PXT: Tel med løkker
Introduksjon
I denne oppgåva skal me få micro:bit-en til å telje både oppover og nedover med løkker.
Steg 1: Lag ei løkke
Sjekkliste
Steg 2: Start å telje
Sjekkliste
for (let indeks = 0; indeks <= 5; indeks++) {
basic.showNumber(indeks)
}
Ei løkke køyrer koden som står inni fleire gonger. Det som gjer for-løkka nyttig
er at variabelen indeks får ein ny verdi kvar gong. Den
fyrste løkka som vert køyrt har indeks lik 0. Når den
viser talet som heiter indeks viser den altså talet 0.
Så køyrer den løkka ein gong til, men no er verdien endra til 1, så den
viser talet 1 i staden. Slik fortset den å køyre løkka for indeks
= 2, indeks = 3, indeks = 4 og
indeks = 5. Då stoppar den, sidan me har sagt at den berre
skal gjenta seg sjølv for indeksverdiar frå 0 til 5.
Steg 3: Endre indeks
Indeks startar på 0, men viss me viser talet
indeks+1 i staden, vil det fyrste talet som visast vere 1.
Sjekkliste
for (let indeks = 0; indeks <= 9; indeks++) {
basic.showNumber(indeks + 1)
}
Steg 4: Telje nedover
Indeks aukar med 1 for kvar runde i løkka, men med
matematikk kan me få koden til å telje nedover likevel.
for (let indeks = 0; indeks <= 9; indeks++) {
basic.showNumber(9 - indeks)
}