Nivå 1Halloweenimasjon

Til lærerveiledningenOgså på:BokmålUkrainsk

Åpne på mobilen

Skann koden med kameraet på mobilen. Avkrysningene dine blir med.

Introduksjon

Her skal me sjå på korleis me kan lage ulike animasjonar med Halloween-tema. Desse kan me dele med venene våre gjennom Scratch, eller kanskje endå meir morosamt: projisere dei på ei gardin, eit laken eller ein vegg på Halloween.

Bilete av eit skummelt Halloween-ansikt

Steg 1: Fyrste animasjon

Me skal starte med å la eit skummelt spøkelse flyge fram og tilbake over skjermen.

Sjekkliste

  • Bilete av eit skummelt spøkelse
  • gjenta (200) gongar
        gå (5) steg
    slutt
    
  • gjenta (200) gongar
        gå (5) steg
        viss ved kant, sprett
    slutt
    
  • bruk roteringstypen [vend sidevegs v]
    gjenta (200) gongar
        gå (5) steg
        viss ved kant, sprett
    slutt
    

Steg 2: Ein ny animasjon

Som vår andre animasjon skal me få ein flaggermus til å flyge mot oss.

Bilete av ein skummel flaggermus

Sjekkliste

  • set storleik til (0) %
    gjenta (100) gongar
        endra storleik med (4)
    slutt
    
  • bruk roteringstypen [vend sidevegs v]
    vis
    gjenta (200) gongar
        gå (5) steg
        viss ved kant, sprett
    slutt
    gøym
    
  • set storleik til (0) %
    vis
    gjenta (100) gongar
        endra storleik med (4)
    slutt
    gøym
    

Steg 3: Bytte bakgrunnar

No skal me få bakgrunnen til å bytte når me startar ein animasjon.

Sjekkliste

Viss me vil vise spøkelsesanimasjonen på svart bakgrunn må me fyrst klikke Scene, så Bakgrunner-fana og velje den svarte bakgrunnen. Så må me klikke på spøkelsesfiguren, Skript-fana og til slutt på sjølve skriptet. Dette er veldig tungvint! I staden skal me bruke meldingar.

Meldingar gjer det enkelt å få fleire ting til å skje samstundes. No skal me lage meldinga Animer spøkelse. Denne meldinga skal både hjelpe til med å bytte bakgrunnen og å starte spøkelsesanimasjonen.

  • når eg får meldinga [Animer spøkelse v]
    byt bakgrunn til [Svart v]
    
  • når eg får meldinga [Animer spøkelse v]
    bruk roteringstypen [vend sidevegs v]
    vis
    gjenta (200) gongar
        gå (5) steg
        viss ved kant, sprett
    slutt
    gøym
    
  • send meldinga [Animer spøkelse v]
    

    ut ved sidan av det store skriptet til spøkelset.

  • når eg får meldinga [Animer flaggermus v]
    byt bakgrunn til [Skog v]
    
  • når eg får meldinga [Animer flaggermus v]
    set storleik til (0) %
    vis
    gjenta (100) gongar
        endra storleik med (4)
    slutt
    gøym
    
  • send meldinga [Animer flaggermus v]
    

    for å teste at animasjonen fungerer.

Steg 4: Kople saman animasjonane

Me vil kople saman animasjonane slik at dei blir vist etter kvarandre heilt automatisk, om att og om att.

Sjekkliste

  • gjenta for alltid
        send meldinga [Animer spøkelse v] og vent
        send meldinga [Animer flaggermus v] og vent
    slutt
    
  • gjenta for alltid
        send meldinga [Animer spøkelse v] og vent
        vent (1) sekund
        send meldinga [Animer flaggermus v] og vent
        vent (1) sekund
    slutt
    
  • når @greenFlag vert trykt på
    gjenta for alltid
        send meldinga [Animer spøkelse v] og vent
        vent (1) sekund
        send meldinga [Animer flaggermus v] og vent
        vent (1) sekund
    slutt
    
  • når @greenFlag vert trykt på
    gøym
    gå til x: (0) y:(0)
    
  • når @greenFlag vert trykt på
    gøym
    gå til x: (0) y:(0)
    

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Steg 5: Teikne dine eigne figurar

No vil me lage ein tredje animasjon der me har laga figuren sjølv.

Sjekkliste

  • Bilete av graskar med utskore ansikt
  • Bilete av korleis du lagar ein kopi av graskaret i Scratch
  • når eg får meldinga [Animer graskar v]
    vis
    gjenta (50) gongar
        neste drakt
        vent (tilfeldig tal frå (0.1) til (0.3)) sekund
    slutt
    gøym
    

    Du kan godt bytte ut meldinga Animer graskar med noko som passar for figuren din. Klikk på skriptet (eller send ei melding) for å teste animasjonen. Ser det bra ut?

  • når @greenFlag vert trykt på
    gøym
    gå til x: (0) y: (0)
    
  • når eg får meldinga [Animer graskar v]
    byt bakgrunn til [Svart v]
    
  • når @greenFlag vert trykt på
    gjenta for alltid
        send meldinga [Animer spøkelse v] og vent
        vent (1) sekund
        send meldinga [Animer flaggermus v] og vent
        vent (1) sekund
        send meldinga [Animer graskar v] og vent
        vent (1) sekund
    slutt
    

Steg 6: Endå fleire animasjonar?

Prøv sjølv

No har me sett nokre døme på korleis me kan lage skumle Halloween-animasjonar. Prøv å bruke liknande teknikkar for å lage dine eigne animasjonar!

Legg ut prosjektet

Når du er fornøgd med animasjonane dine kan du dele det med familie og vener ved å trykke Legg ut.

Projiser animasjonene

Heilt til slutt kan du bruke dette steget for å lære korleis du kan skremme nabolaget med dei skumle animasjonane dine.

Det enklaste er å sette skjermen i vindauget. Klikk firkanten for fullskjermvisning øvst til venstre under Scratch-logoen. Viss du får låne ein projektor til Halloween kan du vise animasjonen utandørs, på ei gardin, eit laken eller ein vegg, slik som på biletet heilt i starten. I begge tilfella er det litt dumt at Scratch viser animasjonen med ei kvit ramme på skjermen. For å gjere det betre kan du følge tipsa under.

Sjekkliste

  • Last ned fila projiser.html. Etter at du har fått til denne adressa kan du velje Fil > lagre som, eller noko som liknar, i menyen til nettlesaren din. Legg fila ein stad du finn ho att.

  • <html>
    <head>
    <title>Halloweenimasjon</title>
    </head>
    
    <body bgcolor="#000000">
    <div style="overflow-y: hidden; height: 890px; margin-left: auto; margin-right: auto; width: 1180px;" id="applet">
    <iframe
      style="margin-top:-56px; margin-left: -10px"
      allowtransparency="true"
      width="1200"
      height="960"
      src="http://scratch.mit.edu/projects/embed/30923784/?autostart=true"
      frameborder="0"
      scrolling="no"
      seamless="seamless"
      allowfullscreen=""></iframe>
    </div>
    </body>
    </html>
    

Prosjektnummer

For å finne prosjektnummeret ditt kan du sjå i adressefeltet i nettlesaren din medan du jobbar med prosjektet. som ein del av adressa kan du sjå eit 8-sifra tal. Dette er prosjektnummeret ditt.

Sjekkliste