JS: Hei, JavaScript!
Introduksjon
I denne oppgåva skal du møte programmeringsspråket JavaScript. Du skal gjere den klassiske oppgåva Hallo, verda med ein katt.
Steg 1: Prøv sjølv-blokka
I denne oppgåva skriv du koden rett på sida, i ei Prøv sjølv-blokk. Blokka
under er ei heil nettside. JavaScript-koden står mellom <script> og
</script>. Når du endrar koden, ser du resultatet under. Det som blir skrive
ut med console.log, blir òg vist under resultatet.
<!DOCTYPE html>
<html lang="no">
<head>
<meta charset="utf-8">
<title>Hei JavaScript</title>
</head>
<body>
<script>
console.log("Hallo, verda");
</script>
</body>
</html>
Sjekkliste
Tips
Du kan også skrive koden i VS Code. Trykk Last ned som fil under dømet, eller lag ei ny fil. Sjå oppgåva VS Code.
Forklaring
Her er ei forklaring til koden over:
-
console.log()tyder at me ynskjer å køyre kommandoen med namnetconsole.log. Den skriv ut det som er mellom parentesene tillog()i konsollen. Konsollen er ein stad der program kan skrive beskjedar. I denne oppgåva blir han vist under resultatet. I nettlesaren finn du han ved å trykkje F12 og velje Console. -
.loger ein av fleire utskriftsmetodar. Prøvconsole.error. Ser du kva som skil den fråconsole.log? -
Tekst som blir skrive ut til konsollen ligg mellom hermeteikn (
"), slik som"Hallo, verda". -
;tyder at kodesetninga er ferdig.
Andre måtar å køyre JavaScript på
-
Skriv kode mellom
<script>og</script>i ei HTML-fil, og åpne fila i ein nettlesar. Det er det Prøv sjølv-blokka gjer. -
Lagre koden i ei eiga fil, til dømes
katt.js, og hent den inn frå HTML-fila med<script src="katt.js"></script>. -
Skriv kode rett i konsollen i nettlesaren (F12, så Console).
Steg 2: Lage ein funksjon
Ein funksjon er nesten som ei oppskrift. Ein brukar funksjonar for å kunne bruke
same kode fleire gonger, eller bryte opp eit problem til mindre bitar. Ein
funksjon kan både ta imot og gi frå seg (returnere) data. Funksjonen din skal
heite hei, ta imot eit namn og skrive namnet til konsollen.
Sjekkliste
-
function hei(namn) { console.log(namn); }
Forklaring
-
function heityder at funksjonen skal heitehei. -
(namn)tyder at me kan sende inn data til funksjonen.namnblir ein variabel, og heldt på ein verdi som me kan endre. Me skal sjå meir på dette seinare. -
{markerer starten til funksjonen. -
}markerer slutten til funksjonen. -
Mellom
{og}er det som funksjonen skal gjere.
Sjekkliste
-
hei("Emma"); hei("Jens");
Koden til no:
<!DOCTYPE html>
<html lang="no">
<head>
<meta charset="utf-8">
<title>Hei JavaScript</title>
</head>
<body>
<script>
function hei(namn) {
console.log(namn);
}
hei("Emma");
hei("Jens");
</script>
</body>
</html>
Steg 3: Hei, namn!
I steg 2 gjorde me ikkje noko anna enn det som console.log gjer. No skal du få
hei("Emma") til å skrive ut "Hei, Emma!".
Sjekkliste
-
function hei(namn) { console.log("Hei, " + namn + "!"); }
Forklaring
I funksjonen hei vil namn vere ein variabel. Den heldt på ein verdi, og
denne verdien kan endrast. Fyrst er namn det same som Emma, og så blir
namn til Jens. Variablar er veldig nyttig i programmering, og me kjem til å
bruke variablar mykje framover.
Steg 4: Katten seier hei
I dette steget skal du lage ein katt som seier hei.
Sjekkliste
-
function hei(namn) { console.log("< Mjau, " + namn + "! >"); console.log(" \\"); console.log(" /\\___/\\"); console.log(" ( o o )"); console.log(" \\ =0= /"); }
Koden til no:
<!DOCTYPE html>
<html lang="no">
<head>
<meta charset="utf-8">
<title>Katten seier hei</title>
</head>
<body>
<script>
function hei(namn) {
console.log("< Mjau, " + namn + "! >");
console.log(" \\");
console.log(" /\\___/\\");
console.log(" ( o o )");
console.log(" \\ =0= /");
}
hei("Arve");
</script>
</body>
</html>
Bakoverstrek
\ brukast til spesielle bokstavar. Til dømes tyder \n ny linje. Difor må
du skrive \\ viss du vil ha ein vanleg bakoverstrek.
Steg 5: Katten på nettsida
Kanskje hadde det vore kult å sende ei kattehelsing til nokre av dei beste venene dine? Då bør katten visast på sjølve nettsida. Venene dine kjem ikkje til å leite i konsollen.
Me lagar eit <pre>-element. Tekst i <pre> blir vist akkurat slik han er
skriven, med alle mellomrom og linjeskift. Det passar perfekt til ein katt av
teikn.
Sjekkliste
-
function hei(namn) { const katt = document.createElement("pre"); katt.textContent += "< Mjau, " + namn + "! >\n"; katt.textContent += " \\\n"; katt.textContent += " /\\___/\\\n"; katt.textContent += " ( o o )\n"; katt.textContent += " \\ =0= /\n"; document.body.append(katt); } -
hei("Namnet til venen din");
Forklaring
-
document.createElement("pre")lagar eit nytt<pre>-element. Me tek vare på det i variabelenkatt. Me brukarconstfordikattheile tida er det same elementet. -
katt.textContent += "..."legg til tekst i elementet.\npå slutten gir ny linje. -
document.body.append(katt)legg elementet til nedst på sida. Fyrst no blir katten vist.
Koden til no:
<!DOCTYPE html>
<html lang="no">
<head>
<meta charset="utf-8">
<title>Kattehelsing</title>
</head>
<body>
<script>
function hei(namn) {
const katt = document.createElement("pre");
katt.textContent += "< Mjau, " + namn + "! >\n";
katt.textContent += " \\\n";
katt.textContent += " /\\___/\\\n";
katt.textContent += " ( o o )\n";
katt.textContent += " \\ =0= /\n";
document.body.append(katt);
}
hei("Namnet til venen din");
</script>
</body>
</html>
Steg 6: Lagre og dele prosjektet
No skal du lagre kattehelsinga som ei fil på datamaskina di. Fila kan du sende til venen din.
Sjekkliste
Sjå konsollen i nettlesaren
Lagrar du koden frå steg 4, blir katten berre skriven til konsollen. Då ser du eit tomt vindauge når du åpnar fila. Slik finn du konsollen:
Ei anna måte å dele programmet
Hugsar du oppgåva HTML: Publiser nettsida di? Der lærer du å leggje ei nettside ut på internett, slik at du kan dele ei lenke i staden for ei fil.
Du kan òg lagre JavaScript-koden i ei eiga .js-fil, til dømes katt.js. Så
kan du referere til den frå ei HTML-fil på denne måten:
<body>
<script src="katt.js"></script>
</body>
Hugs at katt.js då må liggje i same mappe som HTML-fila.
Gratulerer! Du har skrive ditt fyrste JavaScript-program!
