Nivå 4Breakout

Til lærerveiledningenOgså på:BokmålUkrainsk

Åpne på mobilen

Skann koden med kameraet på mobilen. Avkrysningene dine blir med.

Introduksjon

Breakout er eit klassisk spel som vart laga av Steve Jobs og Steve Wozniak (grunnleggjarane av Apple) på 1970-talet. På same måte som i Pong skal ein kontrollere ein sprettande ball ved hjelp av ein racket. Breakout kan spelast av ein spelar, og ein får poeng for å skyte boksar ved hjelp av ballen. Nyare versjonar har vidareutvikla det originale Breakout på fleire måtar. Til dømes ved at nokre boksar git spesielle bonusar, ved at det er ulike brett med ulike vanskegradar og så bortetter.

Illustrasjon av eit ferdig Breakout-spel

Oversikt over prosjektet

Du skal gjere mesteparten av kodinga av Breakout sjølv. Koden for racketen og ballen liknar ein del på den tilsvarande koden i Pong. Derfor kjem me til å fokusere på boksane i dette prosjektet, og spesielt korleis kloner kan bli brukt på ein effektiv måte.

Plan

Steg 1: Boksar... Mange boksar!

Ein sentral del av Breakout er alle boksane ein skal prøve å skyte ned. Sidan alle desse boksane oppfører seg (nesten) likt vil me bruke den same koden for alle boksane. Til dette brukar me kloning.

I Scratch kan me klone figurar. Det tyder at me lagar ein kopi av ein figur, både av utsjånaden og oppførselen. Her kjem me til å lage ein boks, og så lage mange kopiar av den fyrste.

Sjekkliste

  • når eg får meldinga [Nytt spel v]
    gøym
    set [Antal boksar v] til [0]
    set y til (160)
    gjenta (5) gongar
        set x til (-200)
        gjenta (11) gongar
            endra [Antal boksar v] med (1)
            lag klon av [meg v]
            endra x med (40)
        slutt
        endra y med (-25)
    slutt
    
  • når eg startar som klon
    vis
    vent til <tasten [mellomrom v] er trykt?>
    endra [Antal boksar v] med (-1)
    slett denne klonen
    

    Etter at me har laga ein ball og ein racket skal me oppdatere denne koden slik at boksane forsvinn når dei blir truffe av ballen i staden.

Steg 2: Ein sprettande ball og ein enkel racket

Når ein lagar nye program og spel er det alltid lurt å lage ein enkel versjon av spelet tidleg. Denne tidlege versjonen treng ikkje kunne gjere veldig mykje, men du kan starte å teste at programmet blir som du hadde tenkt nesten med ein gong.

Me startar med grunnmekanismen i spelet: ein ball som sprett og ein racket som kan ta imot ballen.

Sjekkliste

  • når eg får meldinga [Sprett horisontalt v]
    peik i retning ((180) - (retning))
    

Steg 3: Boksane forsvinn

No skal me kople saman boksane og ballen. Boksane skal jo forsvinne når dei blir truffe av ballen. Samstundes skal ballen sprette når den treff ein boks.

Sjekkliste

Prøv spelet ditt. Grunnmekanismane skal fungere no.

Steg 4: Vidareutvikling av spelet

Du står heilt fritt til å jobbe vidare med spelet ditt slik du vil. Her er nokre idear som kan gjere det endå meir morosamt å spele.

Idear til vidareutvikling

  • Ein måte å designe slike brett på kan vere å fyrst lage dei ulike boksane som ulike drakter. Så kan du lage ein brett-variabel som listar opp kva drakt kvar boks skal bruke. Til dømes kan denne sjå slik ut:

    set [brett v] til [1111111111111222222211112233322111122222221111111111111]
    

    Du kan bruke dette på denne måten når du set ut boksane:

    byt drakt til (bokstav (antal boksar) i (brett))
    

    Vidare i spelet kan du teste på drakt nr. for å vite kva type boks du har med å gjere.