Kor er HTML? Eg ser den ikkje!
Introduksjon
Målet med oppgåva er å vise kor HTML finst i verkelege nettsider, slik som den sida du er på no. Når du er ferdig med oppgåva skal du ha litt betre kjennskap til HTML, og du skal enkelt kunne endre på nettsider du er inne på.
Denne oppgåva er demonstrert i nettlesaren Google Chrome. Bruk denne nettlesaren viss du har den.
Steg 1: Sjå
Men kor er all HTML-koden bak nettsidene me ser til vanleg? Den er gøymt bak nettlesaren! La oss ta ein kikk.
Aktivitetar

Når me klikkar på
Inspiser, får me sjå ein meny som er til hjelp for utviklarar. Denne er svært nyttig til webutvikling.
Ser du den farga teksten, du òg? Det er HTML, slik Chrome les den! Kjeldekoden til nettsida.
Kjeldekoden til katten ser slik ut:

Kjeldekoden til slangen ser slik ut:

Kva har me lært?
Høgreklikk og inspiser finn HTML-koden til elementet me ser på.
HTML-kode for bilete ser slik ut:

Steg 2: Fjern
Utviklarverktøyet i nettlesaren let oss tulle med HTML-koden til alle nettsider me er på. Me øydelegg ikkje nettsidene, altså!
Alle endringar me gjer på nettsida blir altså att på datamaskina vår. Me øydelegg ikkje for andre når me endrar på nettsider på denne måten!
Alt borte vekk?
Tips: viss du fjernar alt for mykje kan du berre oppdatere sida att. Då blir alt som det var. Prøv!
Aktivitetar
Me likar Minecraft. Men Minecraft er ikkje fyrst i lista over kurs! La oss gjere noko med det og fjerne alt som er framfor det kurset!

Men... Vent litt. Slangen gjekk ikkje til venstre. Kva skjedde no? Og det står jo framleis
Scratchunder den tomme plassen?
Hmm... Det er ein usynleg boks der, den som tidlegare hadde katten i seg! Den heiter
og er ei lenke:

Scratch

Simsalabim!

La oss fjerne litt meir.

Poff!

Å nei! No vart alt borte!
Last sida på nytt for å få den gamle tilbake.
No må du hjelpe til med å få Minecraft fyrst i køa.

Sånn skal det sjå ut!
Kva har me lært?
HTML inneheldt koder som er usynlege når me ser på ei nettside!
Desse kan vere lenker () eller boksar (

Me kan framleis finne og sjå alle dei usynlege kodene når me brukar Inspiser!
Steg 3: Skap
No skal me leike! La oss setje denne rakkaren

på alle kursa!

Aktivitetar
Steg 4: Mykje moro!
Gratulerer! Du har kome eit nytt steg på veg til å bli webutviklar!