Nivå 3Python: Retningar

Til lærerveiledningenOgså på:Bokmål

Åpne på mobilen

Skann koden med kameraet på mobilen. Avkrysningene dine blir med.

Denne oppgåva er ein del av oppgåvesamlinga "Programmering i micro-python" og byggjer vidare på Python: Rotasjon og fall.

Me tilrår at du lastar ned og skriv koden din i mu editor når du jobbar med desse oppgåvene. Instruksjonar for korleis ein lastar ned Mu finn du på nettsida via linken.

Når Mu er installert kan du kople micro:biten din til datamaskinen via ein USB-kabel. Skriv koden din i editor-vindauget og trykk på “Flash”-knappen for å laste koden over på micro:biten. Dersom det ikkje fungerer, sørg for at micro:biten har dukka opp som ei USB-eining på datamaskinen din.

Introduksjon

Visste du at micro:bit-en inneheldt eit kompass? Viss du nokon gong skal lage ein værstasjon kan du bestemme vindretninga, eller du kan navigere deg gjennom Amazonas.

Kompass

Eit bruksområde for kompasset er å fortelje deg kva retning som er nord:

from microbit import *

compass.calibrate()

while True:
    needle = ((15 - compass.heading()) // 30) % 12
    display.show(Image.ALL_CLOCKS[needle])

Merk

Du må kalibrere kompasset før det kan gjere målingar. Viss du gløymer å gjere dette vil kompasset berre vise tull. Metoden calibration køyrer eit kjekt lite program som hjelper micro:bit-en å finne ut kor den er i høve til jorda sitt magnetfelt.

For å kalibrere kompasset må du snu rundt på micro:bit-en til ein sirkel av pikslar er teikna på kanten av displayet.

I reisten av oppgåva skal me prøve å bryte ned kva koden over gjer, sidan det kan vere vanskeleg å forstå detaljane i ein gong.

Activity checklist

Viser dei fire himmelretningane

No skal me sjå nærare på kva compass.calibrate() gjer.

from microbit import *

compass.calibrate()

while True:
    display.scroll(str(compass.calibrate()))
Hint

Funksjonen compass.calibrate() viser altså kor mange grader unna nord me står. Med andre ord gir funksjonen ut eit tal slik at 0 ≤ compass.calibrate() < 360.

from microbit import *

display.show(Image.ALL_CLOCKS[A])
Hint

Som du kanskje har funne ut er ALL_CLOCKS ei liste som inneheldt 12 ulike bilete, desse kan veljast frå og med 0 til og med 11.

from microbit import *

display.show((15 - A // 30) % 12)

Gratulererer! Viss du har klart å løyse oppgåvene over er du klar til å gå ut og utforske verda med kompasset ditt!

Neste oppgåve i samlinga er Python: Input og output. Klikk vidare for å halde fram gjennom samlinga.