Nivå 4Snøballkrig

Til lærerveiledningenOgså på:BokmålUkrainsk

Åpne på mobilen

Skann koden med kameraet på mobilen. Avkrysningene dine blir med.

Introduksjon

I denne oppgåva skal me lage eit spel der det er om å gjere å jage bort dei slemme gutane ved å kaste snøball på dei. Undervegs lærer me korleis me kan gjere spelet meir utfordrande etter kvart ved at figurane me speler mot blir raskare og vanskelegare å jage bort.

Illustrasjon av eit ferdig snøballkrig-spel

Steg 1: Ein snøballkastar

Me startar med å lage ein passande bakgrunn og snøballkastaren me skal styre.

Sjekkliste

  • Vel Teikn ny bakgrunn for å teikne ein ny bakgrunn. Pass på at du brukar vektorgrafikk. Teikn ein stor firkant som dekker heilt bakgrunnen. Vel ei mørkeblå framgrunnsfarge og ei lysare bakgrunnsfarge. Klikk på målingsspannet for å fylle firkanten med farge, og vel ein overgang nedst til venstre. Klikk på bakgrunnen for å fylle den med farge.

    Så vel du kvit som framgrunnsfarge og lagar ein mindre boks som dekker nedre del av bakgrunnen. Fyll den ed passande fargar.

    Bilete av ein passande bakgrunn for spelet

    Kall bakgrunnen for Spel.

  • når @greenFlag vert trykt på
    send meldinga [start v]
    

    Dette trikset har du kanskje sett før. Det gjer det enklare for oss å kome attende og leggje til ein startmeny og liknande.

  • når @greenFlag vert trykt på
    set storleik til (75) %
    avgrens rotering til [venstre-høgre v]
    set [hastigheit v] til [5]
    

    På det grøne flagget legg me innstillingar som skal gjelde for Helten gjennom heile spelet. Du må gjerne endre på storleiken og hastigheita etter kvart som du testar spelet, slik at du finn innstillingar du likar.

  • meldinga start:

    når eg får meldinga [start v]
    gå til x: (0) y: (-75)
    gjenta for alltid
    slutt
    

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Steg 2: Mange snøballar

Det blir ingen snøballkrig utan snøballar. No skal me lage kjempemange av dei!

Sjekkliste

  • når @greenFlag vert trykt på
    gøym
    set storleik til (40) %
    set [hastigheit v] til [10]
    
  • når eg får meldinga [kast v]
    lag klon av [meg v]
    
  • når eg startar som klon
    gå til [Helten v]
    peik i retning ([retning v] av [Helten v])
    vis
    gjenta til <rører [kant v]>
        gå (hastigheit) steg
    slutt
    slett denne klonen
    

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

  • vent til <ikkje <tasten [mellomrom v] er trykt?>>
    

    på Helten-figuren før kast-meldinga blir sendt.

Steg 3: Slemme gutar

No skal me lage slemme gutar som prøver å ta oss. Me skal jage dei bort med snøballar.

Sjekkliste

  • når @greenFlag vert trykt på
    gøym
    gå til x: (0) y: (-70)
    avgrens rotering til [venstre-høgre v]
    set storleik til (30) %
    set [hastigheit v] til [3]
    
  • når eg får meldinga [start v]
    gjenta for alltid
        viss <(tilfeldig tal frå (0) til (1)) = [0]>
            peik i retning (90 v)
            set x til (-250)
        ellers
            peik i retning (-90 v)
            set x til (250)
        slutt
        lag klon av [meg v]
        vent (tilfeldig tal frå (2) til (4)) sekund
    slutt
    
  • Lag ein når eg startar som klon-kloss der du fyrst viser figuren, og så lagar ei for alltid-løkke der figuren beveger seg hastigheit steg og så ventar ein augneblink, til dømes 0,1 sekund.

  • når eg startar som klon
    gjenta for alltid
        viss <rører [Helten v]?>
            send meldinga [slutt v]
            slett denne klonen
        slutt
        viss <rører [Snøball v]?>
            slett denne klonen
        slutt
    slutt
    

    Grunnen til at desse må liggje i eit eige skript er at det fyrste skriptet ventar litt mellom kvar gong figuren tek eit steg. Hadde me lagt desse viss-klossane i det same skriptet ville me berre sjekka om Skumling vart treft av ein snøball mellom ventinga. Ved å lage eit eige skript sjekkar me det heile tida.

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Steg 4: Telje poeng og avslutte spelet

No som me nesten har eit ferdig spel, så vil me telje poeng!

Sjekkliste

Tidlegare laga me meldinga slutt som blir sendt ut når Helten blir teken av ein Skumling. No skal me bruke denne til å avslutte spelet. Fyrst lagar me ein meny og ein bakgrunn som fortel att me tapte.

  • På Meny-bakgrunnen kan du lage ein fin tittel. Skriv Trykk 'S' for å starte.

    På Slutt-bakgrunnen kan du skrive ei passande melding for når spelet er slutt. Skriv Trykk 'S' for å spele igjen.

  • grøne flagget blir klikka på:

    når @greenFlag vert trykt på
    byt bakgrunn til [Meny v]
    

    Så vil me starte spelet når S blir trykka på:

    når [s v] vert trykt
    send meldinga [start v]
    

    Pass på at du byttar til bakgrunnen Spel når meldingen start blir motteke, og til bakgrunnen Slutt når meldinga slutt blir motteke.

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Steg 5: Store, slemme gutar

Til slutt skal me gjere spelet vanskelegare di lengre me speler.

  • gjenta for alltid
        set [Nivå v] til ((1) + ([golv v] av ((Poeng) / (5))))
    slutt
    

    Funksjonen gulv rundar nedover. Så med denne løkka aukar Nivå for kvar femte Skumling me jagar vekk.

  • Lag eit par nye variablar som gjeld for denne figuren: Slem og Liv. Slem seier kor stor og slem den enkelte Skumling er. Ved å la det vere eit tal mellom 1 og Nivå blir spelet vanskelegare etter kvart som Nivå aukar. Til dømes kan du leggje til desse klossane i hovudskriptet til Skumling:

    når eg startar som klon
    set [Slem v] til (tilfeldig tal frå (1) til (Nivå))
    set [Liv v] til (Slem)
    endra [hastigheit v] med (Slem)
    endra [farge v]-effekt med ((10) * (Slem))
    endra storleik med ((5) * (Slem))
    vis
    gjenta for alltid
        gå (hastigheit) steg
        vent (0.1) sekund
    slutt
    
  • gjenta for alltid
        set [Nivå v] til ((1) + ([gulv v] av ([kvadratrot v] av ((Poeng) / (3)))))
    slutt
    

    Då aukar framleis nivået for omlag kvar femte Skumling som blir jaga bort.

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.