Verda - del 2
introduksjon
Denne oppgåva byggjer på oppgåva Verda. I denne oppgåva skal me fortsetje med verdsspelet! No skal me kome så langt på spelet at namnet på ein verdsdel skal dukke opp i vindauget, og så er målet å trykkje på den riktige verdsdelen.
Når me er ferdige skal oppgåva sjå slik ut:

Steg 0: Oppsummering frå introduksjonsoppgåva
Her er koden me laga i introduksjonsoppgåva:
PImage verdskartet;
void setup(){
size(1200, 850);
verdskartet = loadImage("world-map.png");
}
void draw(){
image(verdskartet, 0, 0);
text("X: " + mouseX, 50, 50);
text("Y: " + mouseY, 50, 100);
if(mouseX > 365){
if(mouseX < 694){
if(mouseY < 455){
if(mouseY > 33){
text("EUROPA", 950, 50);
}
}
}
}
}
Til no har me fått det til å dukke opp "EUROPA" på skjermen når musepeikaren blir halde over verdsdelen Europa på kartet.
Fyrst sa me at Europa er firkanta. Så fekk me koordinatane til musepeikaren til
å synast som tekst i vindauget, slik at me kunne finne koordinatane til kvar
grense. Så brukte me desse for å lage if-setningar til å sjekke med.
Me laga ei if-setning for kva side i firkanten som utgjorde grensa til Europa.
Desse fann me ut at me måtte skrive inni kvarandre slik at me fekk sjekka om ein
var innanfor alle fire grensene samstundes.
Under har me laga ei sjekkliste. Viss du får til alle punkta i lista, så er det ikkje noko problem for deg å gjere reisten av oppgåva. Viss du synest det er vanskeleg, så kan det vere lurt å gjere den førre oppgåva før du går vidare.
Sjekkliste
Fekk du til alle punkta? Still alt saman tilbake til koden frå sist før du går vidare.
Steg 1: Legg til Asia
I introduksjonsoppgåva lærte du korleis du la til Europa, så no skal du leggje til Asia på same måte. Me har delt det opp i mindre delar for deg. Under har me laga ei sjekkliste som du må følgje. Viss nokre av punkta er vanskelege, så kan du alltids sjekke med introduksjonsoppgåva!
Sjekkliste
Her er koden så langt.
PImage verdskartet;
void setup(){
size(1200, 850);
verdskartet = loadImage("world-map.png");
}
void draw(){
image(verdskartet, 0, 0);
text("X: " + mouseX, 50, 50);
text("Y: " + mouseY, 50, 100);
if(mouseX > 365){
if(mouseX < 694){
if(mouseY < 455){
if(mouseY > 33){
text("EUROPA", 950, 50);
}
}
}
}
if(mouseX > 694){
if(mouseX < 1197){
if(mouseY < 537){
if(mouseY > 88){
text("ASIA", 950, 50);
}
}
}
}
}
Steg 2: Slå saman if-setningar
No som du har lært korleis du set opp if-setningar inni kvarandre, så er det
på tide å lære korleis du kan slå dei saman. Når du set if-setningar inni
kvarandre kan du lese dei som dette:
Viss musepeikaren er innanfor venstre grense
og viss musepeikaren er innanfor høgre grense
og viss musepeikaren er innanfor nedre grense
og viss musepeikaren er innanfor øvre grense,
så skal me skrive "EUROPA" på skjermen.
Gjer me det om til litt meir vanleg tekst, så ville me sagt:
Viss musepeikaren er innanfor venstre grense og musepeikaren er innanfor høgre
grense og musepeikaren er innanfor nedre grense og musepeikaren er innanfor
øvre grense,
så skal me skrive "EUROPA" på skjermen.
