Nivå 2If-setningar

Til lærerveiledningenOgså på:Bokmål

Åpne på mobilen

Skann koden med kameraet på mobilen. Avkrysningene dine blir med.

Introduksjon

I Kuprat lærte me at me kan bruke input() for å få tekst frå brukaren og print() for å skrive ut tekst til brukaren. Det kan til dømes gjerast slik:

namn = input("Kva heiter du? ")
print("Hei, " + namn)

I denne oppgåva skal me lære korleis me kan bruke if-setningar for å la programmet bestemme kva det skal gjere, heilt avhengig av kva brukaren skriv inn.

Steg 1: Ei enkel if-setning

Ei if-setning fungerer slik:

age = 22
if age > 18:
    print("Du er vaksen!")

if age > 18: kan delast opp i tre delar:

  • if forteller datamaskinen at nå kommer det en if-setning.

  • age > 18 testar om age-variabelen er større enn 18.

  • : tyder at me er ferdig med testen vår, og no kjem koden som skal køyrast viss testen er sann.

Legg merke til at det er eit innrykk før print. Innrykket syt for at datamaskina veit akkurat kva som skal køyrast viss if-setninga er sann. Viss du gløymer det kan det vere at datamaskina gjer noko anna enn det du hadde tenkt, elles vil ikkje programmet ditt køyre i det heile!

Test prosjektet

Skriv koden sjølv, køyr den og sjå kva som skjer. Prøv å endre age-variabelen, du kan til dømes endre til age = 13 eller age = 67.

Kva skjer viss du endrar retninga på ulikskapsteiknet, så du får age < 18?

Steg 2: Viss..

Me lærte i Steg 1 at if-setningar sjekkar om ein test blir sann, og viss testen er sann køyrast koden som har innrykk etter if-setningen.

Kva skjer når me køyrer denne koden?

if 3 == 2+1:
    print("3 er lik 2+1")

Du forsto kanskje at == testar om 3 er lik 2+1. Det er viktig at me har to likskapsteikn, for det er berre då den testar om to variablar eller verdiar er like.

Me kan òg sjekke om to verdiar er ulike, ved å bruke !=.

if 4 != 2+1:
    print("4 er ikkje lik 2+1")

Utfordring

if 7 == 2*4:
    print("7 er ikkje lik 2*4")

Hint: Sjå på teksten som skal skrivast ut!

Steg 3: Litt meir avansert

  • Me har lyst til å skrive eit program som helsar på personar som heiter "Per". Det kan me gjere slik:

    namn = input("Kva heiter du? ")
    if namn == "Per":
        print("Hei!")
        print("Hyggjeleg å helse på deg, " + namn + "!")
    

    Her har me to linjer med innrykk! Begge desse blir køyrt viss testen er sann, og ingen av dei blir køyrt om testen er usann.

  • namn = input("Kva heiter du? ")
    if namn == "Per":
        print("Hei!")
    print("Hyggjeleg å helse på deg, " + namn + "!")