CSS: Animasjon
Introduksjon
I denne oppgåva skal du lære å animere HTML-objekt ved hjelp av CSS. Under ser du korleis resultatet vil bli til slutt:

Før me startar å lage animasjonen over må me lære om korleis animasjon fungerer ved hjelp av CSS. Så la oss starte med det grunnleggjande!
For å lære mest mogleg bør du åpne ei tom .html-fil og skrive koden for hand
når du les oppgåva, då kjem du til å bli ein racer i CSS-animasjon!
Steg 1: Animasjons-attributten
Animasjon i CSS er ganske enkelt. I utgangspunktet har animasjonen to stadium:
start og slutt. Mellom start og slutt kan du leggje inn ulike faser, det
skal me sjå på seinare. Animasjonen vil heller ikkje få i loop (altså gjenta
seg sjølv) med mindre du fortel at den skal gjere det.
Før me skal sjå på eit enkelt døme skal me sjå på animation-attributtar. Me
skal bruke desse:
#id {
animation-name: eit-namn;
animation-duration: 1s;
animation-timing-function: linear|ease|ease-in|ease-out|ease-in-out|step-start|step-end;
animation-delay: 1s;
animation-iteration-count: nummer|infinite;
animation-direction: normal|reverse|alternate|alternate-reverse;
animation-fill-mode: none|forwards|backwards|both;
}
-
name: Namnet på animasjonen. -
duration: Kor lenge (i sekund) skal animasjonen vare. -
timing-function: Korleis mellom-fasane er berekna. -
delay: Kor lang forseinking det skal vere før animasjonan startar. Standard er 0 sekund. -
iteration-count: Kor mange gonger animasjonen skal bli gjenteke. -
direction: Bestemmer om animasjonen skal gå baklengs eller ikkje. -
fill-mode: Kva stilar som er lagt til før og etter start av animasjonen.
Her er eit enkelt døme på ein boks som går frå venstre til høgre:
<!DOCTYPE html>
<html>
<head>
<style>
#boks {
height: 50px;
width: 50px;
background-color: blue;
position: relative;
animation-name: fram-og-tilbake;
animation-duration: 2s;
animation-iteration-count: infinite;
animation-direction: alternate;
}
@keyframes fram-og-tilbake {
0% {
left: 0px;
}
100% {
left: 100px;
}
}
</style>
</head>
<body>
<div id="boks"></div>
</body>
</html>
La oss sjå nærare på koden over:
Me har ein <div> med ID boks, den er 50x50px med blå bakgrunnsfarge.
Posisjonen er relative, som vil seie at me har moglegheita til å flytte på
den.
animation-attributtane:
-
name: fram-og-tilbake -
duration: 2s (sekund) -
timing-function: Ikkje gjeve, ereasesom standard. -
delay: Ikkje gjeve, sidan me vil at animasjonen skal starte med ein gong og standard er0s. -
iteration-count: infinite (uendeleg, så den vil ikkje stoppe). -
direction: alternate (for at den skal gå fram og tilbake) -
fill-mode: Ikkje gjeve, sidan animasjonen startar med ein gong og aldri sluttar treng me ikkje einfill-modefør eller etter animasjonen.
@keyframes fram-og-tilbake er det me brukar for å spesifisere kva som skal
skje under animasjonen. I dette tilfellet har me sett namnet til animasjonen med
animation-name: fram-og-tilbake, så me brukar @keyframes fram-og-tilbake for
å beskrive animasjonen.
No kan me spesifisere kva me vil at animasjonen skal gjere. Det gjer me innanfor
@keyframes. Me har to fasar, ein start og ein slutt. 0% er starten på
animasjonen og 100% er slutten. Difor vil boksen vår starte til venstre
(left: 0px) og slutte lengre til høgre (left: 100px).
NB! Verdiane i animation-attributtane kan òg skrivast som ei eiga linje,
men då er det litt vanskelegare å finne ut kva som er kva:
#boks {
animation: fram-og-tilbake 2s ...;
}
Utfordring
Steg 2: @keyframes
La oss sjå nærare på @keyframes. @keyframes er CSS som fortel kva steg ein
animasjon består av.
Her kjem nokre døme:
@keyframes diagonalt {
0% {
top: 0px;
left: 0px;
}
100% {
top: 100px;
left: 100px;
}
}
Dette dømet får eit objekt til å gå diagonalt sidan det startar på top: 0px; left: 0px; og ender på top: 100px; left: 100px;.
@keyframes ned {
0% {
top: 0px;
}
100% {
top: 100px;
}
}
Her går HTML-objektet nedover ved hjelp av top-attributten.
@keyframes skifte-farge {
0% {
background-color: blue;
}
50% {
background-color: yellow;
}
100% {
background-color: red;
}
}
Merk at i dette dømet har me lagt inn 50%. Dette er eit døme på at du kan dele
inn animasjonen i fasar mellom 0% og 100%. Du kan leggje til så mange fasar
du vil ved å bruke %.
Merk at du ikkje kan endre på kor lenge animasjonen varar med @keyframes
og %, då må du endre på animation-duration.
Steg 3: Pakke ut filene
No skal me animere øksa og Minecraft-logoen:

-
Last ned og pakk ut minecraft_animasjon.zip.
-
Åpne
index.htmli VS Code og i ein nettlesar.
No vil du ha ei nettside som ser slik ut:

I koden til index.html har me eit bakgrunnsbilete og 3 div-ar med følgjande
ID: pickaxe, minecraft og block. Alle desse ID-ane er eit bilete på
nettsida, bakgrunnsbiletet ligg i CSS-en under body.
Dette skal me programmere:
-
pickaxe-a skal kome flygande inn og treffe blokkene. -
Når øksa har treft blokkene skal logoen kome inn.
Steg 4: Flygande øks
No skal me få pickaxe-a til å fly. Me startar med å beskrive animasjonen med
keyframes.
Sjekkliste
Så legger me til animasjonen til øksa.
Sjekkliste
Forslag til kode så langt
#pickaxe {
background-image: url("pickaxe.png");
z-index: 1;
width: 150px;
height: 150px;
position: absolute;
bottom: 150px;
left: -150px;
animation: move-pickaxe 2s;
animation-delay: 1s;
animation-timing-function: linear;
animation-fill-mode: forwards;
}
@keyframes move-pickaxe {
0% {
left:-150px;
}
100% {
left: 800px;
transform: rotate(720deg);
}
}
Steg 5: Flygande logo
No som du har klart å få pickaxe til å flyge inn med rotasjon er den neste
oppgåva di å få #minecraft til kome flygande inn etter at pickaxe har
stoppa.
- Bruk det du har lært i oppgåva til no, og prøv å få logoen til å kome inn når
pickaxeer ferdig med animasjonen sin.
Forslag til kode for Minecraft-logo
#minecraft {
background-image: url("minecraft.png");
z-index: 1;
width: 616px;
height: 154px;
position: absolute;
left: -900px;
animation: move_minecraft 4s;
animation-delay: 3s;
animation-fill-mode: forwards;
}
@keyframes move_minecraft {
0% {
left: -900px;
}
100% {
left:400px;
}
}
Gratulerer! Du har laga din fyrste animasjon!