Nivå 2Redd verda

Til lærerveiledningenOgså på:BokmålUkrainsk

Åpne på mobilen

Skann koden med kameraet på mobilen. Avkrysningene dine blir med.

Introduksjon

Det er viktig med kjeldesortering for å avgrense kor mykje avfallet vårt påverkar miljøet. I dette spelet skal me kjeldesortere og samstundes lære ein heil del om meldingar i programmering.

Illustrasjon av eit ferdig kjeldesorteringsspel

Steg 1: Legg til Ronny og søppelet

Me startar spelet med å introdusere Ronny, hjelparen vår undervegs, og søppelet som me skal kaste.

Sjekkliste

  • Viser figuren Nano
  • I fyrste omgang veit ikkje Ronny om noko av søppelet, så me let Ronny setje både poeng og mål til null. For å leggje til variablar trykkar me på Data-kategorien og på Lag ein variabel.

    når @greenFlag vert trykt på
    set [Mål v] til [0]
    set [Poeng v] til [0]
    
  • Bilete av bananar Bilete av eit eple Bilete av ein ballong Bilete av eit helikopter Bilete av ein mjølkekartong Bilete av ei avis
  • Bilete av eit kjøkken frå Scratch-biblioteket
  • når @greenFlag vert trykt på
    gå til x: (78) y: (5)
    

    Søppelfigurane må ha kvar sin plass, så du må finne x- og y-koordinatar for kvar av dei.

Test prosjektet

Steg 2: Set opp spillet

Ronny må vite kor mange søppelfigurar som er på brettet. For å finne ut av det ber me om hjelp frå søppelfigurane sjølv.

Sjekkliste

  • når @greenFlag vert trykt på
    set [Mål v] til [0]
    set [Poeng v] til [0]
    send meldinga [Førebu spel v]
    
  • når eg får meldinga [Førebu spel v]
    endra [Mål v] med (1)
    
  • når @greenFlag vert trykt på
    set [Mål v] til [0]
    set [Poeng v] til [0]
    send meldinga [Førebu spel v]
    sei [Hei, eg heiter Ronny. Kan du hjelpe meg å redde verda?] i (3) sekund
    send meldinga [Start spel v]
    sei [Me må sortere avfallet til rett kjelde. Kan du hjelpe meg?] i (3) sekund
    

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Utfordring

  • Ronny har fleire drakter som viser han blid og sur. Klarar du å bytte drakt på Ronny når han pratar, og tilbake når han er ferdig med å prate?

    Bilete av Ronny som pratar
  • I staden for snakkeboblar, kan du spele inn di eiga stemme? Hint: Bruk blokka under.

    spel lyden [opptak 1 v] til han er ferdig
    

Steg 3: Start spelet

No som me veit kor mange poeng me skal nå kan me setje opp bøttene våre.

Sjekkliste

  • Bilete av søppelbøtte for mat Bilete av søppelbøtte for plast Bilete av søppelbøtte for papir
  • når @greenFlag vert trykt på
    gøym
    
    når eg får meldinga [Start spel v]
    vis
    
  • når @greenFlag vert trykt på
    gøym
    gå til x: (78) y: (5)
    
    når eg får meldinga [Start spel v]
    vis
    

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Steg 4: Sortering

No må me telje poeng når me flyttar søppelbitane oppi bøttene.

Sjekkliste

  • når denne figuren vert trykt på
    gjenta til <rører [Mat v] ?>
      gå til [musepeikar v]
    slutt
    
  • når denne figuren vert trykt på
    gjenta til <rører [Mat v] ?>
      gå til [musepeikar v]
    slutt
    endra [Poeng v] med (1)
    gøym
    

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Utfordring

  • Klarer du å avslutte flyttinga hvis du flytter søppelet til feil bøtte? Kanskje til og med få Ronny sur hvis feil bøtte brukes?

    Bilete av Ronny som er kjempesur!

Steg 5: Avslutt spelet

Når me har fått alt søppelet på plass må me avslutte spelet.

Sjekkliste

  • når @greenFlag vert trykt på
    set [Mål v] til [0]
    set [Poeng v] til [0]
    send meldinga [Førebu spel v]
    sei [Hei, eg heiter Ronny. Kan du hjelpe meg å redde verda?] i (3) sekund
    send meldinga [Start spel v]
    vent til <(Poeng) = (Mål)>
    send meldinga [Spel ferdig v]
    sei [Takk for at du hjelper meg å redde verda!]
    
  • Me kan til dømes fortelje bøttene at dei skal gøyme seg sjølv når spelet er over.

    når eg får meldinga [Spel ferdig v]
    gøym
    
  • Me har valt water and rocks frå biblioteket, men det er berre å velje noko du synest er finare, eventuelt lage noko sjølv.

    Bilete av ei elv
  • når eg får meldinga [Spel ferdig v]
    byt bakgrunn til [water and rocks v]
    

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Utfordring

  • Klarar du å setje ein tredje bakgrunn når det grøne flagget blir klikka på? Hugs at me framleis vil ha kjøkkenbakgrunnen når søppelfigurane skal flyttast.

  • Klarar du å forandre drakta til Ronny for å vise kor glad han blir når du har redda verda?

    Bilete av Ronny som er kjempeglad!

Kva har me lært?

I dette spelet har me lært korleis me kan bruke meldingar til å bryte opp spelet i mange små bitar. Mindre bitar gjer programmet mindre usikkert, og det er enklare å få oversikt viss noko går gale.

I tillegg har me lært å dele ansvaret på fleire figurar. Ronny hadde ansvaret for å halde oversikt over poenga, men fekk hjelp av søppelfigurane til å finne ut kor mange det var. Det er eit viktig prinsipp i programmering: fordeling av ansvar.