Nivå 2Kor gamal er du?

Til lærerveiledningenOgså på:Bokmål

Åpne på mobilen

Skann koden med kameraet på mobilen. Avkrysningene dine blir med.

Kor gamal er du?

I denne oppgåva lærer du om nokre av dei grunnleggjande byggjeklossane i Python i kvart steg. Oppgåva gir deg ikkje noko kode, men fortel kva du skal lage og korleis du skal gjere det. Difor er det viktig at du les oppgåva for å vite kva du skal gjere. Når du har gjort alle stega vil du sitje att med eit program som spør kva år du er fødd og reiknar ut alderen din. For kvart steg du er ferdig med bør du spørje ein rettleiar om dei kan sjekke at det du har gjort ser riktig ut. Start ved å åpne ei ny blank Python-fil.

Del 1: Skrive ut til skjerm

Kva: Me kan be datamaskina om å skrive kva som helst av tekst eller tal.

Korleis: Funksjonen print() skriv ut det som er mellom (). Tekst må starte og slutte med ' slik som 'denne teksten'.

Døme: Prøv dei ut og sjå kva som skjer.

print('Hei')
print(2)
print(2+2)
print('2+2')

Gjere sjølv

Skriv ut teksten under. Den skal dekke 3 linjer.

Hei, eg er ei datamaskin.
Difor er eg kjempeflink i matematikk.
Skal eg vise deg?

Del 2: Variablar

Kva: Variablar gjer at me kan lagre tekst eller tal i datamaskina. Tenk på det som ei eske me puttar tal eller bokstavar inni. Utanpå skriv me kva som er inne i eska. Dette er variablenamnet.

Korleis: For å lage ein variabel skriv du namnet på variabelen som du vel sjølv, så = og det du vil lagre i variabelen.

Døme: Prøv dei ut og sjå kva som skjer.

variabel = 4
petter = 'Ein gut'
frida = 'Ei jente'
eit_tal = 3
eit_nytt_tal = variabel + eit_tal

print(frida)
print(frida)
print(petter)
print(variabel - eit_tal)
print(eit_nytt_tal)

Hugs å ta bort døma når du fortset med oppgåva.

Gjere sjølv

Fortset med koden du har frå steg 1.

Del 3: Input

Kva: Input er ein måte me kan hente tekst som blir skrive inn på tastaturet.

Korleis: Tekst blir henta ved at du skriv: input('Tekst som fortel kva ein skal skrive')

Skal ein hente inn eit tal: int(input('Tekst som fortel kva ein skal skrive'))

Døme: Prøv dei ut og sjå kva som skjer.

navn = input('Skriv namnet ditt ')
print(navn)
tal = int(input('Skriv eit tal '))
print(2+tal)

Gjere sjølv

No skal du endre på koden som du skreiv i steg 2.

Del 4: If-setningar

Kva: Ei if-setning er ein måte å bestemme kva datamaskina skal gjere ved å *sjekke om noko er sant (if tyder viss på engelsk). Viss if-setninga ikkje *er sann kan me be datamaskine gjere noko anna, og då brukar me else - engelsk *for eller.

Korleis:

if dette_er_sant:
    gjer_dette()
elif noe_annet_er_sant:
    gjer_noko_anna()
else:
    ingen_av_if_setningane_er_sanne()

Her nokre døme på kva som kan stå bak if og elif.

tal < 4: Sant viss tal er mindre enn 4.

tal > 4: Sant viss tal er større enn 4.

tal == 4: Sant viss tal er lik 4.

tekst == 'Hei': Sant viss tekst er lik 'Hei'.

'nei' in tekst: Sant viss ordet nei er inni tekst.

Døme: Prøv det ut og sjå kva som skjer.

tekst = 'Heisann'
if tekst == 'Hei':
    print('Teksten er lik Hei')
elif tekst == 'Hoho':
    print('Teksten er lik Hoho')
elif 'Hei' in tekst:
    print('Hei er inni teksten')
else:
    print('Teksten er ikkje Hei eller Hoho, og Hei er ikkje inni teksten')

Gjere sjølv

Fortset med koden frå steg 3.