Dette kan me gjere når me kodar òg. La oss setje inn det me har kode så langt i setninga over. Då får me dette:
if(mouseX > 365 og mouseX < 694 og mouseY < 455 og mouseY > 33)]{
text("EUROPA", 950, 50);
}
Til no har me ikkje lagt til noko nytt i koden. Me har berre sett alle testane
på same linje med "og" mellom. Me kan ikkje bruke "og" i Processing, men me kan
bruke &&, og det tyder akkurat det same! La oss setje inn && for "og". Då
får me:
if(mouseX > 365 && mouseX < 694 && mouseY < 455 && mouseY > 33)]{
text("EUROPA", 950, 50);
}
Det kan hende du synest denne if-setninga er litt lang og vanskeleg å lese,
men no har me spart mykje plass i koden.
Sjekkliste
Her er koden så langt.
PImage verdskartet;
void setup(){
size(1200, 850);
verdskartet = loadImage("world-map.png");
}
void draw(){
image(verdskartet, 0, 0);
text("X: " + mouseX, 50, 50);
text("Y: " + mouseY, 50, 100);
if(mouseX > 365 && mouseX < 694 && mouseY < 455 && mouseY > 33){
text("EUROPA", 950, 50);
}
if(mouseX > 694) && mouseX < 1197 && mouseY < 537 && mouseY > 88){
text("ASIA", 950, 50);
}
}
Steg 3: Sjekk Afrika med to if-setningar
No skal me leggje til Afrika med ei if-setning på same måte. No kan du velje
om du vil følgje sjekklista under, eller om du vil skrive den heilt åleine. Her
er eit bilete med grensa til Afrika:

Sjekkliste
if(er musepeikaren innanfor den fyrste grensa && er musepeikaren innanfor den
andre grensa){
vis teksten "AFRIKA" i vindauget.
}
No som Afrika fungerer, så skal me legje til ei lita rute til. Som du ser på kartet er ikkje Madagaskar, Somalia, halve Etiopia og Djibouti med i den fyrste firkanten. Så når me heldt musepeikaren over desse landa, så kjem ikkje teksten "AFRIKA" opp på skjermen. Det må me fikse.
Me har laga ein ny firkant som berre inkluderer desse landa. No har du skrive så
mange if-setningar du dette klarar du utan sjekkliste. Viss det er vanskeleg
kan du bruke sjekklista over, for du skal gjere akkurat det same, men med andre
koordinatar.
Sjekkliste

Her er koden vår så langt. No er det ein del if-setningar!
PImage verdskartet;
void setup(){
size(1200, 850);
verdskartet = loadImage("world-map.png");
}
void draw(){
image(verdskartet, 0, 0);
text("X: " + mouseX, 50, 50);
text("Y: " + mouseY, 50, 100);
if(mouseX > 365 && mouseX < 694 && mouseY < 455 && mouseY > 33){
text("EUROPA", 950, 50);
}
if(mouseX > 694) && mouseX < 1197 && mouseY < 537 && mouseY > 88){
text("ASIA", 950, 50);
}
if(mouseX > 493) && mouseX < 695 && mouseY < 708 && mouseY > 455){
text("AFRIKA", 950, 50);
}
if(mouseX > 694) && mouseX < 740 && mouseY < 698 && mouseY > 537){
text("AFRIKA", 950, 50);
}
}
Steg 4: Lag ein metode i staden for alle if-setningane
Me skal forenkle koden vår endå meir. Sidan me skal bruke så mange
if-setningar vil me spare oss ein del arbeid. Du ser at dei er nesten heilt
like, det er berre grenseverdiane som er ulike. Når me ser at me skal skrive
mykje veldig lik kode på denne måten, så kan me ofte spare tid på å setje det
som er likt inn i ein metode, og så bruke eit metodekall i staden for å skrive
same kode om att og om att.
Me har skrive metodane setup og draw, medan text(); er ein metode me har
kalla på. Når du trykkar play blir det gjort eit kall på setup, det skjer
berre ein gong. Så kallast draw på nytt og på nytt heilt til programmet blir
stoppa.
Me skal skrive ein ny metode, den plasserar me under draw. Me har valt å gi
metoden namnet sjekkVerdsdel. Då blir det slik:
void sjekkVerdsdel(){
}
Inne i krøllparentesane skal me skrive den koden me vil gjenta, altså dei lange
if-setningane.
