Nivå 3Kor i all verda? Del 1

Til lærerveiledningenOgså på:BokmålUkrainsk

Åpne på mobilen

Skann koden med kameraet på mobilen. Avkrysningene dine blir med.

Introduksjon

Kor i all verda? er eit reise- og geografispel der ein raskast mogleg skal flyge innom reisemål spreidd over heile Europa. I den fyrste delen skal me sjå på korleis me styrer ein figur rundt omkring på skjermen, og korleis me får ulike figurar til å reagere på kvarandre.

Seinare skal me utvide kartet me flyg over ved å lage ein bakgrunn som flyttar seg. Me skal også lage lister som heldt oversikt over alle stadene me kan besøke.

Illustrasjon av eit enkelt Kor i alle verda-spel

Steg 1: Styr eit helikopter

Me startar med å lage eit lite program som gjer at me kan styre eit helikopter med piltastane.

Sjekkliste

  • når @greenFlag vert trykt på
    send meldinga [Nytt spel v]
    

    Me skal diskutere kvifor me gjer det i meir detalj seinare. Kort sagt handlar det om å gi oss meir fleksibilitet for å starte og slutte spelet seinare.

  • når @greenFlag vert trykt på
    gøym
    avgrens rotering til [venstre-høgre v]
    set storleik til (30) %
    set [hastigheit v] til [5]
    

    Du kan gjerne eksperimentere med andre verdiar for desse klossane slik at du finn dei verdiane du meiner er best for spelet ditt!

  • når eg får meldinga [Nytt spel v]
    gå til x: (0) y: (0)
    vis
    gjenta for alltid
        viss <tasten [pil høgre v] er trykt?>
            peik i retning (90 v)
            gå (hastigheit) steg
        slutt
        viss <tasten [pil venstre v] er trykt?>
            peik i retning (-90 v)
            gå (hastigheit) steg
        slutt
    slutt
    

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Steg 2: Eit enkelt kart

No skal me leggje inn eit kart som bakgrunn. I denne delen skal me flyge over det. Seinare skal me lære korleis me får det til å bevege seg.

Sjekkliste

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Steg 3: Legg til eit reisemål

No skal me gi helikopteret eit mål det kan flyge til.

Sjekkliste

  • Bilete av ein heilt rund raud sirkel
  • Bilete av x- og y-koordinatane i Scratch
  • når eg får meldinga [Nytt spel v]
    send meldinga [Ny stad v]
    
    når eg får meldinga [Ny stad v]
    gå til x: (-98) y: (-120)
    vent til <rører [Helikopter v]?>
    sei [Fann Barcelona!] i (2) sekund
    

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Steg 4: Skjul reisemålet

Til no er dette spelet veldig enkelt, sidan spelaren berre må flyge til den raude sirkelen. For å gjere det vanskelegare skal me skjule sirkelen og berre seie kva by spelaren skal flyge til.

Sjekkliste

No vil me skjule den raude sirkelen. La oss fyrst prøve med det enklaste og mest opplagte:

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Hmm... Spelet oppdatar ikkje at me reiser til Barcelona lengre. Problemet er at sidan me skjuler sirkelen vil den ikkje lengre berøre Helikopter. Me må finne ein annan måte å gjere sirkelen usynleg på.

Sjekkliste

  • når eg får meldinga [Nytt spel v]
    vis
    set [gjennomsiktig v]-effekt til (100)
    send meldinga [Ny stad v]
    

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Steg 5: Vis reisemålet att

Det er kult om du kan vise kor reisemålet faktisk er etter at spelaren har funne det.

Sjekkliste

  • gjenta (5) gongar
        gjenta (10) gongar
            endra storleik med (10)
        slutt
        gjenta (10) gongar
            endra storleik med (-10)
        slutt
    slutt
    

    Kor må denne koden liggje for at du skal sjå animasjonen?

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Sjekkliste

Kanskje det er betre om sirkelen kan seie Fann Barcelona! samstundes som me animerer? For å få det til må me bruke sei-klossen i staden for sei i 2 sekund, fordi den siste får heile skriptet til å vente i to sekund.

  • sei [Fann Barcelona!]
    

    rett før den ytre gjenta-løkka.

  • sei [ ]
    

    til slutt i skriptet ditt.

Neste gong

No har me laga ein enkel versjon av spelet vårt. Neste gong skal me sjå korleis me kan lage eit større kart ved å få bakgrunnen til å flytte på seg. Me skal også gjere spelet vanskelegare ved å leggje til fleire reisemål.

Prøv sjølv