Enkle objekt
Introduksjon
I denne oppgåva skal me gi ei enkel innføring til klasser og objekt (orda forklarar me seinare i teksten).
Ordbøker
Tenk deg at du skal lage ein sirkel, og ynskjer å lage variablar som beskriv radius og farge. Ved hjelp av ordbøker kan dette gjerast slik:
circle = {
"radius" : 3,
"color" : "red"
}
Me kan hente ut og endre variablane:
# endrar radiusen til 5
circle["radius"] = 5
# skriv ut farga på sirkelen
print(circle["color"])
Kva viss me vil lage ein variabel som reknar ut arealet til sirkelen? Me kan til
dømes lage ein funksjon circle_area():
import math
def circle_area(circle):
radius = circle["radius"]
# Formel: A = pi * r * r
area = math.pi * radius * radius
return area
Så kallar me funksjonen:
print(circle_area(circle))
Klasser og objekt
Me ynskjer å bruke objekt i staden for ordbøker i dei neste spela våre. Me
kan la eit Circle-objekt ha to variablar: radius og color. Ei klasse
er ein slags mal for eit objekt. Klassa fortel oss kva verdiar objektet kan ha.
Me kan lage ei Circle-klasse, og så lage eit objekt av typen Circle som me
kaller circle basert på klassa.
Dette er enklere å forstå med eit døme:
# Me lagar Circle-klassa:
class Circle:
radius = 3
color = "red"
# Så lagar me circle-objektet
circle = Circle()
Me lagar fyrst Circle-klassa, før me så lagar eit Circle-objekt som me
kallar for circle. Nøkkelordet class fortel datamaskina at me lagar ei
klasse. Du kan samanlikne det med til dømes def som fortel datamaskina at det
kjem ein funksjon.
Me kan hente ut og endre variablane til objektet:
# Endrar på radiusen
circle.radius = 5
# Skriv ut farga
print(circle.color)
No vil me lage ein funksjon som kan rekne ut arealet til sirkelen. Me kan lage denne funksjonen som ein del av klassa:
import math
class Circle:
radius = 3
color = "red"
def area(self):
area = math.pi * self.radius * self.radius
return area
Legg merke til innrykket av area() i dømet over!
Så kallar me funksjonen:
print(circle.area())
Du lurar kanskje på kvifor me brukte self.radius i funksjonen area()? Det er
fordi me seier at me vil bruke radius-variabelen som er ein del av klassa. Du
må alltid bruke self når du skal bruke funksjonar eller variablar du har laga
i klassa.
Som me ser no er det ikkje stor skilnad mellom bruk av funksjonar og klasser:
import math
circle = {
"radius": 3,
"color": "red"
}
def circle_area(circle):
area = math.pi * circle["radius"] ** 2
return area
circle["radius"] = 5
print(circle["color"])
print(circle_area(circle))
import math
class Circle:
radius = 3
color = "red"
def area(self):
area = math.pi * self.radius ** 2
return area
circle = Circle()
circle.radius = 5
print(circle.color)
print(circle.area())
Difor kjem me til å bruke klasser i dei neste oppgåvene - det er minst like enkelt som ordbøker, og ein kan gjere meir avanserte ting med klasser.
Frå ordbok til klasser
No kjem det eit program som er skrive ved bruk av ordbøker. Du skal prøve å "omsette" dette til eit program som brukar klasser.
rectangle = {
"width": 3,
"length": 5,
"color": "blue"
}
def rectangle_area(rectangle):
area = rectangle["width"] * rectangle["length"]
return area
rectangle["width"] = 10
print(rectangle["color"])
print(rectangle_area(rectangle))
Test programmet ditt
Programmet over skriv ut det følgjande:
blue
50
Pass på at "omsettinga" di gjer det same.