La oss starte med å setje inn ei av if-setningane. Me har valt å kopiere inn
if-setninga som sjekkar om musepeikaren er innanfor grensene til Europa, så no
ser metoden slik ut:
void sjekkVerdsdel(){
if(mouseX > 365 && mouseX < 694 && mouseY < 455 && mouseY > 33)]{
text("EUROPA", 950, 50);
}
}
Me har ikkje så lyst å skrive inn ei if-setning for kvar verdsdel i den nye
metoden, då er me jo like langt. Men for å berre ha ei if-sentning, så byttar
me ut alle dei tala som varierer frå verdsdel til verdsdel med variablar! Me gir
variabelnamn som er beskrivande slik at koden blir enklare å lese seinare. Ein
variabel kan endrast når programmet køyrer, men eit tal som er skrive inn
direkte kan ikkje endrast. I den fyrste testen sjekkar me om musepeikaren er
innanfor den fyrste grensa, altså grensa til høgre. Sidan me ikkje kan bruke
æ, ø eller å skriv me høgre med o, altså hogreGrense. Vi set inn
denne variabelen for talet 365 og får:
void sjekkVerdsdel(){
if(mouseX > hogreGrense && mouseX < 694 && mouseY < 455 && mouseY > 33)]{
text("EUROPA", 950, 50);
}
}
Me gjer det same med dei andre tre grensene.
Sjekkliste
No fekk me ei feilmelding som ser slik ut:

Programmet seier at hogreGrense ikkje kan bli ein variabel. Det er fordi me
ikkje har skrive kode som fortel programmet at me vil bruke hogreGrense som
ein variabel fyrst. Førebels trur programmet at me har gjort ein skrivefeil.
Programmet veit at me skal samanlikne musepeikaren sin koordinat med eitt eller
anna tal, men akkurat no er ikkje hogreGrense noko tal, det er berre nokre
bokstavar.
Me må gjere om hogreGrense til ein variabel av typen int, altså heiltal. Det
heiter å deklarare vairabelen. Me kan gjere det fleire stader, både inni den
nye metoden, utanfor alle metodane eller inni parentesane til metoden. Kor me
vel å gjere det er avhengig av korleis me skal bruke metoden.
Sidan me vil sjekke ulike grenser kvar gong me kallar metoden, så er det lurt å
deklarere variabelen hogreGrense inni parentesane til den nye metoden. Når
deklarasjonen er plassert her, så må me leggje ved grenseverdien som parameter
kvar gong me kallar på metoden.
Metoden ser slik ut:
void sjekkVerdsdel(int hogreGrense, int ...., int ...., int .... ){
if(mouseX > hogreGrense && mouseX < .... && mouseY < .... && mouseY > ....)]{
text("EUROPA", 950, 50);
}
}
I staden for punktum må du setje inn namna du har valt for dei ulike grensene.
Sjekkliste
Me manglar framleis ein ting - namnet på verdsdelen. Alle verdsdelane heiter jo
ikkje "EUROPA". Då må me gjere denne variabelen til ein String, altså ein
tekst.
Sjekkliste
No har me laga ein ny metode, men me har ikkje kalla på den nye metoden nokon
stad. Førebels køyrer programmet vårt ein gong gjennom setup, så draw om att
og om att, utan å gå til den nye metoden.
Her er koden så langt. Hugs at me sikkert har litt ulike variabelnamn for dei ulike grensene. Så lenge programmet køyrer er det ikkje noko problem. Det kan vere greitt om deklarasjonane på dei ulike grensene og namnet på verdsdelen ligg i same rekkefølgje, men det er berre for at det skal bli enklare å feilsøke i koden seinare.
