Flagg
Introduksjon
I denne oppgåva ser me nærare på korleis me kan lage mønstre og animasjonar ved hjelp av litt matematikk. Det me skal gjere er å teikne eit flagg som vaiar i vinden.

Steg 1: Gå i sirkel
Tidlegare har me sett fleire måtar me kan få figurar til å gå i sirkel på. Til
dømes i Soloball der me flytta figuren vekk frå
sentrum og brukte peik mot [musepeikar v] for å flytte figuren i sirkel.
Her skal me bruke to matematiske funksjonar, sinus og cosinus for å ha meir
kontroll over korleis sirkelrørsla skjer. Du kjenner kanskje ikkje desse endå,
men det er ikkje så farleg. Enkelt forklart hjelper dei oss å finne ut kor lange
sidene i ein rettvinkla trekant er i forhold til kvarandre. I figuren under
fortel cosinus, cos(vinkel) oss kor lang den vassrette streken er i forhold
til den skrå streken.

No skal me bruke dette til å teikne sirklar!
Sjekkliste
-
når @greenFlag vert trykt på avgrens rotering til [ikkje roter v] gjenta for alltid set x til ((100) * ([cos v] av (retning))) set y til ((100) * ([sin v] av (retning))) snu @turnLeft (5) gradar slutt
Test prosjektet
Klikk på det grøne flagget.
-
Talet
100fortel kor stor sirkelen skal vere (det er lengda av den skrå streken i figuren over). Prøv å endre talet (begge stadene) for å sjå kva som skjer.
Retning på sirkelrørsla
Har du lagt merke til at katten flyttar seg i motsatt retning av korleis pila i
snu @turnLeft (5) gradar-klossen peikar? Det er fordi Scratch måler vinklar
i motsatt retning av det som er vanleg i matematikken.
Steg 2: Flytt sirkelen
Til no har me berre teikna ein sirkel midt på skjermen. No skal me flytte den!
Sjekkliste
-
når @greenFlag vert trykt på avgrens rotering til [ikkje roter v] set [sentrumX v] til [-100] set [sentrumY v] til [50] gjenta for alltid set x til ((sentrumX) + ((100) * ([cos v] av (retning))) set y til ((sentrumY) + ((100) * ([sin v] av (retning))) snu @turnLeft (5) gradar slutt
Test prosjektet
Klikk på det grøne flagget.
Prøv sjølv
-
Du treng ein
set [radius v] til []-kloss i tillegg til å bruke(radius)to stader i koden din.
Steg 3: Dansande diskar
No skal me prøve å få mange figurar til å gå i sirkel samstundes.
Sjekkliste
-

-
når @greenFlag vert trykt på gjenta (99) gongar set [sentrumX v] til (tilfeldig tal frå (-150) til (150)) set [sentrumY v] til (tilfeldig tal frå (-100) til (100)) set [radius v] til [50] lag klon av [meg v] slutt når eg startar som klon gjeta for alltid set x til ((sentrumX) + ((radius) * ([cos v] av (retning))) set y til ((sentrumY) + ((radius) * ([sin v] av (retning))) snu @turnLeft (5) gradar slutt -
Kaoset kjem av at Scratch brukar litt tid på å starte kvar klon. Me kan få orden på det ved å få dei til å starte samstundes:
Bytt
når eg startar som klonmednår eg får meldinga [dans v], og legg til einsend meldinga [dans v]-kloss ettergjenta (99) gongar-løkka.Om du køyrer programmet ditt att ser du at alle diskane "dansar" i takt. Kva likar du best?
Steg 4: Flagrande flagg
No skal me få denne kaotiske dansen til å bli noko som liknar på eit flagrande flagg.
Sjekkliste
-
når @greenFlag vert trykt på vis set [radius v] til [25] set [sentrumX v] til [-160] gjenta (19) gongar set [sentrumY v] til [-100] gjenta (14) gongar lag klon av [meg v] endra [sentrumY v] med (16) slutt endra [sentrumX v] med (16) slutt send meldinga [flagre v] gøym -
når eg får meldinga [flagre v] gjenta for alltid set x til ((sentrumX) + ((radius) * ([cos v] av (retning))) set y til ((sentrumY) + ((radius) * ([sin v] av (retning))) snu @turnLeft (5) gradar slutt -
Legg til klossen
snu @turnRight (1) gradaretterlag klon av [meg v]-klossen, og prøv programmet ditt att. Kva har skjedd?
Steg 5: Det norske flagget
No skal me teikne flagget med ulike fargar.
Sjekkliste
-

-
når @greenFlag vert trykt på set [flagg v] til [rrrrrkbbkrrrrr]
Bokstavane
rrrrrkbbkrrrrrbeskriv at me vil ha fem raude diskar, ein kvit, to blå, ein kvit og fem raude diskar. -
byt drakt til (bokstav (nummer) i (flagg))
øvst i
gjenta for alltid-løkka iflagre-skriptet. -
rrrrrkbbkrrrrrrrrrrkbbkrrrrrrrrrrkbbkrrrrrrrrrrkbbkrrrrrrrrrrkbbkrrrrr kkkkkkbbkkkkkkbbbbbbbbbbbbbbbbbbbbbbbbbbbbkkkkkkbbkkkkkkrrrrrkbbkrrrrr rrrrrkbbkrrrrrrrrrrkbbkrrrrrrrrrrkbbkrrrrrrrrrrkbbkrrrrrrrrrrkbbkrrrrr rrrrrkbbkrrrrrrrrrrkbbkrrrrrrrrrrkbbkrrrrrrrrrrkbbkrrrrr -
Bytt
(bokstav (nummer) i (flagg))med(bokstav ((nummer) mod (lengda til (flagg))) i (flagg))ibyt drakt til [ v]-klossen. Om du prøver programmet att ser du at flaggmønsteret blir gjenteke. Prøv å sette(flagg)tilrkbfor å sjå det.