Nivå 2PXT: Tel med løkker

Til lærerveiledningenOgså på:Bokmål

Åpne på mobilen

Skann koden med kameraet på mobilen. Avkrysningene dine blir med.

Introduksjon

I denne oppgåva skal me få micro:bit-en til å telje både oppover og nedover med løkker.

Steg 1: Lag ei løkke

Sjekkliste

Steg 2: Start å telje

Sjekkliste

for (let indeks = 0; indeks <= 5; indeks++) {
    basic.showNumber(indeks)
}

Ei løkke køyrer koden som står inni fleire gonger. Det som gjer for-løkka nyttig er at variabelen indeks får ein ny verdi kvar gong. Den fyrste løkka som vert køyrt har indeks lik 0. Når den viser talet som heiter indeks viser den altså talet 0. Så køyrer den løkka ein gong til, men no er verdien endra til 1, så den viser talet 1 i staden. Slik fortset den å køyre løkka for indeks = 2, indeks = 3, indeks = 4 og indeks = 5. Då stoppar den, sidan me har sagt at den berre skal gjenta seg sjølv for indeksverdiar frå 0 til 5.

Steg 3: Endre indeks

Indeks startar på 0, men viss me viser talet indeks+1 i staden, vil det fyrste talet som visast vere 1.

Sjekkliste

for (let indeks = 0; indeks <= 9; indeks++) {
    basic.showNumber(indeks + 1)
}

Steg 4: Telje nedover

Indeks aukar med 1 for kvar runde i løkka, men med matematikk kan me få koden til å telje nedover likevel.

for (let indeks = 0; indeks <= 9; indeks++) {
    basic.showNumber(9 - indeks)
}

Utfordringar