PImage verdskartet;
void setup(){
size(1200, 850);
verdskartet = loadImage("world-map.png");
}
void draw(){
image(verdskartet, 0, 0);
text("X: " + mouseX, 50, 50);
text("Y: " + mouseY, 50, 100);
if(mouseX > 365 && mouseX < 694 && mouseY < 455 && mouseY > 33){
text("EUROPA", 950, 50);
}
if(mouseX > 694) && mouseX < 1197 && mouseY < 537 && mouseY > 88){
text("ASIA", 950, 50);
}
if(mouseX > 493) && mouseX < 695 && mouseY < 708 && mouseY > 455){
text("AFRIKA", 950, 50);
}
if(mouseX > 694) && mouseX < 740 && mouseY < 698 && mouseY > 537){
text("AFRIKA", 950, 50);
}
}
void sjekkVerdsdel(String verdsdel, int hogreGrense, int venstreGrense,
int nedreGrense, int ovreGrense){
if(mouseX > hogreGrense && mouseX < venstreGrense &&
mouseY < nedreGrense && mouseY > ovreGrense)]{
text(verdsdel, 950, 50);
}
}
Steg 5: Bruk den nye metoden
For å bruke den nye metoden må me gjere eit metodekall på den. På same måte som
me har gjort eit metodekall på text(); og size();, så skal me no gjere eit
metodekall på sjekkVerdsdel();. Dette gjer me inne i draw-metoden.
Sjekkliste
Det manglar rett og slett parametrar i metodekalla. For metodekallet på
text(); treng me fyrst ein char og så to float. Det tyder at me fyrst
treng teksten som skal visast i vindauget, og så to tal som bestemmer kor
teksten skal visast.
For metodekallet på sjekkVerdsdel(); så treng me fyrst ein String som seier
kva verdsdel me sjekkar om musepeikaren er i, så fire int, som fortel kor
grensene til verdsdelen er.
Me må setje inn parametrar i metodekallet.
Sjekkliste
Her er eit bilete av koden. Det er viktig at du har fjerna riktig if-setning
og at du har brukt riktige parametrar i metodekallet på sjekkVerdsdel();.
PImage verdskartet;
void setup(){
size(1200, 850);
verdskartet = loadImage("world-map.png");
}
void draw(){
image(verdskartet, 0, 0);
text("X: " + mouseX, 50, 50);
text("Y: " + mouseY, 50, 100);
if(mouseX > 694) && mouseX < 1197 && mouseY < 537 && mouseY > 88){
text("ASIA", 950, 50);
}
if(mouseX > 493) && mouseX < 695 && mouseY < 708 && mouseY > 455){
text("AFRIKA", 950, 50);
}
if(mouseX > 694) && mouseX < 740 && mouseY < 698 && mouseY > 537){
text("AFRIKA", 950, 50);
}
sjekkVerdsdel("EUROPA", 365, 694, 455, 33);
}
void sjekkVerdsdel(String verdsdel, int hogreGrense, int venstreGrense,
int nedreGrense, int ovreGrense){
if(mouseX > hogreGrense && mouseX < venstreGrense &&
mouseY < nedreGrense && mouseY > ovreGrense)]{
text(verdsdel, 950, 50);
}
}
Steg 6: Bruk sjekkVerdsdel-metoden til alle verdsdelane
No skal du bruke metoden sjekkVerdsdel(); til å sjekke Asia og Afrika. Sidan
du allereie har funne koordinatane på grensene, så treng du ikkje gjere det på
nytt.
Sjekkliste
Her er koden vår så langt.
PImage verdskartet;
void setup(){
size(1200, 850);
verdskartet = loadImage("world-map.png");
}
void draw(){
image(verdskartet, 0, 0);
text("X: " + mouseX, 50, 50);
text("Y: " + mouseY, 50, 100);
sjekkVerdsdel("EUROPA", 365, 694, 455, 33);
sjekkVerdsdel("ASIA", 694, 1197, 537, 88);
sjekkVerdsdel("AFRIKA", 493, 695, 708, 455);
sjekkVerdsdel("AFRIKA", 694, 740, 698, 537);
}
void sjekkVerdsdel(String verdsdel, int hogreGrense, int venstreGrense,
int nedreGrense, int ovreGrense){
if(mouseX > hogreGrense && mouseX < venstreGrense &&
mouseY < nedreGrense && mouseY > ovreGrense)]{
text(verdsdel, 950, 50);
}
}
No må me leggje til dei siste verdsdelane. Her har me eit kart der me viser alle
saman. No skal me gjere metodekall på sjekkVerdsdel(); og leggje til
grenseverdiane til Nord-Amerika, Sør-Amerika og Oseania. Kartet vårt manglar
verdsdelen Antarktis (Sørpolen), men det kan du ordne ved å velje eit anna kart.
