JS: Grunnleggjande JavaScript
Introduksjon
I denne oppgåva skal du lære heilt enkle og grunnleggjande element av
JavaScript. Du vil lære om variablar, if-setningar, funksjonar og
løkker.
For å gjere oppgåva treng du ikkje forkunnskapar i HTML eller CSS, men det er veldig lurt å kunne HTML og CSS når du skal programmere JavaScript.
Viss HTML er ein bil, så er CSS utsjånaden og designet på bilen, medan
JavaScript står for funksjonaliteten, til dømes å skru på motoren og å få bilen
til å køyre. Viss du har programmert i eit tekst-programmeringsspråk før, til
dømes Python, så vil nok mykje i denne oppgåva vere kjent.
La oss starte!
Steg 1: Variablar
Viss du gjorde oppgåva Hei, JavaScript, så er nok variablar kjent. Det same gjeld viss du har programmert noko frå før. Men litt repetisjon skadar ikkje!
Ein variabel i JavaScript ser slik ut:
let variabelNamn = "verdi";
let fortel JavaScript at me lagar ein variabel. Ein variabel inneheldt ein
verdi, til dømes tal eller tekst:
let tal = 9;
let tekst = "Dette er ein tekst";
Skal verdien aldri endrast, kan du skrive const i staden for let. Då seier
JavaScript frå viss du prøver å endre han. I eldre kode ser du ofte var. Det
er den gamle måten å lage variablar på.
La oss prøve oss fram litt!
Blokka under er ei Prøv sjølv-blokk. Ho er ei heil nettside, og
JavaScript-koden står mellom <script> og </script>. Det du skriv ut med
console.log(), blir vist under resultatet.
<!DOCTYPE html>
<html lang="no">
<head>
<meta charset="utf-8">
<title>Variablar</title>
</head>
<body>
<script>
let tal = 9;
let tekst = "Hei på deg!";
console.log(tekst);
</script>
</body>
</html>
Tips
Du kan også skrive koden i VS Code. Trykk Last ned som fil under dømet, eller lag ei ny fil. Sjå oppgåva VS Code.
Forklaring
Hugs at kvar linje i JavaScript skal avsluttast med anten ; eller },
avhengig av om du lagar ein variabel eller ein funksjon. Når me brukar variablar
avsluttar me med ;, med funksjonar avsluttar me med }.
console.log(tekst) skriv ut verdien til variabelen tekst i konsollen.
let tal1 = 4;
let tal2 = 7;
console.log(tal1 + tal2);
No skal me sjå nærare på korleis me kan la ein variabel vere ein annan:
let tal3 = tal2;
Svar
Me sette jo tal3 til å vere lik tal2? Men tal3 blir ikkje endra sjølv om
me endrar på tal2. Det er fordi tal-variablar i JavaScript berre inneheldt
verdiar, ikkje referansar.
Me kan òg leggje til ekstra verdiar til ein variabel:
let tal4 = tal3 + tal1 + 5;
No har me prøvd ut litt ulike variablar. Vidare skal me bruke dei saman med
if-setningar for å sjekke om noko er sant eller ikkje.
Steg 2: If-setningar
Ei if/else-setning ser slik ut i JavaScript:
if (vilkår) {
// Køyr koden som blir skrive her
} else {
// Køyr koden som blir skrive her i staden
}
Når me brukar if/else sjekkar me eit vilkår, og basert på om vilkåret er sant
eller usant køyrer me ein gitt kode. La oss sjå på eit døme med tal.
<!DOCTYPE html>
<html lang="no">
<head>
<meta charset="utf-8">
<title>If-setningar</title>
</head>
<body>
<script>
let tal = 5;
if (tal === 5) {
console.log("Talet er 5");
} else {
console.log("Talet er ikkje 5");
}
</script>
</body>
</html>
Forklaring
Viss tal har verdien 5 vil den fyrste meldinga bli skrive ut. Viss tal har
ein annan verdi, så er det den andre meldinga som blir skrive ut. For å sjekke
om ein variabel er lik noko brukar me ===. Då sjekkar JavaScript om verdien og
datatypen (nummer, tekst osb.) er like.
