Nivå 3Gjetteleik

Til lærerveiledningenOgså på:Bokmål

Åpne på mobilen

Skann koden med kameraet på mobilen. Avkrysningene dine blir med.

Gjett eit tal!

I denne oppgåva skal du lage eit spel som kallast gjetteleik. Det er meininga at du skal skrive all koden sjølv, men sjølvsagt får du nokre hint.

Spelet er som følgjer:

  1. Programmet finn eit tilfeldig tal mellom 1 og 100.

  2. Spelaren gjettar eit tal mellom 1 og 100.

  3. Programmet skriv ut:

  • Høgare! viss talet var for lågt.

  • Lågare! viss talet var for høgt.

  • Viss brukaren gjettar riktig tal skal programmet skrive ut Korrekt! og avslutte.

  1. Så lenge spelaren ikkje har gjetta riktig tal, så må programmet spørje om eit nytt tal (brukaren har uendeleg mange forsøk).

Slik ser det ut når programmet køyrer:

Illustrasjon av eit ferdig gjetteleik-spel

Klar, ferdig, programmer!

No er det berre å setje i gang! Pass på at du forstår korleis spelet fungerer før du startar å programmere! Her er nokre hint for å hjelpe deg på veg:

randint()

For å generere tilfeldige tal kan det vere lurt å bruke funksjonen randint(). For å bruke randint(), må me importere funksjonen:

from random import randint

Kva gjer desse funksjonskalla?

  • randint(1, 100)

  • randint(1000, 1000000)

  • randint(101, 102)

int()

Når ein får input frå spelaren får me ein tekst, som på fagspråket kallast ein streng, sjølv om brukaren skreiv inn eit tal. Då kan det vere greitt å kunne konvertere teksten til eit tal, ved hjelp av int().

Kva er skilnaden på desse kodesnuttane? Køyr koden og test sjølv!

tal = input("Skriv eit tal: ")
svar = 3 + tal
print(svar)
tal = int(input("Skriv eit tal: "))
svar = 3 + tal
print(svar)

Kontrollstrukturar

Kva slags kontrollstrukturar treng du?

Døme på kontrollstrukturar er for-løkker, while-løkker og if-elif-else-uttrykk.

  • Me brukar for-løkker når me vil gjere noko mange gonger.

    Døme:

    # skriv ut ti tal
    for i in range(10):
        print('variabelen i er: ' + str(i))
    
  • Me brukar while-løkker når me vil gjere noko heilt til ein variabel endrar seg.

    Døme:

    a = 0
    # så lenge variabelen `a` ikkje er lik `10`
    while a != 10:
         print(a)
         a = a + 1
    

    Prøv å sjå kva som skjer viss du ikkje tek med linja a = a + 1.

  • Me kan bruke if-elif-else-uttrykk for å bestemme om me skal køyre ein spesiell kode.

    Døme:

    a = 1
    if a == 2:
      print('a er 2')
    elif a == 3:
      print('a er 3')
    else:
      print('a er ikkje 2 og ikkje 3')
    

    Prøv å endre verdien a på toppen til 2 eller 3 og sjå kva som skjer.

Test programmet ditt

7 forsøk

Avgrens spelaren sine forsøk