Nivå 43D-flaksar, del 2

Til lærerveiledningenOgså på:Bokmål

Åpne på mobilen

Skann koden med kameraet på mobilen. Avkrysningene dine blir med.

Introduksjon

Velkommen til andre og siste del av 3D-flaksar! I denne delen skal me få Flakse til å flakse som ein fugl, og snu seg i lufta når me svingar med piltastene. Til slutt skal me legge til at ein får poeng når Flakse flyvningen gjennom ein ring og tapar viss ein treff ein ring. Etter det er det opp til deg. Lag ein meny, lag fleire vanskegradar eller noko heilt anna.

Illustrasjon av eit ferdig 3D-flaksarspel

Steg 1: Lag bakken og få den til å følgje med

Me startar med eit enkelt steg som gjer spelet litt meir realistisk. Sidan figuren flyg kan me vente at viss ein ikkje flaksar, så treff ein bakken før eller seinare. Dette gjer me med ein ny figur som me kallar bakken.

Sjekkliste

  • når eg får meldinga [Nytt spel v]
    gå til x: (0) y: (-300)
    set storleik til (200) %
    

    No bør bakken liggje nedst i scena når spelet startar. Viss ikkje bør du endre tala litt.

  • gjenta for alltid
        set y til ((20) - (y))
        viss <rører [Flakse v]>
            sei [du tapte!] i (2) sekund
            stopp [alle v] :: control
        slutt
    slutt
    
  • viss <(y) < [150]>
        vis
    elles
        gøym
    slutt
    

Steg 2: Få Flakse til å flakse

Viss du har gjort del ein av 3D-flaksar riktig, så kan du styre Flakse gjennom ringane med piltastane. Det er to ulemper med dette: det er eit veldig lett spel, og det er ikkje slik fuglar flyg. Me vil at Flakse faktisk må flakse for å halde seg i lufta. Derfor endrar me litt på skripta til flakse- figuren, slik at den flaksar med vengjene når me trykkar mellomromtasten.

Sjekkliste

  • viss <tasten [mellomrom v] er trykt?>
        endra [flaks v] med (1)
        vent (0.01) sekund
    slutt
    

    Det som skjer no er at flaks blir auka med éin kvar gong mellomrom blir trykka. Me lagar eit nytt skript for Flakse som tek seg av flaksinga.

  • endra [y v] med (løft)
    viss <(løft) > [-5]>
        endra [løft v] med (-0.5)
    slutt
    
  • når eg får meldinga [Nytt spel v]
    gjenta for alltid
        gjenta til <(flaks) = [0]>
            endra [flaks v] med (-1)
            viss <(løft) < [5]>
                endra [løft v] med (2)
            slutt
            viss <(løft) < [0]>
                sett [løft v] til [0]
            slutt
        slutt
    slutt
    

    Du kan justere på tala i skripta over for å få Flakse til å flyge slik DU vil!

Steg 3: Få Flakse til å snu seg i lufta

For at spelet skal sjå best mogleg ut vil me at Flakse skal rotere i lufta når me heldt inne piltastane. Litt som eit fly som går inn for landing. Oppførselen me ynskjer når (til dømes) høgre piltast blir trykka er at figuren skal peike mot høgre, og halde seg slik så lenge piltasten er trykka. Når piltasten blir slept opp skal figuren rotere sakte tilbake til de vanlege posisjonen sin.

Me må endre litt på hovudskriptet til Flakse.

Sjekkliste

  • viss <(retning) < [90]>
        snu @turnRight (1) gradar
    slutt
    viss <(retning) > [90]>
        snu @turnLeft (1) gradar
    slutt
    

    Desse klossane syt enkelt og greitt for at figuren alltid prøver å peike i retning 90 (vassrett for figuren). No bør flyginga til Flakse sjå bra ut!

Steg 4: Sjekk om Flakse treff ringane

No vil me gi Flakse poeng kvar gong han flyg gjennom ein ring, og tape om han treff ein ring. Denne oppførselen må me kode i når eg startar som klon-skriptet til ring-figuren.

Sjekkliste

  • viss <<rører [Flakse v]> og <(distanse) < [1.2]>>
        sei [du tapte!] i (1) sekund
        stopp [alle v] :: control
    slutt
    

    No stoppar spelet om du treff ein ring som er nære. Viss du vil kan du kode noko anna som skjer (kanskje ein berre mistar eit liv, eller det skal kome ein lyd?).

  • viss < <(x) < ((ringX) + (160))> og <(x) > ((ringX) - (160))> >
        viss < <(y) < ((ringY) + (160))> og <(y) > ((ringY) - (160))> >
            endra [poeng v] med (1)
        slutt
    slutt
    

    Fungerer skriptet som det skal? Kva er det eigentleg me sjekkar i den siste viss-testen?

No er me ferdige med det viktigaste i spelet. Men det er framleis mykje spanande du kan prøve!

Ting å prøve