- Endre variabelen
taltil andre verdiar og sjå kva melding du får ut.
let alder = 0;
if (alder >= 18) {
console.log("Du er gamal nok til å køyre bil");
} else if (alder >= 16) {
console.log("Du er gamal nok til å køyre moped");
} else {
console.log("Du er diverre ikkje gamal nok");
}
Forklaring
-
if (alder >= 18)tyder: viss alder er større enn eller lik 18. Altså er setninga sann viss du er 18 år eller eldre, og då er du gamal nok til å køyre bil. -
else if (alder >= 16)tyder: vissif-testen var usann, så sjekkar den om alder er større enn eller lik 16. Viss dette vilkåret er sant, så seier den at du er gamal nok til å køyre moped. -
elsetyderellesog vil seie at koden til denne blir køyrt viss dei andre testane er usanne. Altså vil du få beskjed om at du ikkje er gamal nok viss du er under 16 år.
let alder = prompt("Kor gamal er du?");
No skal me gå eit steg vidare. Me skal sjekke kva klokka er og skrive ei melding
ut frå det. Då brukar me noko som heiter Date i JavaScript. Denne inneheldt
informasjon om dagen i dag. Dette kallast ei klasse, men det treng du ikkje
tenke meir på akkurat no.
const dato = new Date(); // Hentar informasjon om dagen i dag
const tid = dato.getHours(); // Hentar timen (klokka) me er i no
Før du skal få ei ny oppgåve må me gå gjennom nokre verktøy me kan bruke i
if/else:
Forklaring
- I ein
if (vilkår)kan me sjekke fleire ting samstundes ved å bruke&&eller||.&&tyderog,||tydereller. Finn du ikkje desse teikna på tastaturen kan du spørje ein vaksen om å hjelpe deg. Døme:
const namn = "Lars";
const date = new Date();
const mnd = date.getMonth(); // mnd = månad
const dato = date.getDate(); // dato = dagen i månaden
if (namn === "Lars" && mnd === 7 && dato === 10) {
console.log("Gratulerer med namnedagen, Lars!");
}
For at koden skal vere sann må namnet vere Lars og datoen må vere 10.8,
altså 10. august. getMonth() leverer ut eit tal frå 0 til 11, difor er August
7 og ikkje 8. Les meir om Date
her.
Det same kan du gjere med || viss du heller vil sjekke eller:
if (mnd === 7 && dato === 10) {
if (namn === "Lars" || namn === "Lasse") {
console.log("Gratulerer med namnedagen!");
} else {
console.log("Du har diverre ikkje namnedag i dag.");
}
}
Legg merke til her at viss datoen er 10.8 så går du vidare til ein ny
if/else som sjekkar om namnet ditt er anten Lars eller Lasse. Viss det er
feil dato skjer det ingenting.
No håpar me at du har fått dreisen på if/else. Viss du vil kan du øve meir,
men me kjem til å jobbe meir med dette seinare. Innanfor if/else er det mykje
å utforske, så det tek litt tid og krev erfaring å bli vane med det.
No skal me sjå på funksjonar!
Steg 3: Funksjonar
Til no har me berre skrive linjer med kode. Når koden blir køyrt blir den lest
frå topp til botn, linje for linje, så koden blir køyrt i den rekkefølgja den
står i. Men nokre gonger ynskjer me at koden skal køyre når ei hending inntreff
eller noko anna skjer. Ved hjelp av funksjonar kan me sjølv bestemme når koden
skal køyre, eller om den ikkje skal køyre i det heile.
Oppsettet ser slik ut:
function funksjonsNamn(parameter1, parameter2) {
// Kode som utførast når funksjonen blir kalla
}
funksjonsNamn(parameter1, parameter2); // Gjer at funksjonen blir køyrt
Ein funksjon tek nokre gonger inn variablar den skal ta i bruk ved hjelp av
parameter, men ofte treng ein ikkje å ta inn noko parameter. Då ser
funksjonen slik ut:
function namn() {
// Kode
}
namn(); //for å køyre funksjonen
Ein funksjon kallast ofte for ein metode. Vidare kjem me til å bruke
funksjon og metode litt om kvarandre.
Hint
function sjekkAlder() {
let alder = prompt("Kor gamal er du?");
if (alder >= 18) {
console.log("Du er gamal nok til å køyre bil");
} else if (alder >= 16) {
console.log("Du er gamal nok til å køyre moped");
} else {
console.log("Du er diverre ikkje gamal nok");
}
}
Hint
No skal me sjå eit anna døme på bruk av funksjonar. Me skal lage ein funksjon
som tek inn ein parameter og som skal returnere ein verdi.
Me lagar ein funksjon som konverterer Fahrenheit (temperaturskalaen dei brukar
i USA) til Celsius.