Sjekkliste
Her er koden vår så langt.
PImage verdskartet;
void setup(){
size(1200, 850);
verdskartet = loadImage("world-map.png");
}
void draw(){
image(verdskartet, 0, 0);
text("X: " + mouseX, 50, 50);
text("Y: " + mouseY, 50, 100);
sjekkVerdsdel("EUROPA", 365, 694, 455, 33);
sjekkVerdsdel("ASIA", 694, 1197, 537, 88);
sjekkVerdsdel("AFRIKA", 493, 695, 708, 455);
sjekkVerdsdel("AFRIKA", 694, 740, 698, 537);
sjekkVerdsdel("OSEANIA", 874, 1194, 780, 537);
sjekkVerdsdel("NORD-AMERIKA", 2, 365, 528, 36);
sjekkVerdsdel("SØR-AMERIKA", 238, 449, 810, 528);
}
void sjekkVerdsdel(String verdsdel, int hogreGrense, int venstreGrense,
int nedreGrense, int ovreGrense){
if(mouseX > hogreGrense && mouseX < venstreGrense &&
mouseY < nedreGrense && mouseY > ovreGrense)]{
text(verdsdel, 950, 50);
}
}
Steg 7: Trekk ein tilfeldig verdsdel
No har me fått alle verdsdelane til å visast når me heldt musepeikaren over dei. Då er det på tide å gjere dette programmet om til eit spel! Me vil at namnet på ein tilfeldig verdsdel skal dukke opp på skjermen, og så skal me få poeng om me klarar å trykke på rett verdsdel.
For å få dette til å skje treng me ei liste med alle verdsdelane, og så kode for å trekkje tilfeldig frå lista.
Me startar med lista. Den skal innehalde orda "AFRIKA", "ASIA", "EUROPA",
"SØR-AMERIKA", "NORD-AMERIKA" og "OSEANIA". Dette er tekst, så då brukar me ei
liste for å lage tekst. Då me oppretta metoden sjekkVerdsdel brukte me
String inni parentesen for å ta imot ein tekst. Då var det berre eitt ord, ein
tekst, men no treng me noko som kan innehalde mange separate tekstar. Det er
ganske enkelt, me må berre setje [] bak String og så veit programmet at det
er ei liste med tekstar me skal ha. Me veit nøyaktig kva lista skal innehalde,
så me kan fylle den opp samstundes som me deklarerer den.
Me deklarerer lista vår heilt i toppen av programmet, utanfor alle metodane. Me
kan gi lista det namnet me vil. Her har me valt alleVerdsdelane, så kodelinja
ser slik ut:
String[] alleVerdsdelane = {"ASIA", "EUROPA", "NORD-AMERIKA",
"SØR-AMERIKA", "OSEANIA", "AFRIKA"};
Der er alt me treng for å lage lista. Denne typen liste heiter String array.
Sjekkliste
Metoden random(); kan kallast for å få eit tilfeldig tal. Ulikt text(); og
size();, så gjer ikkje random(); noko med vindauget vårt. Det som skjer når
me brukar random-metoden er at me får tilbake eit tal, og det må me setje inn i
ein variabel slik at me kan bruke det.
