Verda
Introduksjon
Velkomen til verdsspelet! Her skal me lage starten av eit spel der ein skal gjette kva verdsdelar som er kor på kartet. Så kan du utvide oppgåva sjølv til å gjelde for land, hav, fjell eller noko anna du finn på! Denne oppgåva viser deg korleis du kan skrive kode som gjer at namnet på verdsdelar dukkar opp når ein heldt musepeikaren over dei.
Slik skal spelet sjå ut når me er ferdig med denne oppgåva. Oppe i høgre hjørne set du det står "EUROPA", det skal det stå når me heldt musepeikaren over Europa på kartet.

Steg 1: Vindauget
Det fyrste du må gjere er å starte Processing. Når du har åpna programmet har du
ein tom teksteditor framfor deg, denne skal du fylle med kode! Det er to metodar
som er vanlege å bruke i Processing: setup og draw. Start med å skrive
setup på ei linje og så draw på neste linje. Prøv å trykkje på play-knappen,
altså denne:

No får du ei feilmelding nedst i programmet. Det er den raude linja med kvit skrift. Det er litt avhengig av kva versjon av Processing du har, men feilmeldinga kjem til å sjå ut som dette:

Med teksten Syntax error, maybe a missing semicolon? foreslår Processing at me
kanskje manglar eit semikolon, og den har markert linje 2 med gult. Det tyder at
det er linje 2 som kanskje manglar eit semikolon.
Veldig ofte er det nettopp semikolon som manglar, men akkurat no er det mykje
meir. For at programmet vårt skal forstå at me prøver å skrive to metodar, så må
me skrive ordet void framfor metodenamna, slik som dette:
void setup
void draw
Det er framleis ei raud linje under både setup og draw, så det manglar
framleis noko. I det minste fekk ordet void blå farge. Det tyder at Processing
kjenner att ordet og veit korleis det skal brukast.
Neste steg for å lage metodar er at dei må ha parentesar rett etter namnet sitt. Når me legg til desse ser koden slik ut:
void setup()
void draw()
No er det i ferd med å likne på noko! Både setup og draw vart blå. Det tyder
at Processing kjenner att desse orda òg. Prøv å køyre programmet ved å trykkje
på play-knappen att. Kva skjer?
Endå ei feilmelding? No er me veldig nære å få Processing til å forstå at me
skal lage to nye petoder. Det einaste me manglar er å åpne og å stenge metodane.
Me åpnar og lukkar metoden med krøllparentesar, { }, så då blir koden slik:
void setup(){}
void draw(){}
No kan du prøve å køyre programmet att. Kva skjer?
Endeleg får me opp eit lite vindauge. Då kan me starte på innhaldet. Det gjer me inne i metodane. Det tyder at me skal skrive kode mellom krøllparentesane.
Vindauget er ganske lite. Me kan bestemme storleiken på vindauget ved å kalle på ein metode, altså bruke ein metode nokon allereie har skrive ferdig for oss. Når me kallar ein metode skriv me metodenamnet etterfølgd av parentesar og eit semikolon, slik som dette:
size(1200, 850);
Som du ser har me sett inn tal i parentesane. Desse bestemmer storleiken på vindauget du får opp når du trykkar play og programmet køyrer. Køyr programmet og sjekk at det fungerer.
Sjekkliste
Her er koden så langt. Sjekk at koden din ser lik ut. Me skriv size eit stykke
inn på linja fordi det er vanleg, og det gjer koden lettare å lese.
void setup(){
size(1200, 850);
}
void draw(){
}
Steg 2: Vis verdskartet
No skal me få på plass verdskartet. Høgreklikk på biletet under, vel "Lagre bilete som" eller noko liknande, og plasser det i same mappe som der programmet ditt ligg.