<!DOCTYPE html>
<html lang="no">
<head>
<meta charset="utf-8">
<title>Funksjonar</title>
</head>
<body>
<script>
function fahrenheitTilCelsius(fahrenheit) {
return (5 / 9) * (fahrenheit - 32);
}
</script>
</body>
</html>
Forklaring
-
fahrenheitTilCelsius(fahrenheit)tyder at me tek inn ein variabel som me kallarfahrenheit. Den kan berre bli brukt innanfor{ }i funksjonen vår. -
return (5 / 9) * (fahrenheit - 32)brukar variabelenfahrenheitog reknar ut reknestykket som står der. -
Men kva tyder
return? -
Return tyder at funksjonen returnerer ein verdi til brukaren som brukaren kan sjå, lagre eller bruke vidare. La oss sjå på eit anna døme:
const gradar = fahrenheitTilCelsius(77);
console.log(gradar);
- Koden over køyrer funksjonen
fahrenheitTilCelsiusmed parameter77. Då reknar funksjonen ut kor mange gradarCelsius77 Fahrenheit er, og lagrar denne verdien i variabelengradar. Legg koden inn etter funksjonen. Får du 25?
No som me har fått kontroll på kva ein funksjon eller metode er skal me
bevege oss over til løkker.
Steg 4: Løkker
Me som programmerer er ganske late, og difor brukar me verktøy til å gjenta
kode. Løkker gjer akkurat det. Ved hjelp av løkker kan me gjenta kode i staden
for å skrive koden mange gonger. Så i denne delen skal me sjå på to typer
løkker: for-løkker og while-løkker.
For-løkke
for (let i = 0; i < 10; i++) {
// Kode som køyrast eit gitt antal gonger
}
-
let i = 0;dette er ein variabel som fungerer som ein teljar, difor er det eit tal, og me startar vanlegvis med0når me tel. -
i < 10;dette er eit vilkår som fortel løkka om den skal fortsetje eller avsluttast. Her seier me at løkka skal køyre så lenge variabelenier mindre enn 10. -
i++aukar variabelenimed1for kvar runde løkka køyrer.
Døme:
for (let i = 0; i < 10; i++) {
console.log(i);
}
Dette blir skrive ut i konsollen:
0
1
2
3
4
5
6
7
8
9
Ein kan gjere det same for å til dømes skrive ut ei melding mange gonger, eller skrive ut kva du har i handlelista di:
const handleliste = ["mjølk", "egg", "smør", "toalettpapir", "brus", "eple", "bananar"]; // [] tyder liste
for (let i = 0; i < handleliste.length; i++) {
console.log(handleliste[i]);
}
-
[]tyder liste, og alle elementa som er i lista blir separert med,. -
handleliste.lengthseier kor stor lista er. Skrivconsole.log(handleliste.length);og sjå kva tal du får ut. -
Når me skal skrive ut eit gitt element frå ei liste skriv me
handleliste[index].indexer kva plass i lista elementet har. Hugs at me startar å telje på 0, så det fyrste elementet erhandleliste[0]. Då blirhandleliste[1]det andre elementet, osb.
Prøv sjølv!
Skriv koden din mellom <script> og </script> i blokka under.
<!DOCTYPE html>
<html lang="no">
<head>
<meta charset="utf-8">
<title>Løkker</title>
</head>
<body>
<script>
// Skriv koden din her
</script>
</body>
</html>
Hint
Bra! La oss sjå på lister.
While-løkke
while (vilkår) {
// Køyre kode til vilkåret er usant
}
Ei while-løkke køyrer ei blokk med kode så lenge vilkåret er sant.
While-løkker er fine å bruke, til dømes når ein skal lage eit spel:
while (!gameOver) {
// Køyr spel
}
! tyder not, altså tyder !gameOver at løkka køyrer så lenge spelet ikkje er slutt. Viss me vil at ei løkke skal køyre for alltid kan me setje vilkåret
til true.
Me kan gjere det same som me gjorde med for-løkka:
let i = 0;
while (i < 10) {
console.log(i);
i++;
}
Skilnaden er at her må me lage ein teljande variabel som me definerer utanfor
sjølve løkka (let i = 0;). Sjølve teljaren legg me etter all koden i løkka,
slik at den tel opp etter me har utført det me skal.
Prøv sjølv
No skal me lage eit enkelt kron eller mynt-spel ved hjelp av while.
let krone = Math.floor(Math.random() * 2);
Math.floor() rundar ned talet du får frå Math.random(). Math.random()
hentar eit tal mellom 0 og 1, difor brukar me * 2 for at talet skal vere
mellom 0 og 2. Når me rundar ned, får me 0 eller 1.
<!DOCTYPE html>
<html lang="no">
<head>
<meta charset="utf-8">
<title>Kron eller mynt</title>
</head>
<body>
<script>
let krone = Math.floor(Math.random() * 2);
while (krone === 1) {
console.log("Kron! Me flippar ein gong til...");
krone = Math.floor(Math.random() * 2);
}
console.log("Mynt! Gratulerer!");
</script>
</body>
</html>
Legg merke til at me ikkje skriv let inne i løkka. Variabelen krone finst
allereie, me gir han berre ein ny verdi.
Bra jobba! No har du lært mykje om JavaScript!