Fyrst vil me deklarere ein variabel. Sidan random(); gir oss eit tal av typen
float burde variabelen eigentleg vere av typen float. Men når me skal bruke
talet seinare må det vere av typen int, difor skal me gjere verdien om til
int. Det kallast å caste verdien. Namnet kan me bestemme sjølv, me har valt
tilfeldigTal. Deklarasjonen må skje øvst i koden, anten rett over eller rett
under deklarasjonen av lista. Kodelinja blir slik:
int tilfeldigTal;;
No må me faktisk få tilfeldigTal til å innehalde eit tilfeldig tal. Det gjer
me inne i setup-metoden. Me startar med "munnleg kode":
variabelen tilfeldigTal skal vere eit tilfeldig tal;
No brukar me random(); med casting til int. Då blir det:
tilfeldigTal = (int)random(6);
Parameteren til random(); fortel kva tal det skal veljast tilfeldig mellom. Me
har 6 verdsdelar i lista, så me vil at random(); skal gi oss eit tal mellom 0
og 6. Difor skriv me 6 som parameter.
Sjekkliste
Når me skal velje noko frå eit string array, så må me skrive namnet på arrayet
og []. Alt som står i lista er nummerert i den rekkefølgja me har skrive i
lista. Inne i [] skriv me nummeret på den tingen i lista me vil ha. Nummeret
må vere av typen int. Dette er grunnen til at me castar til int når me gjer
metodekall på random();. Sjekk at tala stemmer ved å samanlikne talet som
tilfeldigTal er med kva plass i lista verdsdelen som visast på skjermen er.
Før me går vidare skal me fjerne litt unødvendig kode.
Sjekkliste
Her er koden så langt:
PImage verdskartet;
String[] alleVerdsdelane = {"ASIA", "EUROPA", "NORD-AMERIKA",
"SØR-AMERIKA", "OSEANIA", "AFRIKA"};
int tilfeldigTal;
void setup(){
size(1200, 850);
verdskartet = loadImage("world-map.png");
tilfeldigTal = (int)random(6);
}
void draw(){
image(verdskartet, 0, 0);
text("Trykk på: " + alleVerdsdelane[tilfeldigTal], 50, 50);
sjekkVerdsdel("EUROPA", 365, 694, 455, 33);
sjekkVerdsdel("ASIA", 694, 1197, 537, 88);
sjekkVerdsdel("AFRIKA", 493, 695, 708, 455);
sjekkVerdsdel("AFRIKA", 694, 740, 698, 537);
sjekkVerdsdel("OSEANIA", 874, 1194, 780, 537);
sjekkVerdsdel("NORD-AMERIKA", 2, 365, 528, 36);
sjekkVerdsdel("SØR-AMERIKA", 238, 449, 810, 528);
}
void sjekkVerdsdel(String verdsdel, int hogreGrense, int venstreGrense,
int nedreGrense, int ovreGrense){
if(mouseX > hogreGrense && mouseX < venstreGrense &&
mouseY < nedreGrense && mouseY > ovreGrense)]{
}
}
Steg 8: Sjekk om spelaren trykkar på riktig verdsdel
No skal me sjekke om spelaren trykkar på riktig verdsdel. Då startar me med å sjekke om spelaren trykkar på knappen på musa.
På same måte som me kan bruke mouseX og mouseY, så kan me bruke
mousePressed. Skilnaden er at mouseX og mouseY blir oppdatert med tal som
fortel kor i vindauget musepeikaren er, medan mousePressed er ein boolsk
variabel - altså er den anten true eller false (sann eller usann) - så me
kan bruke den direkte i ei if-setning.
Munnleg er det dette me skal gjere:
Viss musepeikaren er klikka på,
så skal me sjekke om musepeikaren er over ein og ein verdsdel
Det å sjekke om musepeikaren er over ein og ein av verdsdelane har me allereie
gjort i draw-metoden ved å kalle på sjekkVerdsdel(); mange gonger. Då må me
berre setje desse inni ei if-setning.
Sjekkliste
Neste steg er å sjekke om spelaren har trykka på riktig verdsdel. Det gjer me i
if-setninga som er inni metoden sjekkVerdsdel. No skal me sjekke om
verdsdelen frå strengen som blir sendt inn til metoden er lik den verdsdelen som
er trekt tilfeldig. Munnleg blir det:
Viss verdsdelen som er trekt tilfeldig er lik verdelsdelen frå Stringen,
så visar me teksten "RIKTIG" i vindauget.
