Nivå 3JS: Partikkel-fest

Til lærerveiledningenOgså på:Bokmål

Åpne på mobilen

Skann koden med kameraet på mobilen. Avkrysningene dine blir med.

Introduksjon

Denne oppgåva byggjer på koden du skreiv i oppgåva Partikkel-animasjon. Så viss du ikkje har gjort den anbefalar me at du ser på den før du fortset med denne oppgåva.

Her skal me vidareutvikle partikkel-animasjonen vår slik at den ser slik ut:

Merk at i denne oppgåva kjem me berre til å gi hint for å beskrive kva du skal gjere. Du kjem ikkje til å få presentert den ferdige koden.

Steg 1: Kva må gjerast?

I denne oppgåva får du berre små døme på kode for å hjelpe deg til å kome fram til resultatet. Difor skal me gå jgennom tankemåten for å lage animasjonen over ved å presentere ei liste over ting som må gjerast:

La oss studere animasjonen og analysere kva den inneheldt:

  • Ein partikkel på midten av skjermen som alltid er der. Kva kan vere grunnen til det?

  • Partiklane som går ut frå midten og blir mindre og mindre di lengre ut dei går.

  • Hastigheita til hvar partikkel varierer.

  • Retninga varierer, men ein partikkel beveger seg alltid i ei rett linje.

  • Det er mange partiklar som blir til kvart sekund.

Me skal analysere punkta og sjå på kva me må programmere. Me startar på toppen.

  • Sidan partiklane går ut frå midten må alle starte der. Difor må me setje x- og y-posisjonen til å vere det same for kvar partikkel.

  • Sidan partiklane blir mindre og mindre, men startar med same storleik, så må me endre på storleik-attributten til partikkelen på same måte som me gjer når me skal flytte på den. Tips: bruk ganging (*) for å få ein betre forminskingseffekt.

  • Sidan hastigheita varierer kan me bruke Math.random til xSpeed og ySpeed. Her er eit døme på korleis det kan sjå ut:

xSpeed: Math.floor(Math.random()*20 - Math.random()*20),

Dette gjer at du får eit positivt eller negativt tal med varierande hastigheit frå -20 til 20 i x-retning. Gjer det same for y-retninga for å få partiklane til å bevege seg over alt på skjermen.

  • For å få dei til å følgje ei rett linje brukar me berre endringar i x- og y-retning frå førre oppgåve: particle.x = particle.x + particle.xSpeed;.

  • Sidan det er mange partiklar som blir laga samstundes må me leggje kvar nye partikkel i ei liste for kvar gong draw() blir kalla, og bruke ei for-løkke til å endre kvar partikkel sine attributtar, og gjenta det for alle elementa i lista.

Prøv sjølv fyrst! Viss du ikkje får det til kan du nytte hinta under.

Start med koden frå Partikkel-animasjon. Den teiknar éin partikkel som flyttar seg. Byggj vidare på den:

<!DOCTYPE html>
<html lang="no">
<head>
  <meta charset="UTF-8">
  <title>Partikkel-fest</title>
  <style>
    body {
      background-color: #666;
    }

    #canvas {
      background-color: #000;
    }
  </style>
  <script>
    let canvas, ctx;

    const particle = {
      x: 250,
      y: 250,
      xSpeed: 2,
      ySpeed: 2,
      size: 10,
      farge: "red"
    };

    window.addEventListener("load", function () {
      canvas = document.getElementById("canvas");
      ctx = canvas.getContext("2d");
      setInterval(draw, 30);
    });

    function draw() {
      ctx.clearRect(0, 0, 500, 500);

      ctx.fillStyle = particle.farge;
      ctx.fillRect(particle.x, particle.y, particle.size, particle.size);

      particle.x = particle.x + particle.xSpeed;
      particle.y = particle.y + particle.ySpeed;
    }
  </script>
</head>
<body>
  <canvas id="canvas" width="500" height="500"></canvas>
</body>
</html>

Tips

Du kan også skrive koden i VS Code. Trykk Last ned som fil under dømet, eller lag ei ny fil. Sjå oppgåva VS Code.

Hint

For-løkke

  • Ei for-løkke som skal gå gjennom ei liste ser slik ut:
for (let i = 0; i < listeNavn.length; i++) {
    //kode
    const element = listeNavn[i]; // element blir lagt til det i-te elementet i lista,
                           // og i er eit tal frå 0 til lengda av lista.
  }

Oppbygging av koden

For at du skal kunne byggje opp koden slik at partiklane oppfører seg som i animasjonen, så må me tenke over kor me set inn koden vår.

  • All endring på partikkel-objektet bør skje i for-løkka. På den måten skjer endringane gradvis, og animasjonen blir finare.

  • Du bør eksperimentere med når elementa bør leggjast til i partikkel-lista.

  • Du bør òg eksperimentere med når du brukar clearRect(). Klarar du å sjå kva som er skilnaden på om den ligg i eller utanfor for-løkka?