Hoppehelt
Introduksjon
Hoppehelt er eit spel som er litt inspirert av musikkspelet Guitar Hero. I Hoppehelt skal du kontrollere fleire heltar samstundes medan dei hoppar over farga boksar som lagar lyd. Gjennom spelet Hoppehelt skal me sjå korleis klonar blir brukt til programmering i Scratch. Me skal også sjå på klonar av klonar!

Steg 1: Streken
Me startar bygginga av spelet med å lage ein veldig enkel bakgrunn.
Sjekkliste
-
når @greenFlag vert trykt på send meldinga [Nytt spel v]
Steg 2: Ein hoppande helt
No skal me introdusere helten for spelet vårt.
Sjekkliste
-
Seinare kan du lage fleire drakter slik at spelet ser betre ut, men me skal ikkje bruke tid på det no.
-
Me skal bruke
sprett-variabelen til å beskrive rørsla til helten når han hoppar. -
når eg får meldinga [Nytt spel v] gå til x: (210) y: (-120) gjenta for alltid endra [sprett v] med (-1) viss <rører fargen [#00cc00] ?> neste drakt set [sprett v] til [0] slutt endra y med (sprett) sluttSet farga i
rører fargen-klossen til same farge som streken du teikna på bakgrunnen i Steg 1.
Test prosjektet
Klikk på det grøne flagget.
Steg 3: Boksar med lyd
No skal me lage boksar som helten vår kan hoppe over.
Sjekkliste
Test prosjektet
Klikk på det grøne flagget.
Sjekkliste
-
Prøv spelet ditt att. Kva skjer viss helten spring inn i ein boks no?
-
spel tonen (60) i (0.5) takter
Du kan gjerne bruke
bruk instrument-klossen til å velje eit passande instrument før spelet startar.
Prøv sjølv
Før me går vidare skal me sjå på eit par måtar me kan gjere kvar enkelt boks litt spesiell og ulik dei andre. Prøv å eksperimentere med desse og dei andre innstillingane i spelet ditt.
Heilt fyrst i skriptet der boksen startar som klon, før den blir vist, kan du prøve å legge til ulike effektar. Til dømes kan du endre storleiken tilfeldig med klossen
set storleik til (tilfeldig tal frå (30) til (100)) %
På same måte kan du bruke
set [farge v]-effekt til (tilfeldig tal frå (-100) til (100))
for å endre farga på boksane tilfeldig. Finn på andre effektar, kanskje med å bruke fleire drakter?
Me kan gjere lydane som kjem når me har hoppa over boksane individuelle. Prøv til dømes å la lengda av tona vere avhengig av storleiken på boksen.
Til slutt kan du prøve å endre på kor ofte det kjem nye boksar. Bruk gjerne den følgande klossen:
tilfeldig tal frå (1.2) til (3.2)
Du kan godt eksperimentere med verdiane i klossen.
Steg 4: Fleire strekar og boksar
Me skal gjere spelet mykje vanskelegare ved å lage tre rader med boksar.
Sjekkliste
-
Riv laus begge desse løkkene og legg dei til sides. Me skal bruke dei att snart, så ikkje slett noko.
-
når eg får meldinga [Nytt spel v] gå til x: (-239) y: (-161) set [er generator v] til [ja] gøym gjenta (3) gongar lag klon av [meg v] endra y med (110) sluttBruk den same utgangsposisjonen som før. Dette lagar tre generator-klonar med ulike y-verdier.
-
når eg startar som klon viss <(er generator) = [ja]> set [er generator v] til [nei] elles slutt
Prøv spelet ditt. No skal du ha tre rader med boksar som blir flytta over skjermen.
Test prosjektet
Klikk på det grøne flagget.
Steg 5: Kor er alle heltane hen?
No skal me lage dei to siste hoppeheltane!
Sjekkliste
-
Endre y-posisjonen i
gå til-klossen med 110.Endre
mtilkitast trykt-testen.
Prøv spelet ditt att. Har du to hoppeheltar? Virkar dei som dei skal?
Test prosjektet
Klikk på det grøne flagget.
Prøv sjølv
Her er oppgåva ferdig, men det er framleis mange spanande ting du kan gjere med spelet ditt for å gjere det endå betre.
Til dømes kan du leggje til poeng ved å lage ein Poeng-variabel
som aukar kvar gong ein av heltane hoppar over ein boks. Du kan også auke
hastigheita etter kvart som spelet varar.
Prøv å gjere tona som blir spelt avhengig av y-posisjonen til boksen. Det er litt vanskeleg, men blir veldig kult sidan du høyrer at hoppeheltane speler ein slags sang ved å hoppe over boksane.