Jenter og teknologi
Introduksjon
Speler det noko rolle å vera ei jenta eller ein gut når det gjeld å velja utdanning? Finst det eit kjønnsgap? I denne oppgåva skal du undersøkja spørsmålet, ved å laga ei programvare som viser data i eit diagram. Data som du skal bruke vart henta på samordnaopptak.no. Du skal programmera i Python, som er eit veldig godt programmeringsspråk for å handtere datasett.
Førebu koding
Her skal du henta filene som trengs, og førebu programmering i Python.
Sjekkliste
.csv (for comma-separated values) er eit format for å lagra tabelldata i tekstform. Data frå ein vanleg tabell er lagra som tekst og ser slik ut:
Olympe de Gouges, 1791
Simone de Beauvoir, 1949
Simone Veil, 1975
I .csv-fila er det , eller ; mellom kvar kolonne.
Trinket gjer det mogleg å skrive og køyre Python i nettlesaren. Vanlegvis køyrer Python på PCen, ikkje i nettlesaren.


Bygg diagrammet i main.py
No skal du laga eit diagram for å presentera data frå tabellen du har importert. Skriv koden under i main.py.
Sjekkliste
import matplotlib.pyplot as plt
import numpy as np
Det er OK å vera litt lat av og til. Dermed tilsetter me as np, slik at me kan skrive np i staden for numpy i koden.
x1 = np.genfromtxt('jenter-teknologi.csv', skip_header=1, usecols=(0), unpack=True, delimiter=',')
I programmering startar ikkje data indexen på 1. Den aller fyrste tingen i ei liste har index 0.
y1 = np.genfromtxt('jenter-teknologi.csv', skip_header=1, usecols=(1), unpack=True, delimiter=',')
plt.plot(x1,y1, marker='p')
plt.show()
Test prosjektet

Prøv sjølv
- Endre nummer etter
skip_headerog køyr koden ein gong til. Kva skjer? Kvifor bruker meskip_header?
Utfordring #1
Når du teikna diagrammet, skreiv du plt.plot(x,y, marker='p'). Kan du endre på det og velja sjølv kva type marker du vil bruke?
Tips
Prøv andre marker som finns i matplotlib dokumentasjon. Køyr koden ein gong til. Kva skjer?
Utfordring #2
I .csv-filene: endre alle , med ; og køyr koden. Kva skjer? Kan du fiksa koden i main.py slik at den kan lese .csv-filene som no innheld ; ?
Tips
Sjekk delimiter parameter i main.py.
Tilsett kontekst
No har du eit diagram, men det står ikkje kva informasjon det viser. Desse linjene treng du å skrive over plt.show().
Sjekkliste
plt.xlabel('År')
plt.ylabel('Andel jenter per 100 søkjarar')
plt.title('Andel jenter som vel teknologi utdanning som fyrsteval')
Test prosjektet
Trykk på køyr-knappen (over main.py tittelen).
Tilsett ei andre linje med data
Det kunne vera interessant å samanlikna data. No veit me kor mangeav søkjarane innan teknologi som er jenter. Kva med andre utdanningsområder? No skal du laga ein andre linje i diagrammet for å samanlikna data.
Import data
Utfordring #3
- Kan du laga ein variabel
x2, og lagra data frå kolonna0i jenter-helsefag.csv inni den? - Kan du laga ein variabel
y2, og lagra data frå kolonna1i jenter-helsefag.csv inni den?
Tips
- Denne delen av koden må du skrive rett etter
x1- ogy1`-variablane. - Du treng å bruke
np.genfromtxt. - Måten å gjera det er det same når du har laga variablane
x1ogy1.
Sjekkliste
plt.plot(x1,y1, marker='p')
og i staden skrive (over plt.show()):
ax = plt.subplot()
linje1 = ax.plot(x1,y1, label="teknologi")
linje2 = ax.plot(x2,y2, label="helsefag")
ax.legend()
Utfordring #4
Kan du oppdatera tittelen til diagrammet?
Test prosjektet
Trykk på køyr-knappen.
Prøv sjølv
- Kva skjer om du endrer
label="teknologi"oglabel="helsefag"?
Utfordring #5
- Kan du bytta fargen til linjene? Du kan prøva å endre fargen til tittelen og labelene òg.
Tips
For å gjera det treng du å bruke parameter color:
linje1 = ax.plot(x1,y1, color="")
Du kan velja fargen du vil bruka blant dei som står i denne lista
Lagre og del
Du har laga ei programvare som viser fleire dataset i eit diagram.
Programvara har laga eit bilete som heiter trinket_plot.png. Du kan trykkja på det for å åpna biletet i ei ny fane og lagra det.
Kva viser diagrammet når det gjeld datasetta som du har samanlikna?