PXT: Tikkande bombe
Introduksjon
Kjenner du "Tikkande bombe"-spelet? Spelarane kastar ei leikebombe mellom seg medan ei klokke tel ned, og personen som heldt den når tida er ute tapar. Det er veldig morosamt!
I dette prosjektet skal me byggje eit liknande spel, men i staden brukar me ei virituell bombe og micro:bit-radio. Den virituelle bomba er ein tal-variabel som tel ned til 0, og me skal sende dette talet mellom fleire micro:bit-ar. Den som har den virituelle bomba når me kjem til 0 tapar. Me kan sende tal ved hjelp av radioklossane.

Steg 1: Me startar spelet
Me startar med å vise eit tal når me ristar på micro:bit-en.
Sjekkliste
Kva tyder det å ha eit tal som representerer ei bombe? Me kan lage ei bombe-klokke som er eit tal som vert sendt mellom micro:bit-ane ved hjelp av radioen. Bombeklokka skal telje ned, og når den blir 0 skal den ringe.
Me startar med å kode interaksjonen mellom micro:bit-en og spelarane. Då vil me at spelet skal starte, og den fyrste bomba vert sendt ved å trykke på A+B-knappen. Når ei bombe er motteke, viser skjermen eit bilete av bomba, og når spelaren ristar på micro:bit-en sendast den vidare til neste spelar.
let bombe = -1 radio.setGroup(5)
input.onButtonPressed(Button.AB, function () {
bombe = Math.randomRange(10, 20)
})
input.onGesture(Gesture.Shake, function () {
if (bombe > 0) {
radio.sendNumber(bombe)
bombe = -1
}
})
radio.onReceivedNumber(function (receivedNumber) {
bombe = receivedNumber
})
No kan me gå i gang med å kode nedteljinga til 0. Dette gjer me ved å bruke
ein gjenta for alltid-kloss der bombe-variabelen tel ned til 0. Inne i
denne klossen må me sjekke kva verdi bombe-variabelen har,
slik at me viser bombe-ikonet og tel ned når me har bomba (altså at bombe
er positiv), og stoppar nedteljinga og viser ein hovudskalle når me kjem til 0.
let bombe = 0
basic.forever(function () {
if (bombe < 0) {
basic.clearScreen()
}
if (bombe == 0) {
basic.showIcon(IconNames.Skull)
}
if (bombe > 0) {
basic.showIcon(IconNames.Target)
bombe += -1
}
})
Test prosjektet
Det er to ulike måtar me kan teste micro:bit-program på: