Nivå 3Repetisjon

Til lærerveiledningenOgså på:Bokmål

Åpne på mobilen

Skann koden med kameraet på mobilen. Avkrysningene dine blir med.

Introduksjon

I denne oppgåva skal me repetere litt Python-syntaks, det er ei god blanding av alle tinga du har lært i Python til no.

Kodeblokker

I oppgåvene er nokre døme så korte at me kan skrive dei direkte inn i Python. Her er ei kodeblokk som illustrerer eit kort døme:

>>> 1 == 2
False

Her tyder >>> at Python er klar til å ta imot kode, 1 == 2 er koden, og False er svaret.

I andre døme er det ikkje noko svar, men ei utskrift av tekst i staden:

>>> print("Hei!")
Hei!

Når me ikkje brukar >>> i kodeblokkene er det fordi koden er fleire linjer lang. Då er det betre å bruke ei fil:

for i in range(5):
    if i == 3:
        print(i)
    else:
        print(2*i)

Og når me køyrer denne fila i IDLE får me utskrifta:

>>>
0
2
4
3
8

Nokre gonger har me døme med input frå brukaren. Då vil teksten brukaren skriv vere grøn, medan det programmet skriv ut vil vere svart:

>>>
Kva heiter du? Ada
Hei, Ada!

Input og output

Me kan bruke print() når me skal skrive ut tekst til brukaren. Koden etter >>> er kode me skriv inn i til dømes IDLE, og som køyrast med ein gong.

>>> print("Hei, verd")
Hei, verd

input() brukast når du ynskjer å la brukaren gi input til programmet ditt.

>>> number = input("Skriv inn eit tal: ")
Skriv inn eit tal: 15
>>> print("Du skreiv inn: " + str(number))
Du skreiv inn: 15

Sjekkliste

Skriv eit program som spør om namnet til brukaren, og så skriv ut ei helsing til brukaren. Det kan til dømes fungere slik:

>>>
Hei! Kva heiter du?
Per
Hyggeleg å treffe deg, Per!

Dette må du gjere:

if-elif-else

Me brukar if, elif og else for å bestemme kva som skjer i eit program. Etter if og elif kjem ein test og så :, men etter else kjem alltid : utan nokon test. På linja under : skrivast kodeblokka som skal køyrast viss testen er sann (if eller elif), eller viss alle testane er usanne (else).

Hugs at du alltid må starte med ei if-setning, og må ha alle elif-setningane før ei else-blokk. Du treng ikkje å bruke verken elif-setningar eller ei else-blokk viss du ikkje vil.

Til dømes slik:

name = "Ada"
if name == "Per":
    print("Per er eit gutenamn")
elif name == "Ada":
    print("Ada er eit jentenamn")
elif name == "Kim":
    print("Kim kan vere både eit gutenamn og eit jentenamn.")
else:
    print("Eg veit ikkje om " + name + " er ein gut eller ei jente.")

Sjekkliste

No skal du lage eit program som finn ut kva aldersgruppe brukaren er i: born, ungdom, vaksen eller pensjonist. Du kan sjølv bestemme kor aldersgrensene skal gå. Det kan til dømes fungere slik:

>>>
Hei! Kor gamal er du?
77
Du er visst ein pensjonist.

Det du må gjere er:

Løkker

for-løkker

Me brukar for-løkker når me vil gjere ting fleire gonger.

# print Hello three times
for i in range(3):
    print("Hello")

Då får me ut:

>>>
Hello
Hello
Hello

Me kan bruke for-løkker når me vil gå gjennom ei liste:

# print all elements in the list food_list
food_list = ["eggs", "ham", "spiced ham", "jam"]
for food in food_list:
    print(food)

Dette programmet vil skrive ut:

>>>
eggs
ham
spiced ham
jam

Sjekkliste

No skal du lage ei liste med namn og skrive ut alle namna i lista. Resultatet kan sjå slik ut:

>>>
Per
Ada
Kim

Dette må du gjere:

range()

range() lagar ei rekkje med tal. Rekka kan brukast til å gjere noko mange gonger ved hjelp av ei for- eller while-løkke. range() tek inn tre argument: start, stop, step.

  • start fortel kva me skal telje frå.

  • stop fortel kva me skal telje til, merk at me ikkje tel med slutt-talet.

  • step fortel kor store steg me skal telje med. Me kan til dømes telje med steg på 2 eller steg på 100.

Sidan rekkja blir laga etter kvart som me tel over den, må rekkja konverterast til ei liste viss me ynskjer å sjå tala i rekkja. Rekkja konverterast til ei liste med list(). Her er nokre døme:

>>> list(range(1, 10, 1))
[1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9]
>>> list(range(10))
[0, 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9]
>>> list(range(200, 500))
[200, 201, 202, ..., 497, 498, 499]
>>> list(range(0, 50, 5))
[0, 5, 10, 15, 20, 25, 30, 35, 40, 45]

range() kan brukast på mange måtar, me kan til dømes gå gjennom den og summere alle tala frå 1 til 100:

summert = 0
for number in range(1, 101):
    summert += number
print(summert)

while-løkker

while-løkker har mange ulike bruksområde. Dei kan til dømes brukast når du vil køyre kode inntil noko bestemt skjer:

word = ""
while word != "exit":
    print(word)
    word = input("Please write a word: ")

Den same løkka kan skrivast slik:

while True:
    word = input("Please write a word: ")
    if word == "exit":
        break
    print(word)

Sjekkliste

Skriv eit program som summerer alle tala frå 1 til 100 ved hjelp av ei while-løkke. Pass på at du får 5050 som svar.

Dette må du gjere:

    • Oppdater summen.

    • Auk teljevariabelen din med 1.

Funksjonar

Funksjonar let oss gjenbruke kode, og er svært nyttig når me skal programmere meir enn nokre få linjer. Ein funksjon er på forma:

def greet(name):
    print("Hei, " + name + "!")

greet("Per")

Her har me ein funksjon med namn greet, som skriv ut ei helsing. name er ein parameter, det vil seie at name er ein variabel som funksjonen greet tek imot. Når me kallar funksjonen greet, med greet("Per") er "Per" eit argument til funksjonen. Eit argument er den variabelen me gir til funksjonen når me kallar den.

Me kan òg lage funksjonar som returnerer ein verdi. Det vil sjå slik ut:

def multiply(x, y):
    product = x*y
    return product

Sjekkliste

No skal me lage ein funksjon som adderer to tal. Test at funksjonen din fungerer som dette:

>>> summert = add(3, 4)
Fikk inn 3 og 4
>>> print(summert)
7

Dette må du gjere: