Ping pong
Introdusjon:
Her skal me lage dataspelet Ping pong. Ein del av det er å lære korleis du kan få programma dine til å reagere på tastetrykk. Det er veldig nyttig når du skal lage spel.
Steg 1: Sprettande ball
Starten vår kjem til å likne på det me gjorde i oppgåva om den sprettande ballen.
Sjekkliste
-
float ballX; float ballY; float ballXFart = 2; float ballYFart = 2; float ballRadius = 9; float ballDiameter = ballRadius * 2; void setup() { size(600, 300); ballX = width / 2; ballY = height / 2; } void draw() { ballX = ballX + ballXFart; ballY = ballY + ballYFart; if (ballX < ballRadius) { ballXFart = -ballXFart; } if (ballX > width - ballRadius) { ballXFart = -ballXFart; } if (ballY < ballRadius) { ballYFart = -ballYFart; } if (ballY > height - ballRadius) { ballYFart = -ballYFart; } background(0); ellipse(ballX, ballY, ballDiameter, ballDiameter); }Me har endra koden litt. Nokre stader bruker me andre namn på variablane våre, og det er nokre heilt nye variablar.
Kvifor trur du me har gjort det?

Utfordringar
Steg 2: Ballen går gjennom
I Ping pong skal du hindre at ballen går forbi rekkerten. For at det skal vere vits å gjere det må me fyrst syte for at ballen ikkje berre sprett attende når den treff venstre vegg. Me startar med det.
-
if (ballX < ballRadius) { ballXFart = -ballXFart; }Til:
if (ballX < ballRadius) { }
Utfordringar
Steg 3: Legg til rekkerten
No som ballen kan gå gjennom den venstre veggen, så må me få på plass ein rekkert slik at du kan sjå ballen tilbake. Det gjer me ved å ha nokre talvariablar som representerer kor rekkerten er og kor stor den er. I tillegg må me ha kode som gjer at ballen sprett attende.
-
float rekkertHogde = 66; float rekkertBreidde = 5; float rekkert1X = 20; float rekkert1Y = 100;Desse variablene skal me bruke til å halde styr på storleiken og plasseringa til rekkerten.
Legg til dette rett under background(0):
rect(rekkert1X, rekkert1Y, rekkertBreidde, rekkertHogde);
No kan me sjå rekkerten når me køyrer programmet, men ballen går gjennom den! Det er fordi me ikkje har skrive kode som stoppar ballen og sender den attende.
Legg til følgjande i draw()-funksjonen:
if (ballX-ballRadius < rekkert1X + rekkertBreidde && ballX + ballRadius > rekkert1X) { if (ballY < rekkert1Y + rekkertHogde && ballY > rekkert1Y) { ballX = ballX + rekkertBreidde; ballXFart = -ballXFart; } }

Utfordringar
Forklaring
Her er eit bilete som forklarar kva dei ulike variablane står for:

Steg 4: Styre rekkerten
Me har ein rekkert, men den er ikkje til mykje hjelp så lenge du ikkje kan styre den. Difor må du skrive kode som let deg ta styringa.
-
if (keyPressed) { if (keyCode == UP) { rekkert1Y = rekkert1Y - 2; } if (keyCode == DOWN) { rekkert1Y = rekkert1Y + 2; } }Koden sjekkar fyrst om ein knapp er trykka ned (
keyPressed). Så sjekkar den om det er opp- eller ned-knappen som blir trykka ned, og beveger rekkerten basert på det.

No har du laga Ping pong!
Bokstavtastar
Viss du vil styre ved å trykkje på bokstavtastar i staden for piltastane, så må
du endre litt på koden. Mange er vant til å styre opp med W og ned med S.
Viss du endrar:
if (keyCode == UP) {
Til:
if (key == 'w') {
kan du styre opp med W. Kva trur du at du må gjere for å kunne styre ned med
S?