Nivå 2PXT: Tel med knappar

Til lærerveiledningenOgså på:Bokmål

Åpne på mobilen

Skann koden med kameraet på mobilen. Avkrysningene dine blir med.

Introduksjon

I denne oppgåva skal me få micro:bit-en til å telje både oppover og nedover ved å trykkje på knappane A og B.

Steg 1: Lage ein variabel

Før me startar å telje må me finne ein måte for micro:bit-en å hugse talet me har kome til. Viss me ikkje gjer det, så vil den gløyme kor langt me har kome!

Sjekkliste

Ser du at det dukka opp ein raud kloss som heiter Tal? Den har du laga! I denne klossen skal me lagre talet me har kome til i teljinga. Den kallast ein variabel fordi me kan variere kva tal me lagrar i den.

let Tall = 0

Når programmet startar blir talet 0 lagra i variabelen Tal.

Steg 2: Teljing

No er det på tide å byrje å telje. Når me trykkar på knappen A ynskjer me å auke verdien i Tal med éin. Slik kan me telje oppover kvar gong me trykkar på knappen.

  • input.onButtonPressed(Button.A, function () {
        Tall += 1
    })
    

Når knapp A vert trykt-klossen finn du i menyen under Inndata. Endre variabel med 1-klossen finn du i Variablar. Hugs å endre variabel til Tal.

Steg 3: Vis tal

Men me ser jo ingenting! Det er fordi me ikkje har bedt programmet om å faktisk vise oss verdien av Tal. Den eksisterer, men er usynleg for oss.

Hugs at du finn Tal-klossen i Variablar.

Steg 4: Siste bit

input.onButtonPressed(Button.B, function () {
    Tall += -1
    basic.showNumber(Tall)
})

Å endre Tal med -1 tyder at verdien av Tal minkar med 1 kvar gong me trykkar på B.

Test prosjektet

Utfordring

input.onGesture(Gesture.Shake, function () {
    Tall = 0
})