Me set inn det me har, då blir if-setninga slik:
if(alleVerdsdelane[tilfeldigTal] er lik verdsdel){
text("RIKTIG", 950, 50);
}
No skal me sjekke om ein tekst er lik ein annan tekst. Då må me bruke ein metode
som høyrer til klassa String. Metoden heiter equals(); og parameteren er
ordet me skal sjekke. Når me skal bruke ein metode som høyrer til ei klasse
treng me berre å setje punktum mellom. Koden blir slik:
if(alleVerdsdelane[tilfeldigTal].equals(verdsdel)){
text("RIKTIG", 950, 50);
}
Sjekkliste
Her er koden så langt.
PImage verdskartet;
String[] alleVerdsdelane = {"ASIA", "EUROPA", "NORD-AMERIKA",
"SØR-AMERIKA", "OSEANIA", "AFRIKA"};
int tilfeldigTal;
void setup(){
size(1200, 850);
verdskartet = loadImage("world-map.png");
tilfeldigTal = (int)random(6);
}
void draw(){
image(verdskartet, 0, 0);
text("Trykk på: " + alleVerdsdelane[tilfeldigTal], 50, 50);
sjekkVerdsdel("EUROPA", 365, 694, 455, 33);
sjekkVerdsdel("ASIA", 694, 1197, 537, 88);
sjekkVerdsdel("AFRIKA", 493, 695, 708, 455);
sjekkVerdsdel("AFRIKA", 694, 740, 698, 537);
sjekkVerdsdel("OSEANIA", 874, 1194, 780, 537);
sjekkVerdsdel("NORD-AMERIKA", 2, 365, 528, 36);
sjekkVerdsdel("SØR-AMERIKA", 238, 449, 810, 528);
}
void sjekkVerdsdel(String verdsdel, int hogreGrense, int venstreGrense,
int nedreGrense, int ovreGrense){
if(mouseX > hogreGrense && mouseX < venstreGrense &&
mouseY < nedreGrense && mouseY > ovreGrense)]{
if(alleVerdsdelane[tilfeldigTal].equals(verdsdel)){
text("RIKTIG", 950, 100);
}
}
}
Steg 9: Få ny verdsdel å trykke på
Det er jo litt kjipt å måtte starte programmet på nytt kvar gong spelaren har
trykka på riktig verdsdel. Difor må me velje eit nytt tilfeldig tal i
if-setninga som sjekkar om spelaren trykka på riktig verdsdel.
Då gjer me akkurat det same som me gjorde i setup-metoden då me sette
tilfeldigTal til å vere eit tilfeldig tal.
Sjekkliste
Her er koden så langt. Sidan me berre har lagt til ei kodelinje inni metoden
sjekkVerdsdel viser me berre den metoden:
void sjekkVerdsdel(String verdsdel, int hogreGrense, int venstreGrense,
int nedreGrense, int ovreGrense){
if(mouseX > hogreGrense && mouseX < venstreGrense &&
mouseY < nedreGrense && mouseY > ovreGrense)]{
if(alleVerdsdelane[tilfeldigTal].equals(verdsdel)){
text("RIKTIG", 950, 100);
tilfeldigTal = (int)random(6);
}
}
}
Steg 10: Få poeng
Det siste me skal gjere er å gi spelaren poeng kvar gong riktig verdsdel blir trykka på. Sidan me heile tida vil få fleire og fleire poeng, så må me lage ein variabel som me kan oppdatere når spelaren trykkar på riktig verdsdel.
Variabelen skal vere av typen int og kan til dømes heite poeng.
