Krabbeangrep! Remiks
Introduksjon
I staden for å lage eit spel frå grunnen av går denne oppgåva ut på å remikse eit eksisterande spel. Me skal lære korleis me kan gjere eit spel meir komplett, mellom anna ved å leggje til ein meny som styrer spelflyten og som let oss spele fleire gonger. Spelet me skal remikse heiter Krabbeangrep, og går ut på at spelaren styrer ein kanon som skal forsvare jorda mot eit intergalaktisk krabbeangrep. Kanonen skyt kuler som tek knekken på krabbene og spelaren får poeng når den treff.

Steg 1: Bli kjent med spelet
Før me startar å kode noko som helst skal me bli kjent med spelet som det er.
Sjekkliste
Test prosjektet
Klikk på det grøne flagget.
Steg 2: Me lagar ein meny, del I
No skal me lage ein meny som dukkar opp når spelet startar og når spelet er slutt. Menyen skal i fyrste omgang vere veldig enkel, den skal berre ha ein startknapp.
Sjå nøye på skissa under før du går vidare. Her ser du korleis flyten i spelet skal vere. Flyten i spelet skal styrast gjennom meldingar som blir sendt mellom figurane. Flyten i spelet skal bli styrt gjennom meldingar som sendast mellom figurane. Kvar gong noko nytt skal skje, til dømes at eit nytt spel skal starte eller at menyen skal visast etter at spelet er tapt, så skal det sendast ei melding.

Sjekkliste
Steg 3: Me lagar ein meny, del II
Som spelet er no så startar det når ein trykkar på det grøne flagget. No vil me at hovudmenyen skal dukke opp når me trykkar på det grøne flagget, og at spelet skal starte når ein trykkar på Startknapp-figuren.
Sjå mottakarar
Du kan sjekke kven som mottek ei bestemt melding ved å høgreklikke på ein
meldingskloss og klikke på vis sendarar og vis mottakarar. Då vil dei som
sender/mottek akkurat den meldinga få ei ramme rundt seg i figurområdet.
Sjekkliste
-
når @greenFlag vert trykt på send meldinga [hovudmeny v] når eg får meldinga [hovudmeny v] bytt bakgrunn til [Hovudmeny v]
-
når @greenFlag vert trykt på gøym når eg får meldinga [hovudmeny v] gå til x: (0) y: (0) vis når denne figuren vert trykt på send meldinga [nytt spel v]
Test prosjektet
Klikk på det grøne flagget.
Lagre prosjektet
No er me ferdig med å fortelje deg kva du skal gjere. Reisten av tida kan du bruke på ein eller fleire av utfordringane under.
Utfordring: Vis poengsummen når spelet er ferdig
No som spelet har ein god start kan du prøve å gi det ein god slutt òg. I denne
utfordringa er målet å gjere det siste steget i spelflyt-teikninga over. Du legg
kanskje merke til at scena har eit skript som startar med Når eg får meldinga treff, og at her blir meldinga tapte sendt viss spelaren ikkje
har fleire liv att? Det er ingen som mottek denne meldinga! Gi dei andre
figurane skript som reagerer på denne meldinga. Ein av figurane kan til dømes
seie kor mange poeng spelaren fekk i nokre sekund og så kan spelet gå attende
til hovudmenyen.
Utfordring: Lag fleire typer angriparar
Spelet heiter Krabbeangrep, men det kan jo vere andre romvesen som vil angripe
jorda! Du kan gi Romvesen-figuren fleire drakter som tilsvarar andre typer
angriparar. Klarar du å gjere det slik at ein får høgare poengsum om ein skyt
nokre romvesen enn for andre? Då må du gjere endringar i skriptet til scena som
lyttar etter meldinga treff!. Du kan òg gi Godbit-figuren fleire drakter som
ein får fleire poeng for å samle.
Utfordring: Fleire element i menyen
Kva med å leggje til fleire knappar i menyen? Kanskje ein knapp som heiter
Hjelp du kan klikke for å kome til ein ny bakgrunn der det står korleis du
spelar spelet? Her må du hugse at du legg til ein attende-knapp slik at det
går an å kome seg attende til hovudmenyen etter at ein har lært korleis spelet
fungerer.
Utfordring: Gjer spelet vanskelegare
Akkurat no er spelet ganske enkelt. Prøv å la krabbene dale nedover skjeren
raskare og raskare etter kvart som ein har treft fleire av dei. Her kan det vere
lurt å lage ein variabel som heiter hastigheit og bruke den i
hovudløkka til Romvesen-figuren. Så kan du til dømes bruke ein endre hastighet med 1-kloss når eit romvesen blir treft.