3D-flaksar, del 1
Introduksjon
I dette prosjektet skal me laga ein versjon av Flaksefugl (som er ein kopi av Flappy Bird) i tre dimensjonar! Spelet går ut på at du styrar ein flygande figur gjennom ringar som kjem mot deg. Du må styra figuren opp og ned og side til side. Hovedutfordringa i dette spelet er å få det til å virka som om ringane faktisk kjem mot flaksaren, og så forsvinn forbi. Prosjektet er delt inn i to delar sidan det er ganske mykje me skal gjennom. I denne første delen skal me få ringane til å fungera som dei skal. La oss sette i gong!

Steg 1: Lag ringar, og få dei til å kome mot deg
Spelet skal bestå av tre figurar: Ring, Flakser og Bakken.
Me startar med å laga ringfiguren. Du kan enkelt teikne den sjølv som to sirklar inni kvarandre, fylt med ein farge i mellom.
Sjekkliste
-
når eg får meldinga [Nytt spel v] gøym gjenta for alltid lag klon av [meg v] vent (1) sekund slutt når eg startar som klon gå til x: (0) y: (0) vis gjenta (10) gongar endra storleik med (5) vent (0.1) sekund slutt slett denne klonen
Du må og laga eit skript som syt for at meldinga Nytt spel blir sendt når du
klikkar på det grøne flaget.
Test prosjektet
Sjekkliste
Dei to skripta me har til no er ein OK start, men dei er ikkje gode nok til å
verkeleg kallast 3D! Tenk litt på korleis det virkar som om noko veks i
storleik når det kjem mot deg. Når det er langt unna så veks det ganske sakte,
medan når det er nærare så veks det mykje fortare. Dette skal me få til ved
hjelp av ein variabel som me kallar distanse. Når
distanse er stor, så er ringen langt borte, og skal vekse sakte.
Når distanse er lita så betyr det at ringen er nære, og den skal
vekse fort.
-
når eg startar som klon gå til x: (0) y: (0) vis set [distanse v] til (10) gjenta til <(distanse) < (1)> set storleik til ((150) / (distanse)) % endra [distanse v] med (-0.5) vent (0.1) sekund slutt slett denne klonen
Utfordring: Gjennomsiktig effekt
Dette er ikkje viktig for å kunne gå vidare med spelet, men prøv viss du vil. For at det skal sjå endå meir ut som at ringane først er langt borte og så nære, så kan du bruke klossen
set [gjennomsiktig v]-effekt til ((100)-((150)/(distanse))
for å gjera ringane meir gjennomsiktige når dei er langt borte. Kva tal må du putta i denne klossen for at det skal sjå bra ut?
Steg 2: Få ringane til å dukka opp tilfeldige stader
For at spelet skal bli mest mogleg utfordrande så burde ringane dukka opp på forskjellige stader kvar gong.
Å først få dei til å dukka opp på forskjellige stader er ikkje så vanskeleg,men å få dei til å vekse på rett måte er litt vanskeleg.
Sjekkliste
-
gå til x: (tilfeldig tal frå (-100) til (100)) y: (tilfeldig tal frå (-100) til (100))
Det ser ganske bra ut, men ikkje helt rett, eller kva? Det er fordi midtpunktet til ringen er på same stad heile tida medan ringen er på veg mot deg. For at det skal sjå ut som at den susar forbi deg så må du heile tida flytta på ringen medan den er på veg mot deg. For å få det til å fungera må ringklonen hugsa kor den dukka opp til å begynne med.
-
set [ringX v] til (tilfeldig tal frå (-100) til (100) set [ringY v] til (tilfeldig tal frå (-100) til (100) gå til x: (ringX) y: (ringY)Forhåpentligvis har ikkje oppførselen til ringane endra seg endå. For å få midtpunktet til ringane til å flytta på seg medan ringane kjem mot deg kan du putte følgjande blokk ein stad inni løkka kor ringen veks:
gå til x: ((ringX) / (distanse)) y: ((ringY) / (distanse))
Test prosjektet
Trykk på det grøne flaget. Nå burde det sjå ut som om ringane verkeleg kjem mot deg! No kan du ta ein pust i bakken og sjå over det du har skrive så langt.
Steg 3: Styr ein flaksefigur med piltastane
I neste del av dette kurset skal me få ein figur til å fly gjennom ringane. I dette steget skal me laga den figuren, men ikkje koda korleis den skal oppføra seg.
Sjekkliste
-
når eg får meldinga [Nytt spel v] set [x v] til [0] set [y v] til [0] gjenta for alltid viss <tasten [pil høgre v] er trykt> endra [x v] med (10) vent (0.05) sekund slutt viss <tasten [pil venstre v] er trykt> endra [x v] med (-10) vent (0.05) sekund slutt viss <tasten [pil opp v] er trykt> endra [y v] med (10) vent (0.05) sekund slutt viss <tasten [pil ned v] er trykt> endra [y v] med (-10) vent (0.05) sekund slutt sluttNo blir
xogyendra når du styrar med piltastane. Me venter litt inni kvarviss-test slik atxogyikkje plutseleg veks over alle grenser. Test gjerne kva som skjer dersom me ikkje ventar. -
gå til x: ((ringX) / (distanse)) y: ((ringY) / (distanse))
til dette:
gå til x: (((ringX)-(x)) / (distanse)) y: (((ringY) - (y)) / (distanse))
Ser det rett ut no? No er me i grunnen ferdig med det som trengst for å gå vidare til del 2. I del 2 skal me få det til å virke som om Flakse flaksar når me trykkjer på mellomromstasten, akkurat som i Flappy Bird og Flaksefugl. Prøv deg på desse utfordringane viss du har att meir tid.