Last ned Scratchkart
Introduksjon
Her kan du laste ned kart som passar å bruke som bakgrunnar i Scratch-prosjekta dine.
Korleis bruke karta i Scratch
For å bruke eit av desse karta i Scratch må du fyrst laste det ned til datamaskina di som ei biletefil. Så lastar du opp biletefila som ei bakgrunn i Scratch.
Sjekkliste
Dette lastar ned kartet til datamaskina di som ei biletefil. Om du ikkje får
velje filnamn sjølv blir namnet sett til kart.png, og det ligg sannsynlegvis i
ei mappe som heiter Nedlastinger.
No skal me sjå korleis me legg inn kartet som ein bakgrunn i Scratch.
No skal kartet dukke opp som ein bakgrunn i prosjektet ditt. Om du vil kan du bruke kartet som figur i staden.
Opphavsrett
Karta du lastar ned frå denne sida kan du fritt bruke som du vil. Men dei som har laga karta vil at du fortel at du brukar karta deira. Om du ser nede i høgre hjørne på kartgeneratoren (ikkje det ferdige kartet) ser du at det står namnet på dei som har laga det (Kartverket, OpenStreetMap, Stamen eller Thunderforest). Dette må du nemne viss du legg ut prosjektet ditt.
Dette er lett å gjere i Scratch. Klikk på Se prosjektsiden øvst til høgre. Du
kjem til ei side der du kan beskrive prosjektet. Ein av boksane heiter
Merknader og bidragsytere. Her kan du nemne dei som opprinneleg har laga
kartet, og at du har lasta det ned frå denne nettsida.