Lærerveiledning
Lærarrettleiing - Asteroids
Om oppgåva
I denne oppgåva skal elevane lage ein versjon av spelet Asteroids. Det vart gitt ut av Atari på slutten av 1970-talet. Fyrst ga dei ut spelet Lunar Lander. Spela var så like at dei kunne bruke mykje av programmet i Asteroids. Det skal me gjere her òg, så elevane må ha gjort Lunar Lander før dei startar på denne oppgåva.

Oppgåva passar til:
Fag: Kunst og handverk, matematikk, programmering.
Anbefalte trinn: 3.-10. trinn.
Tema: Koordinatsystem, biletehandsamingsprogram, vidareutvikling av programkode.
Tidsbruk: Dobbelttime eller meir.
Kompetansemål
Forslag til læringsmål
Forslag til vurderingskriterium
Føresetnader og utstyr
Framgangsmåte
Her finn du tips, erfaringar og utfordringar til dei ulike stega i oppgåva. Klikk her for å sjå oppgåveteksten.
Når eg får meldinga [nytt spel]
I dei meir avanserte Scratch-oppgåvene brukar me kodeblokka
når eg får meldinga [Nytt spel v]
i staden for
når @greenFlag vert trykt på
Det blir introdusert litt subtilt i kvar oppgåve, så dei fleste elevane får det
ikkje med seg når dei programmerer. Å bruke ei slik melding har fleire fordelar,
mellom anna at det går an å starte spelet på nytt utan å måtte trykke på det
grøne flagget (til dømes kan meldinga Nytt spel sendast ut når ein bestemt
tast på tastaturet blir trykt). Gjerne diskuter fordelar og ulemper ved dette
med elevane for å gjere eit poeng av det.