berre følgjande:
bil.farge = "Raud";
No blir attrubutten farge endra frå blå (blue) til raud (red). Me bruker
engelske namn på fargane, slik at me kan bruke de i koden seinare.
På denne måten slepp me å lage mange variablar som skal høyre til same element,
me brukar heller objekt.
Hint
ctx.fillStyle = particle.farge;
-
i farga me valte over:
ctx.fillRect(particle.x,particle.y,particle.size,particle.size);
Forklaring: ctx.fillRect()
ctx.fillRect() tek inn 4 variablar:
ctx.fillRect(x-posisjon, y-posisjon, breidde, høgde);
Over brukte me dei attributtane me laga i objektet particle.
I objektet particle har me sett ein x- og y-posisjon, samt ein storleik
som me set på både breidde og høgde for å få eit kvadrat.
Forslag til koden så langt:
<!DOCTYPE html>
<html lang="no">
<head>
<meta charset="UTF-8">
<title></title>
<style>
body {
background-color: #666;
}
#canvas {
background-color: #000;
margin-left: 100px;
}
</style>
<script>
let canvas;
let ctx;
const particle = {
x: 0,
y: 0,
size: 10,
farge: "red"
};
window.addEventListener("load", function () {
canvas = document.getElementById("canvas");
ctx = canvas.getContext("2d");
draw();
});
//Teiknar particle
function draw() {
ctx.fillStyle = particle.farge;
ctx.fillRect(particle.x, particle.y,particle.size,particle.size);
};
</script>
</head>
<body>
<canvas id="canvas" width="500" height="500"></canvas>
</body>
</html>
Steg 3: Flytt på partikkelen
No som me har fått fram ein raud firkant, som er partikkelen vår, så skal me sjå
korleis me får den til å flytte på seg. For å få det til å skje må me leggje til
nokre nye attributtar i objektet vårt, og endre desse undervegs i funksjonen
vår. For å gjere det må me lære å bruke setInterval, men fyrst må me endre på
objektet vårt.
I draw må me endre particle sin x-posisjon med xSpeed, og tilsvarande
for y-posisjonen. Måten du aukar ein attributt på er slik:
objekt.attributt1 = objekt.attributt1 + objekt.attributt2;
Hint
For at me skal få ein animasjon må me køyre draw fleire gonger enn berre 1,
difor må me bruke setInterval for å gjenta draw.
setInterval(draw, 30);
Forklaring: setInterval
-
setIntervalkøyrer ein funksjon kvart X. millisekund. -
Altså tyder
setInterval(draw, 30);at funksjonendraw()køyrast kvart 30. millisekund. NB! 1000 millisekund er eitt sekund.
Som du ser blir det laga ei lang diagonal stripe. Som du kanskje har skjønt må me finne ein måte å fjerne den førre boksen me teikna slik at me skapar ein illusjon av at den flyttar på seg, ikkje berre at me teiknar mange etter kvarandre.
Gratulerer! Du har laga din fyrste animasjon i JavaScript!
Utfordring
Døme på ferdig kode til oppgåva:
<!DOCTYPE html>
<html lang="no">
<head>
<meta charset="UTF-8">
<title></title>
<style>
body {
background-color:#666;
}
#canvas {
background-color:#000;
margin-left:100px;
}
</style>
<script>
let canvas, ctx;
const particle = {
x: 0,
y: 0,
xSpeed: 2,
ySpeed: 2,
size: 10,
farge: "red"
};
window.addEventListener("load", function () {
canvas = document.getElementById("canvas");
ctx = canvas.getContext("2d");
setInterval(draw, 30);
});
//Teiknar og skyt particle opp
function draw() {
ctx.clearRect(0,0,500,500);
ctx.fillStyle = particle.farge;
ctx.fillRect(particle.x, particle.y,particle.size,particle.size);
particle.x = particle.x + particle.xSpeed;
particle.y = particle.y + particle.ySpeed;
}
</script>
</head>
<body>
<canvas id="canvas" width="500" height="500"></canvas>
</body>
</html>