Nivå 4Donkey Kong

Til lærerveiledningenOgså på:BokmålUkrainsk

Åpne på mobilen

Skann koden med kameraet på mobilen. Avkrysningene dine blir med.

Introduksjon

Donkey Kong var det fyrste verkelege plattform-spelet då det kom ut i 1981. I tillegg til Donkey Kong var dette fyrste gongen me vart kjent med Jumpman, som for dei fleste er betre kjent som Super-Mario. I spelet styrer me Super-Mario medan han prøvar å redde kjærasten din frå Donkey Kong, og må passe seg for tønner og ildkuler når han hoppar mellom plattformer.

Illustrasjon av eit ferdig Donkey Kong-spel

Oversikt over prosjektet

Du skal gjere det meste av kodinga sjølv. Undervegs lærer du korleis du lagar eit enkelt plattform-spel i Scratch.

Plan

Steg 1: Ein hoppande helt

Den viktigaste delen av eit godt plattform-spel er å ha ein helt som kan bli styrt og som kan hoppe frå plattform til plattform.

I denne delen skal me konsentrere oss om korleis me kan styre heltefiguren, og særskilt korleis me får den til å hoppe og falle på ein truverdig måte.

Sjekkliste

  • Bilete av ei plattform i Scratch
  • når @greenFlag vert trykt på
    set storleik til (40) %
    avgrens rotering til [venstre-høgre v]
    

    Me har lagt til ein kloss som passar på at Jumpman berre snur seg mot høgre eller venstre.

  • Viss ingenting påverkar figuren vår vil me at (fartX) skal gå mot 0 (bremsar farta), medan me vil at (fartY) skal bli eit stadig større negativt tal (figuren fell). Men om figuren står på plattforma skal (fartY) vere 0 (figuren står i ro). Dette kan me kode slik:

    når eg får meldinga [Nytt spel v]
    gå til x: (-150) y: (-100)
    gjenta for alltid  // hovudløkka
        set [fartX v] til ((0.8) * (fartX))  // farta bremsast
        endra [fartY v] med (-0.5)  // gravitasjon, figuren fell
        viss <rører fargen [#0000ff]>  // figuren står på plattforma
            set [fartY v] til [0]
        slutt
        endra x med (fartX)  // flytt sjølve figuren
        endra y med (fartY)
    slutt
    
  • viss <tasten [pil venstre v] er trykt?>
        peik i retning (-90 v)
        set [fartX v] til [-5]
        neste drakt
    slutt
    

    Lag ei tilsvarande blokk for å flytte figuren mot høgre.

  • viss <rører fargen [#0000ff]>  // gamal kode: figuren står på plattforma
        set [fartY v] til [0]
        viss <tasten [pil opp v] er trykt?>  // ny kode: figuren hoppar
            set [fartY v] til [5]
        slutt
    slutt
    

No har me eit godt utgangspunkt for eit plattformspel. Me har ein figur som me kan styre rundt og som kan hoppe når me vil det. Leik litt med Jumpman og tala me har brukt i set [fartX v] til []- og set [fartY v] til []-klossane slik at du får ei rørsle du synest verkar naturleg.

  • viss <rører fargen [#009900]>
        endra y med (2)
    slutt
    

    Det var også grunnen til at du skulle fulle plattforma med ei anna farge enn linjefarga.

Steg 2: Plattformer og stigar

No har me ein figur som kan springe og hoppe rundt på skjermen. La oss lage fleire plattformer den kan leike seg på.

Når me teiknar fleire plattformar må me passe på å bruke Vektorgrafikk fordi det gjer det lett å flytte plattformane rundt etterpå.

Sjekkliste

  • Bilete av ein rett strek som illustrerer ein stige

    Bruk linje-verktøyet og hald inne shift-knappen når du teiknar for å få ei heilt rett linje.

  • viss <rører fargen [#ff0000]?>
        set [fartY v] til [0]
        viss <tasten [pil opp v] er trykt?>
            endra y med (3)
        slutt
    slutt
    

    Med denne koden kan me klatre opp stigen. Korleis kjem me oss ned att? Kan du leggje til en viss <tasten [pil ned v] er trykt?>-test til slik at me kan klatre ned stigen att?

  • Bilete av ein meir realistisk stige

Steg 3: Donkey Kong og rullande ildkuler

På tide med ei utfordring! No skal me programmere Donkey Kong til å kaste rullande ildkuler mot oss.

Sjekkliste

  • når eg startar som klon
    gå til [Donkey Kong v]
    set [fartX v] til [3]
    set [fartY v] til (tilfeldig tal frå (0) til (5))
    vis
    
  • Legg ein gjenta til <(y-posisjon) < [-170]>-kloss nedst i når eg startar som klon-skriptet, og fyll den med kode som let kula falle, merkar at ildkula ligger på plattforma, og flyttar sjølve figuren.

Steg 4: Vidareutvikling av spelet

du er ferdig med å lage ein enkel variant av Donkey Kong. Prøv å gjere spelet meir morosamt ved å vidareutvikle det. Du bestemmer sjølv korleis du vil jobbe vidare, men nedanfor er nokre idear som kanskje er til inspirasjon.

Idear til vidareutvikling