Hugsespel
Hugsespel
I denne oppgåva skal du lage eit hugsespel der spelaren skal hugse flest mogleg ord i riktig rekkefølgje. Spelaren skal få opp ei liste med ord, så skal lista forsvinne og spelaren skal skrive inn orda i rett rekkefølgje. Viss orda blir skrive inn riktig vil lista utvidast med eit nytt ord spelaren må hugse. Programmet fortset slik til spelaren gjettar feil. Når spelet er ferdig får spelaren vite kor mange ord han eller ho klarte å hugse etter kvarandre.
Me vil byggje programmet steg for steg. I kvart steg blir det gitt viktige tips som liknar på det du må gjere for å løyse steget.
Døme på korleis programmet skal fungere:

Steg 1: Utvid ei liste med tilfeldige element
Tips: Lister
Kva: Ei liste er ein variabel som kan lagre fleire verdiar på ein gong.
Korleis lage lister:
liste = ['sau', 'gris', 'menneskje']
tom_liste = []
print(liste)
print(tom_liste)
Korleis hente ut verdiar frå ei liste:
print(liste[2])
Hugs at me startar å telje på 0, så i dømet over hentar me det tredje elementet
i lista. Me tel altså 0, 1, 2, 3, ....
Korleis finne lengda til ei liste:
lengde = len(liste)
print(lengde)
Korleis leggje til ny verdi på slutten av ei liste:
print(liste)
liste.append('nils')
print(liste)
Prøv ut døma for å forstå korleis du kan bruke dei til å løyse oppgåva.
Tips: Velje eit tilfeldig element i ei liste
For å hente eit tilfeldig element frå ei liste kan du bruke
choice() i
random-biblioteket.
Døme:
import random
liste = ['asdf', 'qwerty', 'nils']
tilfeldig = random.choice(liste)
print(tilfeldig)
Prøv å køyre denne koden mange gonger!
Steg 2: Hent inn tekst og lag liste av den
Tips: Hente innput
For å hente innput og lagre det til ein variabel kan me bruke funksjonen
input().
Døme:
tekst = input('Skriv noko')
Det som brukaren skriv inn blir lagra i variabelen tekst.
Tips: Splitte tekst til ei liste
Sidan spelaren ikkje kan skrive inn ei liste, berre tekst, må me forandre
teksten til ei liste. Dette kan me gjere med funksjonen split(). Viss me
skil orda som skal vere i lista med eit spesielt teikn, så kan split() hente
ut alle orda og leggje dei i ei liste.
Døme:
tekst = 'giraff-nasehorn-bjørn-pelikan'
liste = tekst.split('-')
print(liste)
Merk '-' som står i parentesen split('-'). Den fortel kva teikn som skil
orda frå kvarandre.
Test ut dømet for å sjå kva som skjer.