Nivå 3Flagg

Til lærerveiledningenOgså på:BokmålUkrainsk

Åpne på mobilen

Skann koden med kameraet på mobilen. Avkrysningene dine blir med.

Introduksjon

I denne oppgåva ser me nærare på korleis me kan lage mønstre og animasjonar ved hjelp av litt matematikk. Det me skal gjere er å teikne eit flagg som vaiar i vinden.

Bilete av det norske flagget som vaiar i vinden

Steg 1: Gå i sirkel

Tidlegare har me sett fleire måtar me kan få figurar til å gå i sirkel på. Til dømes i Soloball der me flytta figuren vekk frå sentrum og brukte peik mot [musepeikar v] for å flytte figuren i sirkel.

Her skal me bruke to matematiske funksjonar, sinus og cosinus for å ha meir kontroll over korleis sirkelrørsla skjer. Du kjenner kanskje ikkje desse endå, men det er ikkje så farleg. Enkelt forklart hjelper dei oss å finne ut kor lange sidene i ein rettvinkla trekant er i forhold til kvarandre. I figuren under fortel cosinus, cos(vinkel) oss kor lang den vassrette streken er i forhold til den skrå streken.

Bilete av samanhengen mellom vinkel, sinus og cosinus

No skal me bruke dette til å teikne sirklar!

Sjekkliste

  • når @greenFlag vert trykt på
    avgrens rotering til [ikkje roter v]
    gjenta for alltid
        set x til ((100) * ([cos v] av (retning)))
        set y til ((100) * ([sin v] av (retning)))
        snu @turnLeft (5) gradar
    slutt
    

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

  • Talet 100 fortel kor stor sirkelen skal vere (det er lengda av den skrå streken i figuren over). Prøv å endre talet (begge stadene) for å sjå kva som skjer.

Retning på sirkelrørsla

Har du lagt merke til at katten flyttar seg i motsatt retning av korleis pila i snu @turnLeft (5) gradar-klossen peikar? Det er fordi Scratch måler vinklar i motsatt retning av det som er vanleg i matematikken.

Steg 2: Flytt sirkelen

Til no har me berre teikna ein sirkel midt på skjermen. No skal me flytte den!

Sjekkliste

  • når @greenFlag vert trykt på
    avgrens rotering til [ikkje roter v]
    set [sentrumX v] til [-100]
    set [sentrumY v] til [50]
    gjenta for alltid
        set x til ((sentrumX) + ((100) * ([cos v] av (retning)))
        set y til ((sentrumY) + ((100) * ([sin v] av (retning)))
        snu @turnLeft (5) gradar
    slutt
    

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Prøv sjølv

  • Du treng ein set [radius v] til []-kloss i tillegg til å bruke (radius) to stader i koden din.

Steg 3: Dansande diskar

No skal me prøve å få mange figurar til å gå i sirkel samstundes.

Sjekkliste

  • Bilde av ein liten raud disk i Scratch
  • når @greenFlag vert trykt på
    gjenta (99) gongar
        set [sentrumX v] til (tilfeldig tal frå (-150) til (150))
        set [sentrumY v] til (tilfeldig tal frå (-100) til (100))
        set [radius v] til [50]
        lag klon av [meg v]
    slutt
    
    når eg startar som klon
    gjeta for alltid
        set x til ((sentrumX) + ((radius) * ([cos v] av (retning)))
        set y til ((sentrumY) + ((radius) * ([sin v] av (retning)))
        snu @turnLeft (5) gradar
    slutt
    
  • Kaoset kjem av at Scratch brukar litt tid på å starte kvar klon. Me kan få orden på det ved å få dei til å starte samstundes:

    Bytt når eg startar som klon med når eg får meldinga [dans v], og legg til ein send meldinga [dans v]-kloss etter gjenta (99) gongar-løkka.

    Om du køyrer programmet ditt att ser du at alle diskane "dansar" i takt. Kva likar du best?

Steg 4: Flagrande flagg

No skal me få denne kaotiske dansen til å bli noko som liknar på eit flagrande flagg.

Sjekkliste

  • når @greenFlag vert trykt på
    vis
    set [radius v] til [25]
    set [sentrumX v] til [-160]
    gjenta (19) gongar
        set [sentrumY v] til [-100]
        gjenta (14) gongar
            lag klon av [meg v]
            endra [sentrumY v] med (16)
        slutt
        endra [sentrumX v] med (16)
    slutt
    send meldinga [flagre v]
    gøym
    
  • når eg får meldinga [flagre v]
    gjenta for alltid
        set x til ((sentrumX) + ((radius) * ([cos v] av (retning)))
        set y til ((sentrumY) + ((radius) * ([sin v] av (retning)))
        snu @turnLeft (5) gradar
    slutt
    
  • Legg til klossen snu @turnRight (1) gradar etter lag klon av [meg v]-klossen, og prøv programmet ditt att. Kva har skjedd?

Steg 5: Det norske flagget

No skal me teikne flagget med ulike fargar.

Sjekkliste

  • Bilete av ein raud, ein kvit og ein blå disk i Scratch
  • når @greenFlag vert trykt på
    set [flagg v] til [rrrrrkbbkrrrrr]
    

    Bokstavane rrrrrkbbkrrrrr beskriv at me vil ha fem raude diskar, ein kvit, to blå, ein kvit og fem raude diskar.

  • byt drakt til (bokstav (nummer) i (flagg))
    

    øvst i gjenta for alltid-løkka i flagre-skriptet.

  • rrrrrkbbkrrrrrrrrrrkbbkrrrrrrrrrrkbbkrrrrrrrrrrkbbkrrrrrrrrrrkbbkrrrrr
    kkkkkkbbkkkkkkbbbbbbbbbbbbbbbbbbbbbbbbbbbbkkkkkkbbkkkkkkrrrrrkbbkrrrrr
    rrrrrkbbkrrrrrrrrrrkbbkrrrrrrrrrrkbbkrrrrrrrrrrkbbkrrrrrrrrrrkbbkrrrrr
    rrrrrkbbkrrrrrrrrrrkbbkrrrrrrrrrrkbbkrrrrrrrrrrkbbkrrrrr
    
  • Bytt (bokstav (nummer) i (flagg)) med (bokstav ((nummer) mod (lengda til (flagg))) i (flagg)) i byt drakt til [ v]-klossen. Om du prøver programmet att ser du at flaggmønsteret blir gjenteke. Prøv å sette (flagg) til rkb for å sjå det.

Prøv sjølv