For å kunne vise biletet må me deklarere det, altså gi PC-en beskjed om at me skal bruke eit bilete. Deklarasjonar skjer heilt fyrst i programmet, før dei to metodane våre.
Me har valt å kalle biletet for verdskartet, og kodelinja ser slik ut:
PImage verdskartet;
Sjekk at programmet framleis køyrer. Det skal ikkje skje noko nytt, men du får feilmelding viss du har skrive noko feil i den nye kodelinja.
No må me laste opp biletet i programmet. Det gjer me berre ein gong, difor set
me kodelinja i setup. Kodelinja ser slik ut:
verdskartet = loadImage("world-map.png");
Sjekk at programmet framleis køyrer. Det skal framleis ikkje skje noko nytt.
No er det viktig å skilje mellom at verdskartet er namnet me har valt å kalle
biletet i koden vår, medan world-map.png er namnet på sjølve fila når biletet
ligg i mappa på PC-en din.
No må me få vist biletet i vindauget ditt. Det gjer me ved å skrive ei kodelinje
i draw-metoden. Kodelinja me treng ser slik ut:
image(verdskartet, 0, 0);
Etter steg 2 ser koden slik ut:
PImage verdskartet;
void setup(){
size(1200, 850);
verdskartet = loadImage("world-map.png");
}
void draw(){
loadImage(verdskartet, 0, 0);
}
Steg 3: Kor er musepeikaren?
For å finne ut kor i vindauget dei ulike verdsdelane er plassert må me vite kva koordinata på grensene mellom dei ulike verdsdelane er. Me startar med å vise koordinatane til musepeikaren på skjermen, slik at det er enklare å forstå kva koordinatar er og korleis dei fungerer i Processing.
Me treng berre to kodelinjer for å få til dette, og må skrive dei inne i
draw-metoden. Me vil ha ein tekst som oppdaterer seg etter kor å skjermen
datamusa er, då treng me denne koden:
text("X: " + mouseX, 50, 50);
text("Y: " + mouseY, 50, 100);
Test at programmet køyrer. Du skal få opp nokre tal som endrar seg når du beveger musepeikaren over vindauget.
Forklaring av koden
I denne koden brukar me metoden text(); som allereie er ferdig skrive for oss.
Inne i parentesen har me tre parametrar, desse er skilt frå kvarandre med komma.
I den fyrste paramtereren seier me kva som skal skrivast ut. Dei to siste
bestemmer kor i vindauget teksten skal skrivast.
Teksten me skal skrive ut er koordinatane til datamusa. Desse er lagra i to
variablar som heiter mouseX og mouseY. Når den fyrste parameteren ser slik
ut: "X: " + mouseX, så vil progammet lese den fyrste delen som vanleg tekst,
og ikkje gjere anna enn å vise X: på skjermen. For den siste delen, derimot,
så forstår programmet at det er ein variabel, og då får me sjå verdien til
variabelen i staden for namnet.
Sjekkliste
Her er koden så langt.
PImage verdskartet;
void setup(){
size(1200, 850);
verdskartet = loadImage("world-map.png");
}
void draw(){
loadImage(verdskartet, 0, 0);
text("X: " + mouseX, 50, 50);
text("Y: " + mouseY, 50, 100);
}
Steg 4: Vis Europa
No skal me få ordet Europa til å dukke opp på skjermen når me heldt
musepeikaren over verdsdelen.
Då må me fyrst finne ut kor grensa til Europa eigentleg er. No gjer me ei veldig forenkla utgåve av grensa til Europa. La oss seie at Europa er heilt firkanta, og at denne firkanten er grensa til Europa:

For å gjere kodinga enklare, så byttar me ut verdskartet vårt med dette biletet.
Last det ned og lagre det same stad som det førre verdskartet. Me må berre endre
den eine kodelinja som fortel programmet kva biletet det skal laste inn. Det
gjorde me i setup-metoden. Då blir kodelinja slik etter at den er endra:
verdskartet = loadImage("mapEuropa3.png");
Gjer dette før du går vidare
Har du gjort dette for alle grensene? Her er svara me kom fram til:
// Grense 1: X-koordinaten beveger seg nesten ikkje, den er ca. 367 på heile
// grensa, og innanfor er den større enn utanfor
// Grense 2: X-koordinaten beveger seg nesten ikkje, den er ca. 694 på heile
// grensa, og innanfor er den mindre enn utanfor
// Grense 3: Y-koordinaten beveger seg nesten ikkje, den er ca. 455 på heile
// grensa, og innanfor er den mindre enn utanfor
// Grense 4: Y-koordinaten beveger seg nesten ikkje, den er ca. 33 på heile
// grensa, og innanfor er den større enn utanfor
No skal me sjekke om musepeikaren er innanfor ein og ein av kantane, då må me
bruke if-setningar. Dei fugnerer slik at ein skriv ein test, og viss det som
blir testa er sant, så blir ein bestemt kode utført. La oss starte med grense
nummer 1.
Fyrst skriv me if-setninga med vanlege ord, og så gjer me det om til kode. No
skal me bruke tala og resultatet av det me fann.
Viss musepeikaren er innanfor grense nummer 1,
så skal teksten "Europa" visast på skjermen
Me veit at X-koordinaten akkurat på grense nummer 1 er 367, i tillegg veit me at X-koordinaten er større innanfor grense 1 enn utanfor grense 1. La oss setje inn dette:
Viss musepeikaren sin X-koordinat er større enn 367,
så vis teksten "EUROPA" på skjermen
Det kan me gjere om til kode, då ser det slik ut:
if(mouseX > 365){
text("EUROPA", 950, 50);
}
Sjekkliste
Merk at EUROPA dukkar opp på skjermen både når du heldt musepeikaren over
Europa, men òg om du heldt over Madagaskar utanfor Afrika. Det er fordi me berre
har ei if-setning, no må me leggje til dei tre andre for at teksten EUROPA
berre skal kome opp når me er innanfor alle dei fire grensene. Akkurat no viser
me EUROPA uansett kor musepeikaren er i det grå området på biletet under.

