Skjelpaddefraktalar
Introduksjon
No skal me jobbe vidare med skjelpaddekunsten frå tidlegare. Denne gongen skal me teikne figurar som kallast fraktalar. Fraktalar er figurar som er bygd opp av små kopiar av seg sjølv. I løpet av oppgåva skal me jobbe meir med funksjonar og rekursjon.

Steg 1: Hugsar du skjelpadda?
Me har brukt skjelpaddebiblioteket turtle allereie. Du hugsar kanskje kode som
liknar på den under?
from turtle import *
shape('turtle')
shapesize(2)
bgcolor('darkblue')
color('yellow')
speed(3)
forward(270)
Sjekkliste
Steg 2: Ein fraktal
Ein fraktal er ein figur som er bygd opp av mindre kopiar av seg sjølv. No skal me sjå korleis me kan teikne denne figuren:

Dette er ein fraktal. Klarar du å sjå at den består av mange små kopiar av seg sjølv? Det er kanskje lettare å sjå i dei neste figurane.

Den øvste figuren er berre ein rett strek. Den neste figuren består av fire rette strekar som dannar eit enkelt fjell. Viss du ser nærare på den tredje figuren ser du at den består av fire kopiar av det enkle fjellet, lagt slik at dei dannar eit litt meir komplisert fjell.
Viss du ser tilbake på den fyrste figuren, ser du korleis den består av mange små kopiar av slike fjell?
Steg 3: Me går steg for steg
Me skal sjå på korleis me kan lage funksjonar som kan teikne figurane over.
Sjekkliste
-
from turtle import * shape('turtle') shapesize(2) bgcolor('darkblue') color('yellow') speed(3) def ein(): forward(270) ein()Hugs at me må kalle funksjonen for at den skal gjere noko.
-
def to(): forward(90) left(60) forward(90) right(120) forward(90) left(60) forward(90) to()Ser du samanhengen mellom figuren og koden?
-
No skal me endre litt i funksjonane slik at me brukar
eini staden forforwardnår me definererto.def ein(lengde): forward(lengde) def to(lengde): ein(lengde / 3) left(60) ein(lengde / 3) right(120) ein(lengde / 3) left(60) ein(lengde / 3) to(270) -
def tre(): forward(30) left(60) forward(30) right(120) forward(30) left(60) forward(30) left(60) forward(30) left(60) forward(30) right(120) forward(30) left(60) forward(30) right(120) forward(30) left(60) forward(30) right(120) forward(30) left(60) forward(30) left(60) forward(30) left(60) forward(30) right(120) forward(30) left(60) forward(30) -
Men viss du ser litt nærare på koden ser du at linjene
forward(30) left(60) forward(30) right(120) forward(30) left(60) forward(30)går att fleire gonger. Samanlikn desse linjene med funksjonen
tofrå før. Ser du ein måte å forenkle koden vår på? -
def tre(lengde): to(lengde / 3) left(60) to(lengde / 3) right(120) to(lengde / 3) left(60) to(lengde / 3) tre()
Steg 4: Her kan me kombinere
No skal me lage ein funksjon som kan teikne alle tre figurane!
Sjekkliste
Så kjem det mest morosame. Før me kastar bort tid på å lage fleire funksjonar
for fire, fem og kanskje seks, så skal me sjå at me kan lage ein funksjon
som kan lage alle desse for oss!
No skal me bruke noko som heiter rekursjon for å lage ein funksjon som gjer
jobben til både ein, to og tre. Rekursjon hugsar du kanskje frå tidlegare.
Det tyder at me lagar ein funksjon som kallar seg sjølv, men for å gjere noko
som er litt enklare.
Med rekursjon ser ein gjerne på det enkle tilfellet og det generelle tilfellet.
For desse figurane er ein det enkle tilfellet der me berre treng å teikne ein
rett strek.
-
def fjell(lengde, djubde): if djubde == 1: forward(lengde) returnHer brukar me
returnfor å seie at me ikkje vil gjere meir for det enkle tilfellet. -
def fjell(lengde, djubde): if djubde == 1: forward(lengde) return fjell(lengde / 3, djubde - 1) left(60) fjell(lengde / 3, djubde - 1) right(120) fjell(lengde / 3, djubde - 1) left(60) fjell(lengde / 3, djubde - 1)Kjenner du att koden frå før?
-
fjell(270, 2)og
fjell(270, 3)Gir dette same resultat som
to(270)ogtre(270)?
Steg 5: Eit snøflak
No skal me kombinere fleire slike fjell til eit fint snøflak.
Sjekkliste
-
Legg til denne funksjonen:
def snoflak(lengde, djubde): for i in range(3): fjell(lengde, djubde) right(120)
Dette snøflaket er ein av dei mest kjente fraktalane. Det har fått namnet "Kochs snøflak" fordi ein av dei fyrste som studerte denne figuren heitte Helge von Koch.
Steg 6: Firkanta fjell
No skal me sjå på ein annan variant av snøflaket.
Sjekkliste
Me vil lage ein fraktal på same måte som Koch-figuren, men med ei anna form. I staden for ein trekant som dannar fjellet vil me bruke ein firkant, som i figuren under:

-
from turtle import * shape('turtle') shapesize(2) bgcolor('darkblue') color('yellow') speed(3) def ein(lengde): forward(lengde) def to(lengde): ein(lengde / 3) left(90) ein(lengde / 3) right(90) ein(lengde / 3) right(90) ein(lengde / 3) left(90) ein(lengde / 3) to(270) -
Prøv sjølv om du får til å skrive den. Sjå på korleis me laga
fjelltidlegare, og på korleis me lagaeinogtosist.def firkantfjell(lengde, djubde): if djubde == 1: # Her må du programmere det enkle tilfellet return # Her må du programmere det generelle tilfellet -

Steg 7: Trekantar
Me treng ikkje berre bruke rette strekar for det enkle tilfellet.
Sjekkliste
No skal me lage ein fraktal basert på trekantar. La oss sjå på dei fyrste stega:

Her ser me at me har ein trekant som blir bytta ut med tre mindre trekantar.
-
def trekant(lengde, djubde): if djubde <= 1: pendown() for i in range(3): forward(lengde) left(120) penup() return -
trekant(lengde / 2, djubde - 1) forward(lengde / 2) trekant(lengde / 2, djubde - 1) left(120) forward(lengde / 2) right(120) trekant(lengde / 2, djubde - 1) right(120) forward(lengde / 2) left(120)
Prøv sjølv
Det finst mange fraktalar, og du kan lage dine heilt eigne!
Prøv til dømes å endre litt på vinklane og lengdene i fjell- eller
firkantfjell-funksjonane.
Kanskje du kan lage ein heilt annan figur? Prøv å teikne dine eigne ein- og
to-figurar, og så omset du dei til Python-kode.
Her er eit forslag til ein figur du kan prøve, men prøv å finne på noko sjølv!
