Kalkulator
Kalkulator
I denne oppgåva skal du lage ein kalkulator heilt på eiga hand Det er meininga at du skal skrive all koden sjølv, men du får nokre hint for å hjelpe deg på veg.
Me vil at kalkulatoren skal kunne addere (+), subtrahere (-), multiplisere
(*) og dividere (/). Me kallar +, -, * og / for operatorar, og i
denne oppgåva skal du lage ein funksjon for kvar operator (du kan til dømes
kalle dei add, subtract, multiply og divide, som er dei engelske namna
på operasjonane operatorane gjer). Kvar funksjon skal ha to tal som parametrar,
og skal både utføre rekneoperasjonen og skrive ut svaret.
Brukaren skal sjølv skrive inn kva rekneoperasjon som skal utførast.
Døme på bruk av programmet:

Klar, ferdig, programmer!
Då er det berre å setje i gang!
Her er nokre ting å tenke på:
-
Korleis avgjer du kva operasjon som skal utførast?
-
Har rekkefølgja på tala noko å seie? Er
4-2lik2-4? -
Viss du står fast kan det vere lurt å lese tipsa i dei gule boksane.
int()
Når du får input frå brukaren får du ein tekst, som på fagspråket kallast
streng, sjølv om brukaren skreiv inn eit tal. Då er det greitt å kunne
konvertere teksten til eit tal, ved å bruke int().
Kva er skilnaden på desse kodesnuttane? Du kan køyre koden og teste sjølv.
tal = input("Skriv eit tal: ")
svar = 3 + tal
print(svar)
tal = int(input("Skriv eit tal: "))
svar = 3 + tal
print(svar)
Funksjonar med parametrar
Ein funksjon blir deklarert, altså definert, ved hjelp av def-nøkkelordet. Den
kan brukast ved å skrive funksjonsnamnet med parentesar bak.
Døme:
def hello_word():
print("Hello World!")
hello_world()
Ein funksjon som har parametrar blir deklarert med parametrar på innsida av parentesane i definisjonen av funksjonen.
Døme:
def greet(firstName, lastName):
print("Hello, " + firstName + " " + lastName)
Når me kallar funksjonen seinare, så gir me den argument.
Døme:
greet("Ola", "Nordmann")
Du la kanskje merke til skiljet mellom parametrar og argument. Ein parameter
er namnet me gir variabelen i funksjonsdefinisjonen, slik som firstName og
lastName. Argument er dei verdiane me gir til funksjonen når me kallar den,
slik som "Ola" og "Nordmann".
Test programmet
Delt på null
Viss programmet ditt feilar no, så har du truleg ein delt-på-null-feil. Ein kan
nemleg ikkje dele på null! Fiks programmet ditt slik at programmet skriv ut "Du kan ikkje dele på null!" viss brukaren prøver å dele på null. Slik:

Fleire utrekningar