La oss leggje til kode for grense nummer to. No er målet at EUROPA skal visast
i det grå området på biletet under:

Prøv å skrive if-setninga for å få det til med vanlege ord før du går vidare.
Her er forslaget vårt til korleis du kan skrive if-setninga for grense 2:
Viss musepeikaren sin X-koordinat er innanfor grense 2,
så skal teksten "EUROPA" visast
Me har sjekka at grenseverdien er 649 og me veit at X-koordinaten er mindre
innanfor grensa enn utanfor grensa. Me går vidare og skriv if-setninga i kode:
if(mouseX < 694){
text("EUROPA", 950, 50);
}
Sjekkliste
No står det EUROPA på skjermen heile tida! Det er jo feil, så la oss feilsøke.
Sjekkliste
No ser me at det står EUROPA to stader, oppe og nede. Oppe står det EUROPA
så lenge musepeikaren er til høgre for grense 1. Neder står det EUROPA så
lenge musepeikaren er til venstre for grense 2. Dei to if-setningane gjer det
dei skal, men dei gjer det kvar for seg! Me må skrive om koden slik at me får
sjekka om musepeikaren er innanfor grense 1 og grense 2 samstundes, ikkje kvar
for seg.

Me må kople saman if-setningane. Det er enkelt, me skriv dei inni kvarandre!
Då blir dei slik:
if(mouseX > 365){
if(mouseX < 694){
text("EUROPA", 950, 50);
}
}
No blir teksten EUROPA berre skrive ut i vindauget viss begge if-setningane
er sanne.
Sjekkliste
No skal me skrive dei to siste if-setningane som skal sjekke om musepeikaren
er innanfor grense 3 og 4. Dei må skrivast inne i dei to if-setningane me
allereie har. Me kjem til å få ei if-setning inni ei if-setning inni ei
if-setning inni ei if-setning.
For grense 3 skal me berre hjelpe deg å skrive if-setninga med nesten heilt
vanlege ord, og så må du skrive koden sjølv:
Viss musepeikaren sin Y-koordinat er mindre enn grense 3,
så skal teksten "EUROPA" visast
Her er litt av koden, fyll ut reisten sjølv:
if(mouseX > 365){
if(mouseX < 694){
if( ){
text("EUROPA", 950, 50);
}
}
}
Sjekkliste

No må du prøve deg på koden til den siste if-setninga heilt sjølv!
Sjekkliste
Her ser du koden, så kan du dobbeltsjekke at alt ser riktig ut.
PImage verdskartet;
void setup(){
size(1200, 850);
verdskartet = loadImage("world-map.png");
}
void draw(){
loadImage(verdskartet, 0, 0);
text("X: " + mouseX, 50, 50);
text("Y: " + mouseY, 50, 100);
if(mouseX > 365){
if(mouseX < 694){
if(mouseY < 455){
if(mouseY > 33){
text("EUROPA", 950, 50);
}
}
}
}
}
// Grense 1: X-koordinaten beveger seg nesten ikkje, den er ca. 367 på heile
// grensa, og innanfor er den større enn utanfor
// Grense 2: X-koordinaten beveger seg nesten ikkje, den er ca. 694 på heile
// grensa, og innanfor er den mindre enn utanfor
// Grense 3: Y-koordinaten beveger seg nesten ikkje, den er ca. 455 på heile
// grensa, og innanfor er den mindre enn utanfor
// Grense 4: Y-koordinaten beveger seg nesten ikkje, den er ca. 33 på heile
// grensa, og innanfor er den større enn utanfor
Hugs at du må laste inn det opphavlege verdskartet utan firkanten på!