Nivå 2PXT: Temperatur

Til lærerveiledningenOgså på:Bokmål

Åpne på mobilen

Skann koden med kameraet på mobilen. Avkrysningene dine blir med.

Introduksjon

Kan me bruke micro:biten vår som eit termometer? Ja, den har faktisk ein temperatursensor!

Bilete av ein microbit som viser bilete av eit termometer

Steg 1: Me ristar laus

Me startar med å vise eit tal når me ristar på micro:biten.

Sjekkliste

input.onGesture(Gesture.Shake, function () {
    basic.showNumber(1)
})

Test prosjektet

Det er to ulike måtar me kan teste micro:bit-program på:

  • Sidan koden vår skal reagere når ein ristar på micro:biten, så kan du simulere det ved å klikke på den kvite prikken til venstre for teksten SHAKE på micro:bit-simulatoren. Talet 1 skal visast på skjermen til micro:bit-simulatoren.

  • No blir det lasta ned ei fil som heiter microbit-Uten-navn.hex til datamaskina di. Samstundes dukkar det opp eit vindauge som seier at du må flytte fila til MICROBIT-disken. Viss du treng hjelp til dette kan du spørje ein rettleiar.

Steg 2: Mål temperaturen

Du vil vise temperaturen i rommet der du er. Korleis gjer me det på ein micro:bit?

Sjekkliste

Steg 4: Terningen hugsar og viser vêr-teikn

Kva om me vil bruke temperaturmålingen seinare? Da må me hugse kva me målte!

Sjekkliste

  • Klikk på Variabler-kategorien og så på knappen Lag en variabel. Gi den nye variabelen namnet temperatur. Du vil sjå at det dukkar opp ein kloss som heiter temperatur i Variabler-kategorien.

    Bilete av korleis lage ein ny variabel
  • let temperatur = 0
    input.onGesture(Gesture.Shake, function () {
        temperatur = input.temperature()
        basic.showNumber(temperatur)
    })
    

Viss du testar prosjektet ditt no skal det oppføre seg likt som før! Men denne endringa gir oss nye moglegheiter! Sidan me no veit resultatet av temperaturmålingen kan me til dømes vise ein sol kvar gang me måler over 20 °C, ein paraply kvar gang me måler under 20 °C.

  • Prøv å pusle saman klossar frå Logikk- og Variabler-kategoriane som seier hvis temperatur > 20.

let temperatur = 0
input.onGesture(Gesture.Shake, function () {
    temperatur = input.temperature()
    basic.showNumber(temperatur)
    if (temperatur > 20) {
        basic.showLeds(`
            # . # . #
            . # # # .
            # # # # #
            . # # # .
            # . # . #
            `)
    } else {
        basic.showIcon(IconNames.Umbrella)
    }
})

Steg 5: Meir avanserte termometer

Kva kan me bruke temperaturmålingane våre til? Prøv sjølv viss du har nokre idear!

Fleire idear

No har du lært korleis micro:biten kan måle temperatur. Men det finst mange måtar du kan vidareutvikle det på. Under finn du nokre idear, men finn gjerne på noko heilt sjølv!