HTML: Publiser nettsida di
Publiser nettsida di på Internett
No har du laga din eigen nettstad. Du vil vel vise det fram, gjer du ikkje?
Hugsar du serverane frå den fyrste øykta? Serverar er datamaskiner som alltid er på og kopla til Internett, og dei er sett opp slik at folk kan besøke nettstader som lev på desse datamaskinene.
For å leggje nettsida vår på Internett skal me bruke Github
Pages. Det er det Kodeklubben brukar:
kodeklubben.github.io. For at du skal kunne gjere det må du fyrst ha ei
epost-adresse. Du kan lage din eigen (Gmail), bruke den du
har på skulen, eller spørje om å låne foreldra dine sin. Det er viktig at du
hugsar kva epost du har brukt, og at du har tilgang på innboksen slik at du får
godkjent brukaren på GitHub.
Aldersgrense
Du må vere minst 13 år for å lage ein konto på GitHub (sjå vilkåra til GitHub). Er du yngre, kan du likevel vise fram sida di:
-
Ein lærar eller ein forelder kan publisere sida for deg frå sin eigen konto.
-
Du kan trykke Last ned som fil under ein Prøv selv-boks, eller ta med mappa frå VS Code, og sende fila til nokon. Dei opnar
index.htmli nettlesaren sin.
Github
GitHub er ein samarbeidsplattform for oss som driv med programmering. Her kan me
leggje ut prosjekt som andre kan hjelpe til med, eller me kan finne eit prosjekt
me kan bidra på. Slik kan me enkelt hjelpe, samarbeide og dele med alle andre
som driv med programmering i verda. No skal me lage ein GitHub-brukar.
Brukarnamn.github.io
No som me har ein Github-brukar kan me registrere ei github.io-side.
-

-

-
No skal me laste ned
repository-et ellerrepo-et vårt, altså oppbevaringsstaden for koden til nettsida vår. Denne koden legg me i ei mappe lokalt på datamaskina vår. I denne mappa legg me inn alle filene som skal brukast til nettsida, og me brukar programmet eller kommandolinja til GitHub for å laste opp kode tilditt-brukarnamn.github.io-sida vår. -

Viss du er vant til å bruke
kommandolinjatilLinuxellerMac OS X, så kan du gjere det som står under...or create a new repository on the command line. -

-
For ikkje å øydeleggje noko på
kodeklubben.github.ioblir dei neste stega vist med brukarenlarsfk.github.io.
No er det endeleg på tide å laste opp den fyrste fila til heimesida!
-

-

-
<!DOCTYPE html> <html> <body> <h1>Mi fyrste heimeside!</h1> <p>Denne heimesida er laga med GitHub Pages.</p> </body> </html>
No skal me laste opp denne fila til ditt-brukarnamn.github.io.
Oppdater ditt-brukarnamn.github.io
-

Når du trykkar på
ComparevilGithubstarte å samanlikne det som ligg i mappaditt-brukarnamn.github.iomed det som ligg på nettsidaditt-brukarnamn.github.io. Alt som ergrønter det som er lagt til og alt som blirraudter ting som er fjerna. I biletet over er det berre ny kode, difor er kodengrøn. -

NB! Stega over må du gjere kvar gong du skal oppdatere nettsida di!

Gratulerer med ny heimeside! Denne kan du dele med kven du vil ved å sende
lenka ditt-brukarnamn.github.io.
Vil du lære meir om GitHub?
GitHub er stort og kan vere komplisert og vrient i starten. Viss du vil lære meir, sjekk ut tipsa under:
Les meir om GitHub her: https://www.atlassian.com/git/tutorials eller på Kodeklubbens wiki.
Søk på GitHub Tutorials på YouTube, til dømes GitHub for noobs.