Nivå 4Hoppehelt

Til lærerveiledningenOgså på:BokmålUkrainsk

Åpne på mobilen

Skann koden med kameraet på mobilen. Avkrysningene dine blir med.

Introduksjon

Hoppehelt er eit spel som er litt inspirert av musikkspelet Guitar Hero. I Hoppehelt skal du kontrollere fleire heltar samstundes medan dei hoppar over farga boksar som lagar lyd. Gjennom spelet Hoppehelt skal me sjå korleis klonar blir brukt til programmering i Scratch. Me skal også sjå på klonar av klonar!

Illustrasjon av eit ferdig Hoppehelt-spel

Steg 1: Streken

Me startar bygginga av spelet med å lage ein veldig enkel bakgrunn.

Sjekkliste

  • når @greenFlag vert trykt på
    send meldinga [Nytt spel v]
    

Steg 2: Ein hoppande helt

No skal me introdusere helten for spelet vårt.

Sjekkliste

  • Seinare kan du lage fleire drakter slik at spelet ser betre ut, men me skal ikkje bruke tid på det no.

  • Me skal bruke sprett-variabelen til å beskrive rørsla til helten når han hoppar.

  • når eg får meldinga [Nytt spel v]
    gå til x: (210) y: (-120)
    gjenta for alltid
        endra [sprett v] med (-1)
        viss <rører fargen [#00cc00] ?>
            neste drakt
            set [sprett v] til [0]
        slutt
        endra y med (sprett)
    slutt
    

    Set farga i rører fargen-klossen til same farge som streken du teikna på bakgrunnen i Steg 1.

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Steg 3: Boksar med lyd

No skal me lage boksar som helten vår kan hoppe over.

Sjekkliste

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Sjekkliste

  • Prøv spelet ditt att. Kva skjer viss helten spring inn i ein boks no?

  • spel tonen (60) i (0.5) takter
    

    Du kan gjerne bruke bruk instrument-klossen til å velje eit passande instrument før spelet startar.

Prøv sjølv

Før me går vidare skal me sjå på eit par måtar me kan gjere kvar enkelt boks litt spesiell og ulik dei andre. Prøv å eksperimentere med desse og dei andre innstillingane i spelet ditt.

Heilt fyrst i skriptet der boksen startar som klon, før den blir vist, kan du prøve å legge til ulike effektar. Til dømes kan du endre storleiken tilfeldig med klossen

set storleik til (tilfeldig tal frå (30) til (100)) %

På same måte kan du bruke

set [farge v]-effekt til (tilfeldig tal frå (-100) til (100))

for å endre farga på boksane tilfeldig. Finn på andre effektar, kanskje med å bruke fleire drakter?

Me kan gjere lydane som kjem når me har hoppa over boksane individuelle. Prøv til dømes å la lengda av tona vere avhengig av storleiken på boksen.

Til slutt kan du prøve å endre på kor ofte det kjem nye boksar. Bruk gjerne den følgande klossen:

tilfeldig tal frå (1.2) til (3.2)

Du kan godt eksperimentere med verdiane i klossen.

Steg 4: Fleire strekar og boksar

Me skal gjere spelet mykje vanskelegare ved å lage tre rader med boksar.

Sjekkliste

  • Riv laus begge desse løkkene og legg dei til sides. Me skal bruke dei att snart, så ikkje slett noko.

  • når eg får meldinga [Nytt spel v]
    gå til x: (-239) y: (-161)
    set [er generator v] til [ja]
    gøym
    gjenta (3) gongar
        lag klon av [meg v]
        endra y med (110)
    slutt
    

    Bruk den same utgangsposisjonen som før. Dette lagar tre generator-klonar med ulike y-verdier.

  • når eg startar som klon
    viss <(er generator) = [ja]>
        set [er generator v] til [nei]
    elles
    slutt
    

Prøv spelet ditt. No skal du ha tre rader med boksar som blir flytta over skjermen.

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Steg 5: Kor er alle heltane hen?

No skal me lage dei to siste hoppeheltane!

Sjekkliste

  • Endre y-posisjonen i gå til-klossen med 110.

    Endre m til k i tast trykt-testen.

Prøv spelet ditt att. Har du to hoppeheltar? Virkar dei som dei skal?

Test prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Prøv sjølv

Her er oppgåva ferdig, men det er framleis mange spanande ting du kan gjere med spelet ditt for å gjere det endå betre.

Til dømes kan du leggje til poeng ved å lage ein Poeng-variabel som aukar kvar gong ein av heltane hoppar over ein boks. Du kan også auke hastigheita etter kvart som spelet varar.

Prøv å gjere tona som blir spelt avhengig av y-posisjonen til boksen. Det er litt vanskeleg, men blir veldig kult sidan du høyrer at hoppeheltane speler ein slags sang ved å hoppe over boksane.