Sjekkliste
poeng = 0;
poeng = poeng + 1;
Nå gjenstår det berre å gi minuspoeng viss ein trykkar på feil verdsdel. Munnleg blir koden slik:
Viss verdsdelen som er trekt tilfeldig er lik verdelsdelen frå Stringen,
Så visar me teksten "RIKTIG" i vindauget.
trekk eit nytt tilfeldig tal
få eit poeng
elles
så skal me få eit minuspoeng
Me har allereie dei if-setningane som utfører sjekken, og me har alt som skjer
viss me trykkar på riktig verdsdel. Det einaste som manglar er kva som skjer frå
elles og nedover.
Når me skriv ei if-setning kan me alltid leggje til ein ellers (else på
engelsk). Viss me legg til ein else etter ei if-setning, så vil koden i
else skje viss testen i if-setninga er usann. Så viss ein trykkar på riktig
verdsdel får ein poeng, elles får ein minuspoeng.
Ein else blir åpna og lukka på same måte som ei if-setning, altså med
krøllparentesar: { og }.
Sjekkliste
Grunnen til at du får for mange minuspoeng er at du ikkje rekk å sleppe knappen
på musepeikaren før programmet har endra kva verdsdel du skal trykke på.
Programmet køyrer gjennom all koden din om lag 30-60 gonger i sekundet. Det
tyder at du må trykke veldig raskt for å ikkje få minuspoeng kvar gong du
trykkar, sjølv om du trykkar på riktig verdsdel. Du kan sjekke kor raskt koden
blir køyrt ved å gjere eit metodekall på text(); og så setje den fyrste
parameteren til å vere frameRate. Talet du ser på skjermen er antal gonger
koden blir køyrt kvart einaste sekund.
Me kan fikse alle minuspoenga ved å gjere eit metodekall på delay();. Denne
gjer at koden tek ei lita pause. Parameteren er antal millisekund koden skal ta
pause. Eitt sekund er det same som 1000 millisekund. Du må vere veldig forsiktig
med å bruke delay(); til vanleg, fordi den pausar heile programmet, så
absolutt ingenting blir sjekka så lenge programmet har pause.
Sjekkliste
Det var det! No har du eit lite spel. Utvid spelet slik du vil sjølv. Det er mange moglegheiter. Under finn du nokre ekstraoppgåver du kan gjere viss du har lyst.
Her er koden så langt. Hugs at koden din kan vere litt annleis viss du har valt andre variabelnamn eller verdiar enn det me har. Det viktigaste er at den fungerer!
PImage verdskartet;
String[] alleVerdsdelane = {"ASIA", "EUROPA", "NORD-AMERIKA",
"SØR-AMERIKA", "OSEANIA", "AFRIKA"};
int tilfeldigTal;
int poeng;
void setup(){
size(1200, 850);
verdskartet = loadImage("world-map.png");
tilfeldigTal = (int)random(6);
poeng = 0;
}
void draw(){
image(verdskartet, 0, 0);
text("Trykk på: " + alleVerdsdelane[tilfeldigTal], 50, 50);
text("Poeng: " + poeng, 50, 100);
sjekkVerdsdel("EUROPA", 365, 694, 455, 33);
sjekkVerdsdel("ASIA", 694, 1197, 537, 88);
sjekkVerdsdel("AFRIKA", 493, 695, 708, 455);
sjekkVerdsdel("AFRIKA", 694, 740, 698, 537);
sjekkVerdsdel("OSEANIA", 874, 1194, 780, 537);
sjekkVerdsdel("NORD-AMERIKA", 2, 365, 528, 36);
sjekkVerdsdel("SØR-AMERIKA", 238, 449, 810, 528);
}
void sjekkVerdsdel(String verdsdel, int hogreGrense, int venstreGrense,
int nedreGrense, int ovreGrense){
if(mouseX > hogreGrense && mouseX < venstreGrense &&
mouseY < nedreGrense && mouseY > ovreGrense)]{
if(alleVerdsdelane[tilfeldigTal].equals(verdsdel)){
text("RIKTIG", 950, 100);
tilfeldigTal = (int)random(6);
poeng ++;
} else {
poeng --;
}
delay(80);
}
}
Steg 11: Ekstra
Dette er ekstraoppgåver du kan gjere viss du vil.



