Lærerveiledning

Nivå 4Lærarrettleiing - Snake

Til oppgavenOgså på:Bokmål

Åpne på mobilen

Skann koden med kameraet på mobilen. Avkrysningene dine blir med.

Om oppgåva

I denne oppgåva skal elevane lage ein versjon av spelet Snake. Ein eller annan variant av dette spelet har eksistert på nesten alle personlege datamaskiner heilt sidan slutten av 1970-talet. Spelet vart ekstra populært då det dukka opp på Nokia sine mobiltelefonar i 1997, og har seinare blitt innlemma i New York Museum of Modern Art si samling.

Spelet går ut på å styre ein slange rundt på skjermen, og slangen må unngå å krasje i kanten av skjermen eller seg sjølv. Slangen veks ved å ete eple som dukkar opp tilfeldige stader på skjermen. Spelet kan vidareutviklast på mange måtar, anten ved å lage ekstra hindringar på skjermen, ulike typar bonuseple, eller til dømes ved at to slangar konkurrerer om å ete epla og om å stenge kvarandre inne.

Illustrasjon av eit ferdig Snake-spel

Oppgåva passar til:

Fag: Kunst og handverk, matematikk, programmering.

Anbefalte trinn: 3.-10. trinn.

Tema: Grunnleggjande geometriske former, koordinatsystem, variablar.

Tidsbruk: Dobbelttime eller meir.

Kompetansemål

Forslag til læringsmål

Forslag til vurderingskriterium

Føresetnader og utstyr

Framgangsmåte

Her finn du tips, erfaringar og utfordringar til dei ulike stega i oppgåva. Klikk her for å sjå oppgåveteksten.

Når eg får meldinga [nytt spel]

I dei meir avanserte Scratch-oppgåvene brukar me kodeblokka

når eg får meldinga [Nytt spel v]

i staden for

når @greenFlag vert trykt på

Det blir introdusert litt subtilt i kvar oppgåve, så dei fleste elevane får det ikkje med seg når dei programmerer. Å bruke ei slik melding har fleire fordelar, mellom anna at det går an å starte spelet på nytt utan å måtte trykke på det grøne flagget (til dømes kan meldinga Nytt spel sendast ut når ein bestemt tast på tastaturet blir trykt). Gjerne diskuter fordelar og ulemper ved dette med elevane for å gjere eit poeng av det.

Variasjonar

Eksterne ressursar