JS: Partikkel-gravitasjon
Introduksjon
I denne oppgåva tek me utgangspunkt i animasjonen me laga i oppgåva Partikkel-animasjon. Viss du ikkje har gjort den oppgåva anbefalar me at du gjer den før du fortset her.
Denne oppgåva går ut på å leggje til gravitasjon på partikkel-objektet. Du får
presentert kva du skal gjere, men du må sjølv finne ut korleis du skriv kode for
å få det til. Til slutt kjem det til å sjå ut omlag som dette:
Steg 1: Få partikkelen til å falle
Det fyrste me skal gjere er å få partikkelen til å falle, og for å få til det må du programmere det følgjande:
For kvar gong draw() køyrer, skal følgjande skje:
-
Attributten
hastigheitskal endrast medgravitasjon-attributten. -
y-posisjonen tilparticleblir endra medhastigheit-attributten.
Hint
Fell partikkelen no? Når partikkelen fell ser du kanskje òg at den fell gjennom skjermen. Difor må me leggje til ein sjekk som gjer at den stoppar nedst.
Steg 2: Stopp nedst på skjermen
For at partikkelen vår skal stoppe nedst på skjermen treng me enkelt og greit
ein sjekk kvar gong me køyrer draw()
Hint
No har du eit fallande objekt!
Utfordringar
Steg 3: Få partikkelen til å flyge!
No som me har fått gravitasjon på partikkelen vår kan me leggje til styring på
partikkelen ved hjelp av tastar. Me skal programmere slik at når du trykkar pil opp så gir du partikkelen negativ akselerasjon, og når me slepp att blir den
påverka av gravitasjonen ned att. For å gjere det brukar me noko som heiter
keydown, keyup og event.key.
For å kunne utføre ein operasjon når me trykkar på ein tast må me ha denne koden:
window.addEventListener("keydown", function (event) {
if (event.key === "ArrowUp") {
// Kode som skal utførast
}
});
Forklaring
-
window.addEventListener("keydown", ...)lyttar etter at ein tast blir trykka ned. Då blir funksjonen køyrt, ogeventfortel kva tast det var. -
event.keyer namnet på tasten, som tekst. Er du usikker på kva ein tast heiter, kan du skriveconsole.log(event.key);inni funksjonen og trykke på tasten. Du finn òg alle namna på MDN. -
I
if (event.key === "ArrowUp")må du skrive kode for at gravitasjonen skal vere negativ. Prøv med ulike tal.
Forslag til kode
Viss du står heilt bom fast, kan du sjå på koden under. Klikk på det svarte feltet fyrst, så går tastetrykka til animasjonen.
<!DOCTYPE html>
<html lang="no">
<head>
<meta charset="UTF-8">
<title>Partikkel-gravitasjon</title>
<style>
body {
background-color: #666;
}
#canvas {
background-color: #000;
}
</style>
<script>
let canvas, ctx;
const particle = {
x: 245,
y: 0,
gravity: 0.05,
gravitySpeed: 0,
size: 10,
farge: "red"
};
window.addEventListener("load", function () {
canvas = document.getElementById("canvas");
ctx = canvas.getContext("2d");
setInterval(draw, 30);
});
// Pil opp gir negativ gravitasjon, så partikkelen flyg oppover
window.addEventListener("keydown", function (event) {
if (event.key === "ArrowUp") {
event.preventDefault(); // hindrar at sida rullar
particle.gravity = -0.1;
}
});
// Når tasten blir sleppt, kjem gravitasjonen att
window.addEventListener("keyup", function (event) {
if (event.key === "ArrowUp") {
particle.gravity = 0.05;
}
});
function draw() {
ctx.clearRect(0, 0, canvas.width, canvas.height);
ctx.fillStyle = particle.farge;
ctx.fillRect(particle.x, particle.y, particle.size, particle.size);
particle.gravitySpeed += particle.gravity;
particle.y += particle.gravitySpeed;
const kant = canvas.height - particle.size;
if (particle.y > kant) {
particle.y = kant;
particle.gravitySpeed = 0;
}
if (particle.y < 0) {
particle.y = 0;
particle.gravitySpeed = 0;
}
}
</script>
</head>
<body>
<canvas id="canvas" width="500" height="500"></canvas>
</body>
</html>
Tips
Du kan også skrive koden i VS Code. Trykk Last ned som fil under dømet, eller lag ei ny fil. Sjå oppgåva VS Code.