Nivå 2Snurrige figurar

Til lærerveiledningenOgså på:BokmålUkrainsk

Åpne på mobilen

Skann koden med kameraet på mobilen. Avkrysningene dine blir med.

Introduksjon

Det er ganske enkelt å lage interessante animasjonar i Scratch. Her skal me sjå korleis me kan flytte og snurre på figurar for å skape spanande mønster.

Bilete av eit spanande mønster om ein sirkel

Steg 1: Ein snurrig figur

La oss starte enkelt. Fyrst vil me sjå korleis me kan flytte og snurre på ein figur.

Sjekkliste

  • Klikk på Teikn ny figur for å teikne din eigen figur. Så trykkar du på Bytt til vektorgrafikk nede til høgre, og bruk linjeverktøyet, Linje, til å teikne ein trekant.

    Bilete av ein trekant i Scratch
  • når [a v] vert trykt
    gå til x: (0) y: (120)
    peik i retning (90 v)
    gjenta (90) gongar
        snu @turnRight (4) gradar
        gå (8) steg
    slutt
    

Test prosjektet

Trykk på A-tasten.

Lagre prosjektet

No har du skrive eit lite program! Scratch lagrar alt du gjer med jamne mellomrom. Likevel er det lurt å leggje til seg vanen med å lagre sjølv innimellom.

Endre ein eksisterande figur

Sjølv om det ikkje finst ein trekant i figurbiblioteket, kan me gjere om ein av dei andre figurane til ein trekant. Viss du allereie har laga ein trekant treng du ikkje gjere det. Men det viser ein morosam måte å leike med Scratch-figurane på.

  • Viser "del opp gruppe"-knappen i Scratch

Steg 2: Mange trekantar

Det kan skje mykje morosamt når me lagar mange trekantar!

Sjekkliste

  • Kopier koden du skreiv før ved å høgreklikke på den og velje lag ein kopip. Endre tasten som startar skriptet til b og legg klossen lag klon av [meg v] nedst i gjenta-løkka. Det nye skriptet skal sjå slik ut:

    når [b v] vert trykt
    gå til x: (0) y: (120)
    peik i retning (90 v)
    gjenta (90) gongar
        snu @turnRight (4) gradar
        gå (8) steg
        lag klon av [meg v]
    slutt
    

Test prosjektet

Trykk på B-tasten.

Sjekkliste

  • når eg får meldinga [snurr v]
    gjenta for alltid
        snu @turnRight (4) gradar
    slutt
    

Test prosjektet

Trykk på B-tasten.

Sjekkliste

  • når eg får meldinga [flytt og snurr v]
    gjenta for alltid
        gå (3) steg
        snu @turnRight (4) gradar
    slutt
    

Test prosjektet

Trykk på B-tasten.

Steg 3: Meir variasjon

No skal me sjå korleis me kan lage meir variasjon blant dei snurrande figurane, ved å endre på korleis dei startar.

Sjekkliste

  • når [c v] vert trykt
    set [retning v] til (0)
    gå til x: (0) y: (120)
    peik i retning (90 v)
    gjenta (90) gongar
        snu @turnRight (4) gradar
        gå (8) steg
        endra [retning v] med (-4)
        lag klon av [meg v]
    slutt
    send meldinga [flytt og snurr v]
    
  • når eg startar som klon
    peik i retning (retning :: variables)
    

Test prosjektet

Trykk på C-tasten.

Sjekkliste

  • La oss gøyme figuren så den ikkje øydelegg mønsteret. Legg til ein gøym-kloss øvst i C-skriptet.

  • når eg startar som klon
    vis
    peik i retning (retning :: variables)
    

Test prosjektet

Trykk på C-tasten.

  • Du oppdagar kanskje at det fungerer best viss talet er deleleg med 4? Kvifor heng ikkje figuren saman viss talet ikkje er deleleg med 4? (Prøv til dømes med endra [retning v] med (1).)

Steg 4: Andre figurar

Me kan lage mønster av andre figurar enn trekantar.

Bilete av to mønster som er laga ved å bruke sirklar

Sjekkliste

  • når [c v] vert trykt
    gøym
    set [gjennomsiktig v]-effekt til (70)
    set [retning v] til (0)
    gå til x: (0) y: (120)
    peik i retning (90 v)
    gjenta (90) gongar
        snu @turnRight (4) gradar
        gå (8) steg
        endra [retning v] med (-4)
        endra [farge v]-effekt med (20)
        lag klon av [meg v]
    slutt
    send meldinga [flytt og snurr v]
    

Fleire idear

Tenk på andre ting du kan gjere for å lage interessante snurrige figurar. Her er nokre idear: