Nivå 2PXT: Tikkande bombe

Til lærerveiledningenOgså på:Bokmål

Åpne på mobilen

Skann koden med kameraet på mobilen. Avkrysningene dine blir med.

Introduksjon

Kjenner du "Tikkande bombe"-spelet? Spelarane kastar ei leikebombe mellom seg medan ei klokke tel ned, og personen som heldt den når tida er ute tapar. Det er veldig morosamt!

I dette prosjektet skal me byggje eit liknande spel, men i staden brukar me ei virituell bombe og micro:bit-radio. Den virituelle bomba er ein tal-variabel som tel ned til 0, og me skal sende dette talet mellom fleire micro:bit-ar. Den som har den virituelle bomba når me kjem til 0 tapar. Me kan sende tal ved hjelp av radioklossane.

Bilete av ein micro:bit som viser ei bombe

Steg 1: Me startar spelet

Me startar med å vise eit tal når me ristar på micro:bit-en.

Sjekkliste

Kva tyder det å ha eit tal som representerer ei bombe? Me kan lage ei bombe-klokke som er eit tal som vert sendt mellom micro:bit-ane ved hjelp av radioen. Bombeklokka skal telje ned, og når den blir 0 skal den ringe.

Me startar med å kode interaksjonen mellom micro:bit-en og spelarane. Då vil me at spelet skal starte, og den fyrste bomba vert sendt ved å trykke på A+B-knappen. Når ei bombe er motteke, viser skjermen eit bilete av bomba, og når spelaren ristar på micro:bit-en sendast den vidare til neste spelar.

let bombe = -1
radio.setGroup(5)
input.onButtonPressed(Button.AB, function () {
    bombe = Math.randomRange(10, 20)
})
input.onGesture(Gesture.Shake, function () {
    if (bombe > 0) {
        radio.sendNumber(bombe)
        bombe = -1
    }
})
radio.onReceivedNumber(function (receivedNumber) {
    bombe = receivedNumber
})

No kan me gå i gang med å kode nedteljinga til 0. Dette gjer me ved å bruke ein gjenta for alltid-kloss der bombe-variabelen tel ned til 0. Inne i denne klossen må me sjekke kva verdi bombe-variabelen har, slik at me viser bombe-ikonet og tel ned når me har bomba (altså at bombe er positiv), og stoppar nedteljinga og viser ein hovudskalle når me kjem til 0.

let bombe = 0
basic.forever(function () {
    if (bombe < 0) {
        basic.clearScreen()
    }
    if (bombe == 0) {
        basic.showIcon(IconNames.Skull)
    }
    if (bombe > 0) {
        basic.showIcon(IconNames.Target)
        bombe += -1
    }
})

Test prosjektet

Det er to ulike måtar me kan teste micro:bit-program på: